Hopp til innhold

Vil ha ha fylkesopprør mot NRK

LEIKANGER (NRK): Sogn og Fjordane vil ha med seg resten av landet på eit fylkesopprør mot NRK.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

SAMLA: Fylkespolitkarane i Sogn og Fjordane er samrøystes i kravet om at NRK må få tilbake dei lange regionale TV-sendingane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) fekk med seg resten av politikarane i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane på ein protestfråsegn mot NRK (sjå faktaboks).

Dei krev lenger distriktssendingar på TV.

Frå 2. januar er sendingane lagt om, og protestane har hagla.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) var glad for iniativet.

– Dette gjeld fleire landsdelar. Eg føler at NRK er i utakt med folket. Det gjeld forsåvidt radiosendingane også. Kvifor skal ein måtte høyre på ein melodi før ein får nyheitene? Eg synes ein skal litt respekt for kva folk ønskjer. Køyr på, fylkesordførar!

– Vil ikkje ha «preikeprogram»

Trude Brosvik

KRAV: Trude Brosvik (KrF) vil ha tilbake lange distriktssendingar på TV.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar Trude Brosvik i KrF har allereie klaga NRK inn for Kringkastingsrådet, og støtta no fylkesordføraren.

– Dette er ei sak som engasjerer. Det kan vere rett å gjere endringar. Men det er viktig at vi får tilbake ei litt lenger sending. «Norge Nå» er veldig lite interessant. Det er nyheiter som er viktig for folk flest. Ikkje desse halvtimes preikeprogramma. Ein skal ikkje undervurdere det folkelege engasjementet.

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Venstre understreka at hennar partileiar, kulturminister Trine Skei Grande, har bede NRK om ei utgreiing.

Heseblesande TV

Fylkesleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet seier dei korte sendingane ikkje er gode nok.

– Eg har ikkje høyrt om nokon som er postive til fire-fem minuttar med hesebleseande TV-sendningar. Ein skal ikkje slå handa av trufaste sjåarar. Eg synes NRK har forhasta seg. Det er eit dårleg tiltak. Dei bør gjeninnføre 15 minutt lange sendingar.

Fylkesordføraren vil no ta saka opp både i Vestlandsrådet, og i fylkesordførarkollegiet, som er samrådet til alle fylkesordførarane i landet.

I tillegg vil ho sende protestbrevet til NRK, Kringkastingsrådet og kulturministeren.

– Eg håpar alle fylkeskommunane vil vere med og støtte opp om at vi skal få tilbake lange distriktssendingar på TV. NRK på Marienlyst bør verkeleg lytte til det som kjem frå folket, seier Jenny Følling.

Regionredaktør Kai Aage Pedersen i NRK på Vestlandet sa i går at han trur sjåarane vil venne seg til dei nye sendingane etterkvart.

– Det er med dette som med alle store omleggingar i programskjema. Det tar ei stund før det får sett seg. No har vi tre sendingar mot to tidlegare, og den nye sendinga klokka 22.55 er eit god tidspunkt for regionale sendingar.