Listerkommunene kan bli splitta

I dag består Lister-regionen av seks kommunar. I desember kan vi få svaret på om listerkommunane blir splitta.

Laster kart, vennligst vent...

Dei seks kommunane som i dag utgjer Lister kan om nokre år vere historie.

I desember skal Lindesnes halde ei folkeavstemming der dei skal ta stilling til kva kommunar dei vil slå seg saman med. Seier dei ja til Lyngdal, kan listerkommunane bli splitta.

I ei marknadsundersøking tidlegare i år kom det fram at folket ville slå seg saman med Lyngdal.

Men politikarane i kommunen vil heller slå seg saman med Mandal.

Vil til Lindesnes

Lyngdal sine innbyggjarar har sagt at dei vil slå seg saman med Audnedal, Hægebostad og Lindesnes.

Samstundes har Farsund inngått ei avtale om utvida samarbeid med Flekkefjord og Kvinesdal.

Ordførar i Farsund, Arnt Abrahamsen, meiner lyngdølane har gjort eit spesielt val når dei ikkje ser mot hans kommune.

– Sjølvsagt synest eg det er merkeleg. Farsund og Lyngdal har så tette band, difor burde vi nok ha tatt litt meir til vet og diskutert dette litt grundigare, seier han.

Abrahamsen er ikkje så optimistisk når det gjeld å få lyngdølane med Flekkefjord, Kvinesdal og Farsund.

– Om det er reelt er eg litt usikker på, det er jo nokså sprikande viktige punkt som må på plass. Eigedomsskatten veg jo tungt blant anna for Lyngdal.

Trur ikkje Lindesnes seier nei til Lyngdal

Jan Kristensen

Ordførar i Lyngdal, Jan Kristensen, trur ikkje innbyggjarane i Lindenes vil seie nei til Lyngdal.

Foto: Lars Eie / NRK

Sirdal kommune har førebels valt å stå åleine, etter at samarbeidet med fjellkommunane Bykle, Valle, Bygland og Vinje vart avblåst.

Ordførar i Lyngdal, Jan Kristensen, seier han trur innbyggjarane i Lindesnes kjem til å seie ja til ei samanslåing med Lyngdal, Hægebostad og Audnedal.

– Eg kan ikkje tenkje meg at innbyggjarane i Lindesnes seier nei til Lyngdal. Men vi må nok ta realiteten når den kjem den 6. og 7. desember.

Folkeavstemming i desember

Innbyggjarane i Lindesnes har tidlegare uttrykt eit ønskje om å gå til Lyngdal, medan politikarane vil til Mandal. I desember skal befolkninga i Lindesnes seie sitt i ei folkeavstemming.

Kristensen seier det kunne vore naturleg å samarbeide med Listerkommunane slik dei gjer i dag.

– Det kan godt vere at det må sjåast på i neste omgang, viss det blir nokon neste omgang. Men vi hadde dette oppe på møte 25. juni i år, og der blei det sagt frå kommunestyret at dei ønskjer å gå vidare med dei to alternativa Lyngdal 3 og Lyngdal 4, og då blei alternativet Lister 5 ikkje aktuelt.

Dermed kan kommunekartet sjå slik ut:

Kvinesdal, Farsund og Flekkefjord kan bli ein kommune.

Lyngdal, Hægebostad, Audnedal og Lindesnes kan bli ein annan kommune, medan Sirdal førebels står åleine.