– Vi kjem til å halde fram med å jobbe for det som er rett. Det er at Faizullah skal heim og denne gangen skal saka hans bli behandla grundig og skikkeleg i Norge, seier Morten Ekedal.
Han ein god ven av tolken og leiar støttegruppa i Mandal. Det var også han som filma pågripelsen av Muradi natt til tysdag.
- Sjå: Alt om kamptolk-saka
Statsministeren ba om ny vurdering
– Eg er innmari glad for at eg gjorde det. Det trur eg kan ha vore med på å påverke opinionen i saka. Folk har fått sjå kva som faktisk skjedde og kva som skjer i mange liknande saker, seier Ekedal.
Onsdag kveld kom meldinga han hadde håpa på. Statsminister Erna Solberg snur og ber om ny vurdering av asylsaka til Muradi.
– Norge er opptekne av at dei som gjer teneste for norske styrkjer i utlandet, skal behandlast på ein god måte, sa Solberg til NTB.
Justisminister Anders Anundsen (Frp) uttrykte at han var einig med Solberg.
– Vi vil gå gjennom den etablerte praksisen i slike saker og føreta dei vurderingane statsministeren har teke initiativ til. Eg tek sikte på at gjennomgangen skal skje så raskt som råd, sa Anundsen.
– Vi har jobba knallhardt
– Det er bra at regjeringa har snudd. Det betyr at dei har sett det alvorlege i saka. No håpar eg dei følgjer opp med det som er det rette, og det er å få Faizullah heim, seier Ekedal.
Han vedgår at det har vore ei tøff tid også for støttegruppa i Mandal.
– Det har vore nokre tøffe veker. Vi har jobba knallhardt for at det som skjedde natt til tysdag ikkje skulle skje, nemleg at han vart deportert, seier han.
I eit intervju med NRK.no onsdag kveld gav Muradi uttrykk for at han var glad for at statsministeren ber om ei ny vurdering.
– Eg er veldig glad. Men eg veit at det ikkje er nokon garanti for at eg får komme tilbake til Norge, sa han.
Fryktar represalier frå Taliban
Den afghanske tolken jobba for norske styrker i Afghanistan og måtte flykte frå heimlandet grunna frykt for represalier frå Taliban.
Muradi flykta til Italia før han seinare kom til Norge.
Norske styresmakter har argumentert med at det er Italia som skal behandle asylsøknaden hans fordi det var der han kom først.