Petter Braaten

PÅ LEITING: Petter Braaten i Nordfjella.

Foto: Håvard Nesbø

Bøddelen i Nordfjella

Helikopteret heng over villreinflokken. Om bord sit staten med gevær. Petter Braaten skal ikkje gi seg før alle er skotne.

November 2017: Breistølen på Hemsedalsfjellet

Nordfjella er dekt av nysnø. Perfekt for å finne dyrespor.

Det enorme fjellandskapet har vore heimen til store flokkar med villrein i 10.000 år.

Dei neste månadane skal staten gjere alt for å utrydde dei.

Petter Braaten skal leie fellingslaget. Dei har skaffa snøskuterar og helikopter. Det blir rått parti mot ville dyr.

– Eg har vener som ikkje snakkar så mykje meir med meg. Eg er bøddelen då. Han som skal forsvare dette her. Det er vanskeleg å takle, det skal eg innrømme.

Aldri før har vi tenkt tanken på å gjere noko slikt her til lands.

– Det å utrydde over 2000 reinsdyr er berre trist. Men det hadde vore endå tristare om sjukdomen fekk spreie seg.

Kor sikre er de på å få tak i alle?

– Det er vanskeleg å seie. Ein ting som er sikkert er at dette er usikkert.

Det heile starta tilfeldig. Eit og eit halvt år tidlegare.

Petter Braaten

LEIAR JAKTA: Petter Braaten i Statens naturoppsyn

Foto: Håvard Nesbø

Mars 2016: Det sjuke dyret på fjellet

Simla ligg åleine i snøen. Føtene går ukontrollert. Kroppen ristar. Tre menn nærmar seg forsiktig.

– Kva i helsike er dette?

Denne solfylte dagen i Nordfjella er viltnemnda på jobb for å merke villrein.

Frå lufta skyt ein veterinær ei bedøvingspil mot ein flyktande reinflokk. Han bommar. Rutinen er å lande og leite etter pila.

Nokre meter unna landingsplassen ser dei simla i snøen. Beina sparkar og sparkar.

Dei går bort til ho, snur det vesle dyret rundt for å undersøke. Så døyr ho framfor auga deira.

Dei har aldri sett noko slikt.

Skrantesjuk simle

OPPDAGINGA: Simla døydde like etter at mennene oppdaga ho.

Foto: Lars Nesse

17. mars 2016: Veterinærinstituttet i Oslo

Simla frå Nordfjella skal undersøkast.

På laboratoriet tek seniorforskar Sylvie Benestad ut ein liten del av hjernestammen.

Målet er å teste mot ein sjukdom ho eigentleg ikkje ventar å finne. Men sidan han er så alvorleg, testar dei likevel.

Benestad lagar ei slags suppe av delen. Deretter bind dei til eit substrat som gir farge.

Dei negative prøvane har ingen farge. Dei positive er gule.

No lyser det gult.

– Eg mista rett og slett søvnen. I ganske mange netter, seier Benestad.

Simla døydde av smittsam skrantesjuke, ein av verdas mest frykta dyresjukdomar. No er den komen til Europa.

– Det er rett og slett eit mareritt. Det er den mest smittsame av sjukdomane. Har vi ein så har vi berre starten.

Sylvie Benestad

Forskarane veit godt kva skrantesjuke (Chronic Wasting Disease, CWD) er. Dei har sjukdomen i Canada og i Sør-Korea. I USA er CWD påvist i 25 statar, og talet veks.

Hjortedyr etter hjortedyr blir sjuke før dei døyr. Hjernen koplar ut. Dyra veit ikkje kor dei går. Dei kan ikkje ete.

Smitta går via bakken, eller via spytt, urin og avføring. Det er ikkje eit virus, bakterie eller parasitt.

Dette er det forskarane fryktar mest av alt. Ein smittsam prionsjukdom. Eit feilslått protein som hopar seg opp og skadar hjernen. Det er ein grufull sakte død.

Desse hjortedyra i USA er smitta av CWD. Sjukdomen spreiar seg sakte, men skremmande sikkert. (Foto: Terry Kreeger og CWD-Alliance)

Sjukdomen er uråd å stoppe om han får fotfeste. No er han komen til indrefileten av norsk natur.

