Hopp til innhold

Filma dans med Trond Giske – føler seg brukte i politisk spel

Kvinnene som laga den korte danse-selfien med Trond Giske er rasande på si eiga fagforeining og meiner dei er blitt brukte i eit politisk spel.

To kvinner bakfra

– UTNYTTA: – Fagforbundet skal jo beskytte medlemmane sine, her har dei utnytta meg til sitt eige formål, seier kvinna som dansar på videoen til NRK. Her står ho saman med venninna som tok videoen.

Foto: Trond Stenersen / NRK

– Fagforbundet skal jo beskytte medlemmane sine, her har dei utnytta meg til sitt eige formål, seier kvinna som dansar på videoen til NRK.

Kvinnene jobbar i helsevesenet og er sjølve medlemmar i LO-organisasjonen Fagforbundet. Kvinna som filma den korte natte-dansen er sjølv tillitsvalt på sin arbeidsplass. Og i vennekretsen som mottok videoen er det også folk som er engasjerte i arbeidstakar-organisasjonen.

Tillitsvalde i Fagforbundet som fekk sjå videoen sendte bekymringsmeldingar til Arbeidarpartiet utan ein gong å snakke med kvinnene.

Vurderer medlemskapet

– Det er sjokkerande å bli brukt på denne måten til fordel for forbundets politiske interesse, seier ho som står med Giske bak seg i ein seks sekund lang video.

No vurderer både ho og venninna å melde seg ut av Fagforbundet.

NRK møter kvinna som dansa og venninna som fotograferte etter ei absurd veke. Den starta med eit bursdagslag på byen og enda med at Trond Giske ikkje vart innstilt til fylkesstyret og arbeidsutvalet i Trøndelag Ap.

På grunn av videoen frå utestaden.

Kvinnene vil ikkje stå fram med namn og bilete. Dei meiner påkjenninga har vore stor nok i veka som har gått om dei ikkje i tillegg skal bli offentleg kjende.

Ein selfie klokka halv to

Førre helg var dei to kvinnene på utestaden Bar Vulkan i Oslo saman med fleire andre for å feire bursdag. Der var også Trond Giske. Då dei såg han i barkøa, tok dei kontakt. Men dei opplevde ikkje topp-politikaren som særleg pratsom.

Ut på natta kom Giske likevel bort til bursdagslaget. Dei ba om å få ta selfies med han, og i halv to-tida på natta vart den etterkvart så berømte videosnutten filma.

– Giske sto tett. Det var gøy eit lite øyeblikk. Så var det over. Han hadde handa på hofta mi, det gjer at det ser drygt ut. Men eg opplevde det uproblematisk, seier kvinna.

Nådde Fagforbundet

Videoen vart delt med eit fåtal vennar på Snapchat dagen etter, fortel dei.

– Filmen var ikkje meint som noko anna enn ei intern greie i vennegjengen. Den var ikkje eit varsel eller ei bekymringsmelding, seier dei to til NRK. Dei seier dei ga beskjed til alle som fekk den om at den ikkje skulle bli delt eller vist til andre.

Men filmen nådde sentrale folk i Fagforbundet i Oslo. Og snart vart det meir alvor.

Dei to meiner det er grunnen til at videoen nådde Knut Sandli og Terje Ferstad som er i styret i Fagforbundet Sykehus og Helse Oslo.

Sandli vart vist videoen og sendte inn bekymringsmelding til Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng. Ferstad sendte SMS til leiaren i valkomiteen i Trøndelag Ap og åtvara mot å velje Giske på grunn av videoen.

Men verken Sandli eller Ferstad hadde teke seg bryet med å snakke med dei to det gjaldt.

– Eg har ikkje sendt noko varsel til Fagforbundet om Giske eller noko anna. Ei heller godkjent eller fått beskjed om bekymringsmeldinga, seier kvinna på videoen til NRK.

– Videosnutten spreidde seg jo også via instagram uavhengig av kva folk i Fagforbundet gjorde. Burde de ikkje forstått at ein slik film ville spreie seg?

– I etterpåklokskaps lys burde vi ikkje ha sendt videoen til nokon. Den blei kun sendt til eit fåtal, med beskjed om at den ikkje skulle bli delt eller vist vidare. Dette vart diverre ikkje respektert.

Meiner Fagforbundet skapte situasjonen

Saka sprakk i media då VG skreiv om bekymringsmeldinga som hadde kome til Arbeidarpartiet.

Dei to kvinnene meiner Fagforbundet har skapt heile situasjonen, og at saka om videoen med Giske ikkje hadde blitt ei stor sak utan den rolla forbundet tok.

– Dei har sett en 6 sekund lang film og antatt det verste, i staden for å ta kontakt for å høyre kva som eigentleg skjedde.

Vi har mista all tillit til dei som har delt dette vidare, seier dei to til NRK.

Forstår kvinnene

Knut Sandli som varsla Aps partisekretær Kjersti Stenseng om videoen skriv i ein SMS til NRK at han forstår kvinnene i ettertid.

«Jeg kan godt forstå at de blir opprørte. Saken har nok blitt betraktelig mer ubehagelig for dem enn jeg hadde kunnet forutsi. Jeg reagerte på Giskes oppførsel i en video jeg ble vist. Min hensikt var å varsle Arbeiderpartiets ledelse om dette i nominasjonsprosessen de var inne i. Etter dette viste det seg at videoen allerede var ute i offentligheten. Da valgte jeg å gi et intervju med VG når de ringte meg.»

Terje Ferstad, som sendte melding til leiaren i valkomiteen i Trøndelag om videoen, seier han ikkje har ytterlegare kommentarar til saka.

Trond Giske svarer på det mye omtalte barbesøket og videoen der han danser med en ung kvinne.

Trond Giske svarer på det mye omtalte barbesøket og videoen der han danser med en ung kvinne.

AKTUELT NÅ