Hopp til innhold

Klimagassutsleppa frå landbruket går oppover

Nye tal frå SSB viser at utsleppa frå det norske landbruket aukar. Onsdag startar naturtoppmøtet i Montreal.

Bondegård på Reipå i Meløy.

OPP OG NED: Utslepp av klimagassar i Noreg var på 48,9 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i 2021. Det er ei nedgang på 0,7 prosent frå 2020, men i landbruket går utsleppa oppover.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

I 2019 vart det norske landbruket med på ein frivillig klimaavtale med staten der intensjonen er å redusere utsleppa med 20 prosent.

Eller i absolutte tal: Klimagassutsleppa frå landbruket skal ned med 5 millionar CO2-ekvivalentar
innan 2030.

Men målet er langt unna, og dei siste to åra har avstanden berre vorte større.

For jordbruket var det ein auke i utsleppa i 2021 på 1,2 prosent samanlikna med 2020.

Auken skuldast i hovudsak fleire mjølke- og ammekyr, og auk sal av mineralgjødsel. Det viser nye tal frå SSB.

På same tid har klimasamarbeidet mellom Bondelaget og Småbrukarlaget slått sprekkar.

Kjernen i striden er den såkalla klimakalkulatoren, som Småbrukarlaget ikkje lenger vil vere med på.

– Eg vil prioritere at bonden får like god økonomi som andre grupper. Innan det vil ikkje klimaarbeidet få auka prioritering, varsla den nye leiaren i Småbrukarlaget, Tor Jacob Solberg, i oktober.

Olaug Bollestad (KrF)

I 2019 vart landbruket med på ein frivillig klimaavtale om å kutte utsleppa med 20 prosent. Olaug Bollestad (KrF) var den gongen landbruksminister.

Foto: Vidar Ruud / NTB

I dag er klimapolitikk eit «valfag» i landbruket

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, har forståing for at utsleppskutt i landbruket tek tid og at tiltak er dyre, men ynskjer seg ei «meir framoverlent næring».

Heilt konkret etterlyser han to ting:

  1. Ein umiddelbar «løyperapport» frå landbruket på korleis det står til med utsleppskutta dei har forplikta seg til innan 2030.
  2. Ein forpliktande avtale med norsk landbruk, der dei ikkje lenger er «på sida» av norsk klimapolitikk, men er ein integrert del av den samla klimapolitikken.

I dag er klimapolitikk eit «valfag» for norsk landbruk. Tida er inne for at det blir eit obligatorisk fag, og at landbruket kjem inn som ein sjølvsagd del av klimaomstillinga, seier Bjørlo.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, svarer at dei alt rapporterer på korleis det står til med klimaarbeidet, og at det er viktig å ha med seg at landbruket er vesensforskjellig frå andre næringar.

Størsteparten av utsleppa frå jordbruket kjem frå ein biologisk prosess. Det er heilt annleis å kutte utslepp frå kua enn å byte ut ein fossil motor med ein elektrisk motor. (Sjå heile svaret under).

Espen Barth Eide i pressemøte sammen med klimaministerne fra Canada og New Zealand på COP27, Egypt.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) reiser til Montreal for å delta på høgnivå-delen av naturtoppmøtet COP15 seinare i desember.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Den som lener seg for mykje framover går på trynet

Onsdag går startskotet for den 15. FN-konferansen om biologisk mangfald (COP15). Målet er å få på plass «ein historisk avtale» på nivå med Parisavtalen frå 2015.

Landbruk har i forkant av møtet vore peka på som «ein av fem sentrale drivarar for naturtap».

Direktør i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, Bjørn-Ola Juul-Hansen, avviser påstanden om at landbrukssektoren ikkje er «framoverlent nok»:

Den som lener seg for mykje framover går på trynet, seier han.

Han viser til at landbruket må handle innanfor eit «æveperspektiv».

Då må vi ha fokus på å gjere ein jobb. Ikkje på å vere med i ein popularitetskonkurranse om å seie dei «rette» klimatinga.

Den frivillige klimaavtalen for jordbruket er i dag delt i to: Jordbruket har ansvar for tiltak på garden, medan staten har ansvar for matsvinn og kosthald.

– Klimaavtalen er ambisiøs. Så ambisiøs at det er tvilsamt om jordbruket vil klare å innfri han, seier Klaus Mittenzwei.

Han er seniorforskar i Ruralis (Institutt for rural- og regionalforsking). I eit nyleg avslutta forskingsprosjekt har instituttet gjort berekningar som viser at det kostar fem gonger så mykje å få like stor klimavinst i landbruket som i transportsektoren.

Det er derfor naturleg at jordbruk har lågare krav til utsleppsreduksjon enn transport og byggjenæringa. Om dei likevel kunne vore meir framoverlente? Tja, kanskje. Det er nok ein tendens til at dei i litt for stor grad klamrar seg til ein klimaavtale dei ikkje kan innfri.

Sauegården til Arnt-Ole Pedersen

Parisavtalen forpliktar landa i verda til å avgrense temperaturstigninga på jorda til mindre enn 2 grader – aller helst 1,5 grad. Målet er å hindre at oppvarminga gjer uoppretteleg skade.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Nye målingar viser rekordmykje metan over Noreg

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner avtalen med landbruket inneheld for få konkrete tiltak, og ikkje er eigna til å sikre at landbruket tek sin del av Noregs klimakutt.

Særleg ettersom redusert kjøttforbruk ikkje vart inkludert i avtalen. Det trengst reell omstilling også i landbruket for å få Noreg klimanøytralt. Her har landbruket mykje å bidra med, gjennom betre metodar, meir skogvern, biogass, solenergi og mindre bruk av soya.

Nye målingar i november viser rekordmykje metan over Noreg. Blant dei største utsleppskjeldene er utslepp frå våtmarker (grøfting av myr) og utslepp frå drøvtyggjarar.

Bob van Oort er seniorforskar ved Cicero (Senter for klimaforsking). Til NRK seier han at det «blir brukte mange vedtekne sanningar i landbrukssektoren for å unngå endringar i produksjon».

Det ser ikkje ut som sektoren klarer å satse nok her. Det er klart at nokre stader er det utfordringar i klima, terreng eller jordforhold, men det er også klart at det er fleire moglegheiter innan produksjon og innovasjon enn det sektoren tek i bruk.

Han legg til:

Eit meir framoverlent jordbruk kan gjere mykje meir for å redusere utsleppa. Men det må leggjast til rette for det.