Ved Norsk institutt for naturforsking (Nina) i Trondheim kjenner seniorforskar Bjørnar Ytrehus på alvoret.

– Den store skrekken er at skrantesjuka smittar til hjort, elg og rådyr. Lidande dyr vil bli normalt å sjå. Å ete viltkjøt vil bli noko anna. Det vil forandre naturen vår.

Eitt år etter er Mattilsynet, Veterinærinstituttet, og Vitskapskomiteen for mattryggleik samde. Regjeringa tek avgjerda om at villreinstammen skal utryddast.

Nordfjella villreinområde er delt i to soner med to ulike villreinstammar. Det er dei over 2000 dyra i den nordlege sone 1 som må døy.

Ingen tør love at dette er rett. Det kan vere for seint. Men ekspertane meiner det er dette vi kan stille opp med.

November 2017. Det siste halmstrået

Petter Braaten elskar å jakte. Vanlegvis handlar jakt om å ta vare på viltet, og om å ikkje hauste meir enn naudsynt. No skal han leie gjennomføringa av ei masseutrydding.

Braaten er ein diger mann. Høg og breiskuldra. Fast handtrykk, fast blikk og roleg veremåte.

51-åringen er tidlegare politi og har mange år på Svalbard. I 2009 starta han i Statens naturoppsyn.

Lite minner om jaktglede når jegerane gjer seg klare til den fyrste dagen i Nordfjella.

– Det blir ikkje veldig vakkert. Det gjer litt vondt i eit jegerhjarte å skulle gjere dette her, seier Braaten.

Totalt er det nær 1500 dyr igjen etter den vanlege jaktsesongen. Målet er å avlive alle desse innan 1. mai.

Oppdraget er midtvinters mellom bratte fjellsider frå 1000 til 1600 meter over havet.

Reinflokk Nordfjella

VILLREIN: Reinflokk i Nordfjella.

Foto: Petter Braaten / SNO

Jaktlaget må takle store snømengder og skredfare. Dårleg sikt. Vind og kulde. Jegerane får aldri jobbe åleine.

– Eg kjenner på ansvaret. Denne vinteren kan bli veldig krevjande.

Det var sjefen i Trondheim som på ein fredag ringde han om oppdraget.

– Kverna gjekk den helga. Å berre skyte dei for å drepe dei. Det er ein ganske ekstrem situasjon for ein som er vant med vanleg jakt for å hauste mat.

Førebuingane har vore bråkete.

Fortvila bygdefolk sørger over tapet. Natur- og dyrevernarar trugar med aksjonar. Andre blir aggressive på nettet.

Braaten har prøvd å svare. Av og til skriv folk ting som er støytande.

For to år sidan skjedde det ei ulukke. Han blei påkøyrt av eit godstog på Finse stasjon.

– Eg var nær på å bli drepen. Når nokon antydar at det hadde vore like greitt at ulukka fekk eit anna utfall, går det litt over streken.

Nokre kallar det dyremishandling og ei rasering av naturen. Miljøvernaren Kurt Oddekalv arrangerer folkemøte. Jenny Rolness i «Dyrenes Røst» melder Mattilsynet til politiet.

De burde ha kasta styresmaktene ut av dalen dykkar for lenge sidan

Kurt Oddekalv, folkemøte i Lærdal 20.nov. 2017

Det som overtyder Braaten er moglegheita til å stogge sjukdomen.

– Eg har tru på at alt dette er naudsynt. Hadde eg ikkje hatt det, så kunne eg ikkje leia arbeidet.

Ingen veit om dei greier å finne alle dyra.

Jaktlaget er på 30 personar, alle menn. Dei er igjen delt opp i tre timannslag som jobbar ei veke på, to veker av. Jegerane går saman i tomannspatruljar.

Nokre har meldt seg frivillig, andre er blitt spurt. Det er ei blanding av politifolk, oppsynsfolk og røynde jegerar. Eit av krava er å vere god skyttar.

Skrantesjuke områdekart

Enkelte fryktar at det alt er for seint å stoppe sjukdomen.

– Lat oss seie det spreier seg fordi vi ikkje gjorde noko. Kva når det spreier seg ut av landet? Å avlive villreinflokken i Nordfjella er halmstrået vi har å halde oss til, seier Braaten.

