NRK Meny
Normal

– Eg har vanskeleg for å sjå at Giske kan bli sitjande

Bråket rundt AP-nestleiar Trond Giske når stadig nye høgder, no seier fleire kvinnelege arbeidarpartipolitikarar at Giske må gå av.

Siri Sandvik

MÅ GÅ AV: Siri Sandvik tykkjer Trond Gsike må gå av.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg er ganske skaka over at ein vår aller mest sentrale politikarar er involvert i slike ting. Det er veldig ille og veldig alvorleg, seier leiar i kvinnenettverket i Sogn og Fjordane Ap Siri Sandvik.

Dei siste dagane har det kome fram at nestleiar i Ap har fått fleire varslingar mot seg, i samband med det leiar Jonas Gahr Støre kallar upassande oppførsel av ein seksuell karakter.

Dei siste skuldingane som har kome er at Giske skal ha prøvd å kysse eit ungt kvinneleg medlem av AUF mot hennar vilje.

Sandvik seier at ho har vanskeleg for å sjå at Giske kan halde fram som nestleiar.

– Eg har ikkje tillit til han, og det er i alle fall mi meining at han heilt klart må gå av.

Kvifor det?

– Det skal vere kjekt og trygt å vere med i Arbeidarpartiet, då kan vi ikkje ha ein sentral tillitsvald som har synt så dårleg dømmekraft som her.

Trond Giske

TEK KRITIKK: Trond Giske seier at han tek kritikk for måten han har handla på.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

Heggø har tillit til Giske

I går kveld sa stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Ingrid Heggø at ho hadde full tillit til Trond Giske.

– Eg har aldri opplevd ubehagelegheiter frå han. Eg har framleis full tillit til han, og ser ingen grunn til at han skal vurdere stillinga si, sa ho då.

Heggø har ikkje svart NRK i dag, men Sandivk i kvinnenettverket er ikkje samd med stortingsrepresentanten.

– Eg stussa då eg las at ho meinte det, men det er klart at ho skal få meine det ho meiner, seier Sandvik.

Trond Giske sjølv har svart på skuldingane at han beklagar sterkt det han har gjort og at han har tenkt å lære av dei feila han har gjort.

– Eg beklagar at eg har opptredd på ein måte som folk har opplevd ubehageleg eller upassande, sa Giske i går.

Vegopning på Bergum i Førde kommune