Hopp til innhold

Volda snur blikket frå Ørsta mot Nordfjord

Med 19 mot 7 røyster vedtok Volda kommunestyre torsdag å godkjenne intensjonsavtalen som kommunen har inngått om samanslåing med Stryn og Hornindal.

E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane / Møre og Romsdal

VEGEN INN I STORKOMMUNE? Kvivstunnelen fører i dag inn i eit anna fylke. Dersom det går slik ordføraren i Hornindal håpar er du om ei tid i same kommune og same fylke når du kjem ut av tunnelen.

Foto: NRK

I tillegg vedtok kommunestyret å gjennomføre ei innbyggjarundersøking parallelt med Stryn og Hornindal.

I folkerøystinga for vel ei veke sidan sa over 60 prosent av innbyggjarane i både Ørsta og Volda nei til å slå seg saman. Difor ser no Volda sørover til dei to kommunane i indre Nordfjord.

Ordførar Jørgen Amdam (Ap) seier at dei i første omgang vil be innbyggjarane om råd i form av ei spørjeundersøking for å høyre om det er stemning for å gå saman med Stryn og Hornindal.

Jørgen Amdam

– REELT MED SAMANSLÅING: Ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det kan kome ei folkerøysting seinare, det har vi eit prinsippvedtak om i kommunestyret. Men det vi såg var at i Ørsta og Volda hadde vi under 50 prosent oppmøte, og vi kan vere redde for at ei ny folkerøysting no i ferietida kan vere problematisk.

Stort «uoffisielt» fleirtal

– Er det reelt for Volda å slå seg saman med Stryn og Hornindal?

– Ja, det er det. Og det var grunngjevinga til mange for å seie nei til Ørsta. Det var meir interessant å gå i retning av Stryn og Hornindal, syntest dei. Og avisa Møre har ei uoffisiell avrøysting på heimesida si, der er det overveldande fleirtal for Hornindal og Stryn.

Dersom det blir noko av ei samanslåing mellom den eine kommunen på Sunnmøre og dei to Nordfjord-kommunane melder det seg eit interessant spørsmål: Kven av dei skal over i eit anna fylke?

– Det reknar vi med blir løyst gjennom regionreforma, så vi har ikkje teke den diskusjonen. Det viktigaste for oss er å sjå den regionale utviklinga i samanheng.

Ordførar Amdam reknar med at spørsmålet om samanslåing med Stryn og Hornindal kan vere avklara 16. juni.

Stig Olav Lødemel

HÅPAR PÅ SAMANSLÅING: Ordførar Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ynskjer definitivt storkommune

I Hornindal synest ordførar Stig Olav Lødemel det er kjekt at dei brått synest svært så attraktive for Volda.

– Vi er veldig glade for det. For eg ynskjer definitivt ein storkommune med Volda og Stryn. Eg er styrka i trua på at vi kjem til å gjere det betre i lag enn kvar for oss.

– Men når Ørsta og Volda, som nesten har grodd i hop ikkje vil slå seg saman, korleis er det meir naturleg med ei trekommunesamanslåing?

– Eg kjenner ikkje historia til Ørsta og Volda så godt, men eg har inntrykk av at dei har noko uoppgjort. Det er vel det vi ser konsekvensane av når det vart nei. Men eg har registrert at det har blitt meir og meir positivt å sjå sørover.

Hornindal kommunestyre har for lengst sagt ja til intensjonsavtalen om samanslåing med Volda og Stryn. Fredag startar ei innbyggjarundersøking i kommunen om temaet.