Januar 2018: – Når dyra er slitne må vi stoppe

Dagane er korte midtvinters. I løpet av dei få lyse timane prøvar jegerane å finne reinen.

Vinterstormane herjar. Terrenget er ugjestmildt. Fleire dagar må dei la vere å jakte. Jegerane kjenner presset.

Om dei ikkje blir ferdige før våren, finst det ein siste utveg. Ei løysing Petter Braaten ikkje ynskjer.

Planen er då å prøve å drive dei ville dyra gjennom fjella. Trenge dei innover i eit dalføre. Stenge dei inne i ei innhegning. Avlive dei.

– Ingen kan vite kva som skjer om dei i det heile tatt kjem innom gjerdet. Om dei får panikk. Klatrar på kvarandre.

Villreinjakt i Nordfjella

VILLREINJAKT: Jaktlag i Nordfjella i januar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mange gonger nærmar dei seg flokkar utan å kome på skothald. Vinden kan kome uventa. Det gjer at dyra lettare får ferten av folk.

– I april startar simlene å utvikle fosteret. Skrekken er at dei blir så redde at dei aborterer. Eller at vi må avlive småkalvar, seier Petter Braaten.

Inne blant fjella går ein flokk på vel 50 dyr. På veg vestover i vintersol og stiv kuling, alltid på leiting etter mat.

Jegerane følgjer med trekkruta, i bakkant og i rett vindretning.

Kunsten er å stanse skuteren i tide. Deretter liste seg fram.

Jegerane brukar lyddempar for at dyra ikkje skal bli like lett skremde. Dermed kan dei skyte fleire skot.

Slik blir også dyr nummer 734 avliva, når flokken kjem ligg jegerane klare.

– Det er rått parti sidan vi har snøskuter og helikopter.

Somme tider merkar jegerane at dyra ikkje flyktar like langt.

– Dyra blir slitne. Vi har ofte måtte gi oss, fordi vi ikkje har samvit til å jage på dei lenger. Det er vanskeleg å seie om vi har avliva dei på beste måten. Eg trur vi har gjort det.

I ettermiddagssola kjem helikopteret med eit nytt lass daude reinsdyr dinglande under seg.

Det liknar på ein katastrofefilm. Midt i høgfjellet står det ein grå plasthall. Utanfor heng skilta om inngang forbode. På grunn av smittsam dyresjukdom.

Ein traktor lempar skrottane inn i hallen. Åtte menn i kvite plastfrakkar tek prøvar av kvart einaste dyr. Ein brutal jobb.

– I den grad noko ikkje er å sjå fram mot i dette prosjektet, er det kanskje dette som verkar mest grisete, seier Braaten.

Det er ikkje tid til å behandle friske dyr som menneskemat.

Dyr som ikkje har smitte blir lagt i konteinarar og frakta til destruksjon. Skrottar med smitte blir sendt til Veterinærinstituttet.

Døde reinsdyr Nordfjella

ETTERPÅ: Slik enda villreinen i Nordfjella.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Arbeidet gjer noko med den erfarne naturoppsynsmannen.

– Eg må nesten fortelje det. Rett før jul hadde eg skote ein haug med reinsdyr. Noko av det fyrste eg gjer når eg kjem heim, er å pakke sekken og reise på rådyrjakt.

– Kvifor det?

– Eg måtte få tilbake kjensla av kva som er ordentleg jakt. Å ta vare på viltet. Ta ut vomma. Behandle det skikkeleg. Det klarte eg, det gjekk bra, det.

Men Braaten ser også lys i tunnelen. Vêret og føret er betre enn venta. Det er ein effektiv vinter.

25. februar 2018: Den siste villreinflokken

Den siste kjende flokken tek Petter Braaten personleg ut frå helikopter.

23 dyr vest for isbreen Blåskavlen. Han har fem skot i magasinet. Helikopteret er berre fem til ti meter over dyra.

Braaten skyt med raudpunktsikte utan forstørring. Då kan han skyte med begge augo opne. Då er det lettare å treffe.

Alle dyra i flokken skal døy. Det er føresetnaden for å bruke helikopter.

