Hopp til innhold

Dei fryktar omlegging er nedlegging av distriktssending

Fylkesordførarar ber NRK stogge omlegging av distriktssendingane på TV. Dei er uroa for at dette er starten på ei nedlegging.

Fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun

FRYKTAR NEDLEGGING: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er dramatisk. Vi får færre nyheiter frå vårt område, noko som er særs øydeleggande, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

No har ho tatt initiativ til at fylkesutvalet skal diskutere omlegginga av Vestlandsrevyen.

Sjåarane blei rasande då NRK la om distriktssendingane sine på TV. Nokre kallar det for sniknedlegging. Andre for heseblesande tull.

Fryktar nedlegging

– Dette er starten på ei nedlegging av det som er Vestlandsrevyen. Lokale nyheiter er viktig for folk, og det ser vi på engasjementet. NRK må ta dette på alvor, meiner Følling.

Etter årsskifte har TV-sjåarane fått tre korte nyheitssendingar i løpet av kvelden i staden for ei lang distriktsending klokka 18.45, og ei kortare 20.55. Mange har gitt uttrykk for at dei nettopp saknar ei lengre sending, slik ein hadde 18.45.

– Både for folk flest og for oss politikarar har Vestlandsrevyen vore ein viktig arena. Eg fryktar at dette er starten på slutten, dersom ein får ture fram på denne måten, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun..

Avviser nedlegging

– Omlegginga som er gjort den er gjort, og den står vi fast på, seier regionredaktør i NRK Vest Kai Aage Pedersen.

Han meiner at når sjåarane vert vande med dei nye sendetidspunkta så vil publikum oppleve det som eit godt tilbod. Samstundes har han forståing for at dei som har vore trufaste sjåarar av dei regionale sendingane er misnøgde med kortare sendingar.

Distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane

IKKJE NEDLEGGING: Kai Aage Pedersen er regionredaktør i NRK Vest.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er med dette som med alle store omleggingar i programskjema. Det tar ei stund før det får sett seg. No har vi tre sendingar mot to tidlegare, og den nye sendinga klokka 22.55 er eit god tidspunkt for regionale sendingar, seier Pedersen.

– Kva seier du til fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane som fryktar dette skal vere første steg mot nedlegging?

– Dette er ikkje eit første steg mot nedlegging av distriktssendingane på TV. Dette er første steg i retning av vi skal vere til stades alle stader i landet med eit godt nyheitstilbod. For når publikum flyttar seg til nye plattformer, så må NRK ta den utviklinga på alvor, seier Pedersen.

Blir behandla i fylkesutvala

Begge fylkesordførarane jobbar med uttaler som dei vil ta opp i sine respektive fylkesutval. Først ute er Sogn og Fjordane som har møte tysdag 23. januar

– For distriktsoppdraget til NRK er det avgjerande at ein har redaksjonar ute i distrikta med både radiosending og tv-sending frå distrikta. Her er det fleire aspekt som står i fare. Difor må ein løfte dette opp til på den politiske dagsordenen, seier Følling.

Ho får støtte frå fylkesordføraren i Hordaland.

– Eg føreset at vi som kundar av NRK skal ha ei like sterk røyst som i dei sentrale austlandsområda. Då er det viktig å formidle at Vestlandsrevyen er ein viktig arena for oss. Det er ein viktig arena for oss som skal ut med ein bodskap, og det er ein viktig arena for sjåarane, seier Hestetun.