Hopp til innhold

Vil ha Giske som partileiar

ÅRDAL (NRK): Trass i den omstridde dansevideoen blir Trond Giske omfamna i sentrale delar av Ap-bastionen Årdal. Der er han «deira mann».

Andreas Bakken, Ap-medlem og leiar i Årdal Kjemiske

HAR TILLIT: Andreas Bakken, leiar i Årdal Kjemiske, skildrar Trond Giske som «vår mann».

Foto: Bård Siem / NRK

– Hadde eg fått velje fritt, og Giske var kandidat, så hadde eg gått for han, seier Andreas Bakken, Ap-medlem og leiar i Årdal Kjemiske Fagforening, som er den største fagforeininga i industribygda, og ein sentral maktfaktor i AP-bastionen.

Bakken er også tidlegare varaordførar for Ap i Årdal.

Industribygda i Indre Sogn kan trygt kallast ein bastion for Arbeidarpartiet. Ved valet i 2017 fekk dei 59,7 prosent av stemmene – historisk sett eit lågt tal. Slike stader har vore med på å skape Arbeidarpartiet slik me kjenner det i dag.

Og når grunnfjellet i partiet snakkar har det betydd noko. No kastar dei si støtte bak Trond Giske.

Andreas Bakken kallar han «vår mann», og meiner videoen og uroa dei siste dagane er del av ein strid mellom Støre og Giske.

– Dette visar ein djuptgåande personkonflikt mellom to politikarar som slåst om ein posisjon i partiet, seier Bakken, og viser til Giske og partileiar Jonas Gahr Støre.

– Kvifor er Trond Giske «dykkar mann»?

– Han representerer oss og vårt synspunkt når det gjeld industri. Me føler at me har meir gehør hjå han enn hjå andre, seier Bakken.

Ein video av Giske og ei ung kvinne vart førre veke kjelda til ein bekymringsmelding sendt inn av ein nestleiar i Fagforbundet Sykehus og Helse. Meldinga enda med at Trond Giske ikkje vart innstilt til fylkesstyret og arbeidsutvalet i Trøndelag Ap.

– Dette er ei sak som er blitt blåst opp av media, med god hjelp av indre krefter i partiet i Oslo-miljøet, seier Andreas Bakken.

I etterkant av saka har kvinnene som var involverte sagt at dei er blitt brukte i eit politisk spel.

Heksejakt

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, forstår at folk kan reagere på innhaldet i videoen, men:

– Dette er ikkje ein «big deal». Det er lov å vere eit menneske, vere der ute og ha det litt moro av og til, seier Høl.

At nestleiaren i Fagforbundet Sykehus og Helse sende inn videoen som ei bekymringsmelding er han ikkje begeistra for.

– Eg opplever det som ei heksejakt for å vere heilt ærleg.

Også Høl, som i dag vart innstilt som nestleiar i nye Vestland Arbeidarparti, set Giske høgt som politikar.

– Han er for meg ein stor politikar som eg har tillit til. Som næringspolitikar har han gjeve oss og den industrien me driv stor merksemd, seier han.

Jonas Gahr Støre sa til NRK førre veke at tilliten til Giske «falt bort med denne hendelsen». På spørsmål om Høl kan stå inne for dette svarer han slik:

– Giske har lagt det litt på seg sjølv, gjennom å få ein slik video ut. Sjølv om det for oss ikkje betyr så mykje, så kan det bety mykje for andre, seier han.

Slik sett meiner Høl at også Giske må ta sjølvkritikk. Høl presiserer samstundes at han har full tillit til Jonas Gahr Støre som partileiar.

Fylkesleiar i Arbeiderpartiet, Hilmar Høl

HAR OGSÅ TILLIT: Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, meiner innhaldet i videoen av Trond Giske og ei ung kvinne ikkje er ein «big deal».

Foto: Bård Siem / NRK

– Ap må lande saka

– Eg må seie at eg byrjar å bli lei av at alt skal handle om Giske og at dette skal få så mykje fokus.

Det seier påtroppande kvinnepolitisk leiar i Vestland Arbeidarparti, Siri Sandvik. Ho har tidlegare vore sterkt kritisk til at Giske skal ha tillitsverv i partiet, og var blant dei aller første som kravde hans avgang etter #metoo-saka i fjor.

Ho kan ikkje gå med på at dette er ei heksejakt mot Giske.

– Ein kjem ikkje unna at det er Giske sine eigne handlingar som er kjernen i alt dette, og eg vil ikkje vere med på at ein vrir fokus vekk frå det gjennom å kalle det ei heksejakt.

  • NRK presiserer at Årdal Ap ikkje har uttalt seg i denne saka. 27. februar skriv dei i ei pressemelding at: «Me støttar fullt ut partileiinga si handsaming av varslarsakene mot Trond Giske. Årdal Ap har full tillit til Jonas Gahr Støre som leiar av Arbeiderpartiet.»
Siri Sandvik

HAR IKKJE TILLIT: Siri Sandvik vil ikkje at Trond Giske skal ha tillitsverv i Ap. Påtroppande kvinnepolitisk leiar i Vestland Ap meiner det er Giske sine eigne handlingar som er kjernen i saka.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK