Turid Vange
Foto: Oddmund Haugen / NRK

Finst det ei framtid for Turid?

VIK I SOGN (NRK): Spør du klimaforskarane kva du kan gjere for å bli meir klimavenleg, er svaret: Et mindre kjøt. Kva då med bonden?

Vi er 800 meter over havet, og lyden av krystallklårt fjellvatn som sildrar i bekken er det einaste vi høyrer.

Snødekte fjelltoppar og grøne enger. Jordalen er ein dal med mektige nutar på alle kantar, på grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Her har 33 år gamle Turid Vange vore kvar einaste sommar heile livet. Kyrne hennar har fjellbeite her tre månadar kvart år, og som bøndene i generasjonane før ho brukar Turid mykje tid med dyra i utmarka.

– Å vere bonde er ein livsstil, og det er å leve i pakt med naturen, seier ho.

Kyrne, elva, fjella. Alt er så vakkert at Freia har valt å spele inn ein nasjonalromantisk reklamefilm her.

Ein norsk idyll og ein miljøvenleg måte å leve på, har Vange alltid tenkt.

I det siste har ho likevel vorte peika ut som ein klimaversting.

Turid Vange produserer nemleg kjøt.

Frå småbruk til veganar

I ei trendy leilegheit i sentrum av Trondheim kuttar Marius Korsnes søtpotet og koker kikerter.

Han gjer klar dagens lunsj, og som alle andre måltid han et, er det heilt utan kjøt.

Marius Korsnes

ELSKAR KIKERTER: Marius Korsnes meiner kikerter er ein av dei beste erstatninga til kjøt.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Men sjølv om Marius bur midt i storbyen, er også han tett knytt til landbruket.

Han kjem frå ein liten gard på Kvamsøya på Sunnmøre. Han har vore med på å slakte sau, og han seier at han elskar smaken av kjøt.

Likevel er han veganar.

– Då eg lærte meir om dei klimautsleppa som landbruket står bak, gjekk det opp for meg at det ikkje er etisk forsvarleg å ete så mykje kjøt som vi gjer i Noreg.

Har satsa alt på å bli bonde

Tilbake frå fjellet og heime i fjøsen i Vik. Fjøskatten Audun slappar av i vindaugskarmen, medan bonden måkar skit og småpratar med kyrne. Turid Vange kjenner personlegdomen til alle dyra sine og treng ikkje sjå lenge på ei ku før ho veit kven ho har med å gjere.

Vange har studert fleire stader i landet og budd mange år heimanfrå. Likevel var ho etter kvart ikkje i tvil om at det var dette ho ville.

Ho flytta heim, og fekk seg både agronomutdanning, mann og to ungar. No er ho heiltidsbonde.

Sakte har ho merka at ein ny trend er i ferd med å spreie seg. Folk seier at dei skal bli veganarar og vegetarianarar. Klimaforskarar seier at folk må kutte kraftig ned på forbruket av kjøt.

For berre nokre veker sidan slo klimapanelet i FN alarm: Dei meiner vi må ete mindre kjøt. Dei meiner at kjøtproduksjon er ein av dei viktigaste grunnane til at klimaet endrar seg.

Bonden blir merkbart brydd når ho blir konfrontert med det.

– Eg respekterer at nokre vel å ikkje eta kjøt, men vert oppgitt når dei seier dei ikkje et kjøt på grunn av klima. Korleis kan dette ikkje vere ein berekraftig måte å produsere mat på?

I den vesle sognekommunen Vik er landbruket ein livsnerve i samfunnet. Kvar tredje innbyggjar bur på ein gard.

Kva er det som er så farleg med å ete kjøt?

Turid Vange

LIKAR SEG I FJØSEN: Turid Vange er mange timar i fjøsen kvar einaste dag, og ho kjenner dyra sine godt.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Den farlege rapen

Kjøtproduksjon står for rundt 11–14 prosent av alle klimautsleppa i verda. Og då er traktoreksos og aggregatdiesel til å varme opp fjøsa medrekna.

Dei største utsleppa kjem likevel frå sau og kyr som rapar ut klimagassen metan når graset blir fordøydd i magane.

Gras er vanskeleg å melte, og det er denne fordøyinga hos kyr og sauer som produserer metan.

Mange dyr gjer det same, som sjiraffar og hjortar. Men medan det finst rundt 100.000 sjiraffar i verda, er det ein milliard sau og halvannan milliard kyr.

Til saman står dei altså for ein stor del av klimagassutsleppa i verda, og faktisk meir enn både flyreiser, biltransport og skipstrafikk. I Noreg står landbruket for rundt 8 prosent av dei totale klimagassutsleppa, fire gonger meir enn flytrafikken her i landet.

Norske klimagassutslepp

– Norsk kjøt er ikkje betre enn anna kjøt

Reddikar, lauk, kålrot, tomatar.

I ein kolonihage sentralt i Oslo går klimaforskaren Bob von Oort rundt og leitar etter grønsaker i vekstkassar og langs husveggar.