Braaten skyt fem kjappe skot. Ladar om. Så er det fem nye. Slik held han på med heile flokken.

På 23 dyr brukar han 36 skot. Eitt eller to skot er regelrette bom. Så er det oppfølgingsskot. Til slutt er alle avliva.

– I ettertid synte det seg at ekstraskota ikkje var naudsynte. Men eg gjer det eg kan for at lidinga skal vere så kort som råd.

– Blir du litt herda etter kvart?

– Det er klart at den fyrste runden får du mange kjensler om at dette er tungt og vanskeleg å gjennomføre. Men etter kvart går klaffen ned, og det blir ein jobb.

Jegerane hadde rekna med 40 dagar med godt nok vintervêr til jakt. Det vart mange fleire. Den dagen dei skyt flest dyr, endar dei på 79 villreinar.

– Ja, dyra har vore stressa. Dei har blitt utsett for ubehag før avliving. Men trass alt har det gått raskt og innanfor den etiske standarden vi kan tillate oss i ein slik situasjon, seier Braaten.

Fellingslaget har gjort jobben. Marerittet om ei innhegning blir aldri noko av.

I alt avliva dei 1422 villrein, totalt har 18 villrein testa positivt for skrantesjuke sidan sjukdomen fyrst vart påvist.

Men kor lurt var eigentleg dette? Kor sikre kan ein vere på at katastrofen er avverja?

Ein turgåar med gjørme under fjellskoa

Framleis veit ingen om sjukdommen er vekk. Bjørnar Ytrehus i Nina seier vi kan håpe.

– Sikre kan vi ikkje vere, men det er mykje som er positivt. Vi fann få villreinar med skrantesjuke. Det kan bety at det er tidleg i eit utbrot.

Til saman er 40.000 hjortedyr sjekka for skrantesjuke dei siste to åra. Så langt utan å finne den smittsame varianten utanfor Nordfjella.

– Det er jo også roande.

I 2018 skal 30.000 hjortevilt testast. Det inkluderer også tamrein.

Truleg får vi aldri vite sikkert kvifor smitta kom til Nordfjella.

Skrantesjuka kan ha kome frå dei smitta områda i Nord-Amerika. Det kan ha vore så enkelt som ein tilfeldig turgåar med amerikansk gjørme under fjellskoa.

Eit enkeltdyr kan spontant ha fått sjukdomen. Om ein annan villrein fekk i seg sjuke prion frå denne eine, kan det ha skapt ein smittsam variant.

Ein siste teori er skrapesjukesmitte frå sau. Men forskarane meiner det er svært lite sannsynleg, fordi sjukdomane er såpass ulike.

– Eg trur mest på dei to fyrste teoriane, seier Ytrehus.

Februar 2018: – Nedturen kjem etterpå

Petter Braaten er heime på Geilo. Han har vore månader i fjellheimen, men tek seg likevel ein lang skitur. Den store nedskytinga er endeleg over, men dagane er grå.

– Du tek tilbake det oppsparte kjenslelivet. Det kjem med full tyngde.

Det er eit par-tre tøffe dagar.

Petter Braaten

OPPDRAGET OVER: Petter Braaten i Statens naturoppsyn

Foto: Håvard Nesbø

Braaten er gift, har to døtrer og er bestefar til tre gutar. Desse dagane er han heime med familien, snakkar med gode vener. Den tidlegare politimannen har vore gjennom stormar før.

– Eg har lært meg å handtere det, men du må vere klar over at desse tinga kjem.

Framleis reknar dei med å måtte avlive attlevande enkeltdyr.

Etterpå startar det som for Braaten er den verkelege jobben.

Eit nitid arbeid over år, der Nordfjella fyrst skal vere tomt for villrein i minst fem år. Etterpå skal området stå klart til å ta mot ein ny stamme.

– Eg kan dele draumen min. Når eg er pensjonist om femten år så er villreinen tilbake. Det skal vere så mange at vi kan hauste att. Den draumen tviheld eg på. Eg håpar og trur vi har gjort det rette.

NRK 1 har i vinter følgt villreinjakta i Nordfjella. TV-dokumentaren «Villreinens siste vinter» finn du ved å trykke på lenka.