NRK Meny
Normal

– Eg trur strategien er feil, dersom NRK framleis meiner at distriktssendingane er viktige

Kringkastingsrådet har fått ei rekkje klager på NRK sine nye distriktssendingar. Ein av dei er fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik. No oppmodar ho andre om å gjere det same.

Trude Brosvik

MISNØGD: – Ein må bruke dei moglegheitene ein har, seier Trude Brosvik om klaga ho har sendt Kringkastingsrådet etter omlegginga av Distriktssendingane i NRK.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sidan nyttår har distriktssendingane til NRK blitt delt inn i tre kortare sendingar. Borte er den lengre sendinga 1845.

Trude Brosvik, fylkesleiar i KrF, trur omlegginga svekkjer distriktskontora og folk sin lojalitet til distriktssendingane. Ho oppmodar fleire om å klage til Kringkastingsrådet.

– Ein skaper ikkje eigarskap og felleskjensle. Eg trur strategien er feil, dersom NRK framleis meiner at distriktssendingane er viktige, seier Brosvik.

– Betre nyhendetilbod

Omlegginga har fått reaksjonar. I tillegg til tre korte regionale distriktssendingar på fem minuttar, oppretta NRK det nye direktesende programmet «Norge nå».

Grunngjevinga er å nå publikum seinare på kvelden, og for å frigjere ressursar til nett og mobil, som no er den viktigaste kjelda for nyhende.

– NRKs distriktskontor ynskjer å ha større fokus på fordjupande nyhendejournalistikk på radio, TV og mobil og få fleire saker frå distrikta inn i dei nasjonale sendingane. Denne kombinasjonen med fleire distriktssendingar og fleire reportasjar frå heile landet i hovudsendinga vil totalt sett bli eit betre nyhendetilbod på TV, sa distriktsdirektør i NRK, Grethe Gynnhild-Johnsen før jul.

Kraftige reaksjonar

Brosvik, og mange med henne likar ikkje omlegginga. Før helga hadde Kringkastingsrådet fått 35 klager.

Mange har lufta frustrasjonen i media og sosiale medium. Mellom andre tidlegare ordførar i Bergen, og nyvald medlem Kringkastingsrådet, Trude Drevland.

– Uakseptabelt er den latterlege reduksjonen av sendetid av lokale nyhende på NRK! Dette blir mi sak i Kringkastingsrådet. Mogleg eg har forgjeves håp, men kamp skal det bli, skreiv ho ifølgje VG på Facebook.

Enorm respons

NRK Sogn og Fjordane har invitert sjåarane til å komme med spørsmål og meiningar til ettermiddagssendinga måndag. Responsen har vore stor, med nær 450 kommentarar på Facebook-invitasjonen og nær 80 epostar til redaksjonen.

Saken mot Trude Drevland henlagt

KRITISK: Trude Drevland er lite nøgd med omlegginga. – Eg ser på Facebook at ho raslar med sablane og vil følgje saka tett. Det er positivt, seier Trude Brosvik.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Brosvik meiner omleggingane til tre sendingar på fem minuttar svekkjer nyheitstenkinga i distriktet.

– Det blir for heseblesande og terskelen for å komme med blir veldig høg, seier ho og heller ikkje kjøper argumentet om å få saker i dei sentrale sendingane.

– Blir for kort

– I den grad du får noko med, så er det så kort at det ikkje gir meining for folk utan bakgrunnskunnskap. Då blir det mykje stengde vegar og store ting som Mongstad, men det skjer andre ting på Vestlandet som kan vere interessant for heile landet, seier ho.

Fylkesleiaren trur det er rett å sjå på sendetidene, og har spelt inn fem minuttar sending før Dagsnytt klokka 19, og ei lenger sending før Kveldsnytt klokka 21. På Twitter oppmodar ho også andre om å nytte seg av moglegheita til å klage saka inn for Kringkastingsrådet.

– Distriktskontora er eitt av dei største fortrinna NRK har. Det er veldig viktig inn i debatten om lisens, til dømes, minner Brosvik om.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.