Midt i hovudstaden er det mange som prøvar seg fram, den norske sommaren er kort, men det er ganske mykje forskjellig som overlever vinteren.

Nederlendaren von Oort er heilt overtydd om at det er desse vekstane som skal redde verda.

Bob von Oort

HAR TRUA PÅ GRØNSAKER: Bob von Oort har trua på at det er mogleg å dyrke meir grønsaker i Noreg enn det vi gjer i dag.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Mange nordmenn har eit bilete av at norsk landbruk er reinare eller meir miljøvenleg enn i andre land, men i eit klimaperspektiv stemmer ikkje det.

Von Oort arbeider ved klimaforskingssenteret CICERO i Oslo, og han er ikkje nådig.

Klimapanelet i FN trur at planeten vår vil oppleve øydeleggjande klimaforandringar og enorme flyktningstraumar om vi ikkje kuttar utsleppa drastisk.

Von Oort trur det er heilt umogleg å få det til utan å ete mindre raudt kjøt.

– Nordmenn fornektar og trur dei kan halde fram som før med å ete kjøt og drive kjøtproduksjon, men det stemmer ikkje, seier von Oort.

Forskaren meiner at bønner, linser og grønsaker er det som må erstatte kjøtet i kosthaldet vårt. Mange av desse vekstane inneheld like mykje protein og anna viktig næringsinnhald som kjøt.

Men i dag et kvar einaste nordmenn meir enn 50 kilo raudt kjøt i året. Er det realistisk at dei skal slutte med det?

– Kjøt er berre ei vanesak

I Marius Korsnes si leilegheit i Trondheim er middagen klar, og kikertene og søtpoteten har fått selskap av ein sprøsteikt soyaschnitzel.

Veganaren tykkjer ikkje at det har vore vanskeleg å finne på rettar å lage til middag, etter at han slutta med å ete kjøt.

– Å kutta ut kjøtet har vore mykje enklare enn eg trudde. Det er eigentleg ei vanesak, seier Korsnes.

Marius Korsnes

NØGD: Marius Korsnes er nøgd med livet som veganar, og saknar ikkje kjøt noko særleg.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

No har han avgrensa seg til å berre ete kjøt ein gong i året, på julaftan.

– Det har ikkje vore vanleg å ete kjøt kvar dag. For ganske kort tid sidan, så åt nordmenn kanskje kjøt nokre gonger i månaden, og likevel trur folk no at det ikkje er mogleg å leve utan.

Korsnes ser føre seg at dette er ei utvikling som kjem til å presse seg fram, at i tida framover vil stadig fleire erstatte kjøt med grønsaker.

Klimaforskar Bob von Oort er einig, og han meiner at det må konsekvensar for det norske landbruket.

Han meiner at bønner og linser frå Latin-Amerika er betre enn raudt kjøt frå Noreg, men at desse belgfruktene helst skulle ha blitt dyrka her i landet.

– Det norske landbruket får 15 milliardar kroner av staten kvart år for å gå i null. Vi kan jo bruke dei pengane til å omstille landbruket til å dyrke grønsaker og belgfrukter i staden for kjøt, seier von Oort.

Bob von Oort

PLANTAR I BYEN: Bob von Oort syner fram nye metodar å dyrke plantar utan jord, på CICERO i Oslo.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRk

Han viser til at landbruket har omstilt seg mange gonger før, og at det ikkje er noko i vegen for å leggje om til meir grønsaksdyrking også på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Er det riktig klima for ein slik produksjon på Vestlandet, då?

– Ja, veldig mykje kan du dyrke heilt fint ute på Vestlandet i dag. Og med drivhus kan du jo produsere kva du vil.

– Men folk likar kjøt og har ikkje lyst til å erstatte det med grønsaker?

– Å gjere noko med dei klimaendringane som allereie skjer rundt oss, er viktigare enn kva folk likar å ete, seier von Oort bestemt.

– Vi kan ikkje leve av grønsaker

Men om folk skal ha vegetarburger i staden for biff, trur ikkje Turid Vange at ho har noko framtid.

– Vi kan ikkje leve av å lage grønsaker på alt dyrkbare arealet her, det er heilt urealistisk. Klimaet og landskapet er ikkje skapt for noko anna enn den måten vi har drive gard her i hundrevis av år.

Turid elskar livet i lag med dyra sine, og ho har ikkje tenkt å finne seg noko anna å gjere.

Ho må finne ei løysing som gjer at ho kan bli meir klimavenleg, samstundes som ho kan halde fram med ein måte å drive garden på som ho kan stå inne for.

Heldigvis for Turid finst det nokre som har trua på ho og andre kjøtprodusentar.

Forskarar som jobbar med biokål på NMBU på Ås

I EIN TIDLEG FASE: Forskinga på biokol ved universitetet på Ås er framleis i ein tidleg fase.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Gløder opp av kol

Det durar i vifter og maskinar nede i kjellaren på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås. To forskarar med lange lab-frakkar og briller står i djup konsentrasjon.

Dei kvite hanskane deira er svarte av kol.

Dei meiner at dei kan ha funne løysinga som kan gjere norsk kjøtproduksjon klimavenleg.

Alice Budai ved NMBU gløder opp når ho fortel om biokol. Ho meiner oppriktig at kolet kan vere redninga for norsk landbruk.

Det ser ikkje så veldig imponerande ut, det liknar eigentleg på vanleg grillkol.

Men forskarane meiner at kolet kan gjere dramatiske kutt i utsleppa frå landbruket.

– Eg vil ikkje at bonden skal vere skurken i forteljinga, eg vil at han skal vere helten, seier Budai.

Det er tre grunnar til at forskarane meiner biokol kan ha stor effekt. Når gamle planterestar og trevirke ligg og rotnar, slepper det ut enorme mengder Co2. Ved å i staden lage biokol av desse restane, reduserer ein difor klimagassutsleppa.

Den andre grunnen er at graset veks betre når det blir pløgd biokol ned i jorda, og den tredje er at dyra rapar ut mindre metan når det blir tilsett litt biokol i foret deira.

– Forskinga på biokol er framleis berre så vidt kome i gang, men vi har sett resultat som syner at når dyra får kol inn i foret sitt, kan det gjere store kutt i utsleppet av metan, seier forskar Alice Budai.

Det er mykje bøndene kan gjere, og som dei har tenkt å gjere i åra framover. Elektriske traktorar, solcellepanel på fjøsane, byggje nye bygningar i tre, gjødsle på nye og smartare måtar.

Forskarane på Ås trur likevel at ei satsing på biokol kan vere meir effektivt enn alle desse andre tiltaka.

– Om alt slår til med så positive verknader som vi trur, kan biokol redusere co₂-utsleppa frå eit gardsbruk med rundt 50 prosent.

Men er det nok?

Biokol på NMBU på Ås

STOR EFFEKT: forskarane trur biokol kan ha stor effekt på utsleppa frå landbruket.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Klimaforskar Bob von Oort trur ikkje det. Han tykkjer det er flott om landbruket set i gang tiltak som vil kutte utsleppa av klimagassar, men han trur framleis det grunnleggjande er at vi må ete mindre kjøt.

– Uansett kva slags tiltak landbruket set i gang, så trur eg ikkje du vil klare å kvitte deg med dei enorme utsleppa. Den logiske løysinga er å ete mykje mindre kjøt.

Men Turid Vange har fått trua på framtida.

– Kjøt er næringsrikt og smakar godt. Graset som veks på fjella rundt her blir omdanna til protein og kaloriar, men kan ikkje bli brukt til noko anna. Dyra mine går ute nesten halve året, dei har det bra. Eg trur det er ei framtid for bonden dersom vi no klarer å omstille oss.

Slik har forfedrane hennar drive med matproduksjon på den same garden i fleire hundre år, det verkar på ho nærast naturstridig at det skal vere noko gale å halde fram med denne måten å leve på.

Ho kjem aldri til å få dårleg samvit for at ho er bonde og kjøtprodusent.

– Vi er ein del av eit kretsløp, vi er i samspel med naturen. Vi produserer mjølk og kjøt på same dyret, vi har friske dyr som beitar og held kulturlandskapet ope og attgroinga i sjakk. Den grøne enga og jorda vi held i hevd, lagrar karbon.

Men etter at NRK først tok kontakt med Vange har ho innsett at det var mykje ho ikkje hadde tenkt over rundt klimautsleppa som kjem frå kjøtproduksjonen hennar.

Turid Vange

HAR FÅTT TRUA: Turid Vange vart først irritert av det nye fokuset på landbruk og klima, men no har ho fått trua på framtida.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ho vil gjerne at matproduksjonen på Vange i Vik kan bli ein del av løysinga på klimaproblemet.

– Vi bønder kan jo ikkje setje oss på bakbeina. Vi merkar jo endringar i ver og vind på kroppen, sjølvsagt må vi vere med på å kutte klimagassutsleppa i verda. Men då er det viktig at vi får klare signal om kva vi skal gjere. Vi er jo ikkje ekspertar på klima og miljø, så nokon må fortelje oss kva vi skal gjere.

Det er ikkje ofte familien Vange reiser på utanlandsferie med fly, og i det daglege er dei generelt opptekne av å leve på ein miljøvenleg og berekraftig måte.

Garden er økologisk og bonden sjølv har lenge vore oppteken av naturen og miljøet. No ber ho om å få litt tid, så trur ho det skal bli bra.

– Det er jo berre det siste året det har vore så sterkt fokus på dette med kjøtproduksjon og klima. Vi må jo få ein sjanse til å gjere noko med utsleppa våre, det er dumt om folk sluttar å ete kjøt før vi har fått prøve å bli meir klimavenlege.

Turid Vange
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Kjelder:

1: https://www.ipcc.ch/site/assets/uploads/2018/02/ipcc_wg3_ar5_chapter11.pdf

2: https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/klimagassutslipp-fra-jordbruk/