Hopp til innhold

Vil at fleire skal få klima og miljøfag på timeplanen

SOGNDAL (NRK): – Det bør vere eit obligatorisk fag. Ikkje berre i den vidaregåande skulen, men allereie frå ungdomsskulen av, seier Rakel Oikonomakis Bergset (19).

Rakel Oikonomakis Bergset og Storm Vålbekk Gimmestad

OBLIGATORISK: Ved Firda vidaregåande skule er klima- og miljøfag eit prøveprosjekt. Elevane Rakel Oikonomakis Bergset og Storm Vålbekk Gimmestad meiner det bør vere eit obligatorisk fag.

Foto: Kaia Johansen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bergset er ein av 19 elevar ved Firda Vidaregåande skule, som er del av ei større miljørørsle.

Skulen er førebels den einaste i landet som har klima- og miljøfag på timeplanen.

Onsdag deltok dei på den store klimaomstillingskonferansen i Sogndal.

– Vi skal snakke om korleis barn og unge kan påverke, og vi skal om klima- og miljøfag og kvifor det er viktig å ha i skulen, seier Storm Vålbekk Gimmestad (18).

Inn i skulen

Eit nytt engasjement har blomstra blant dei unge. For stadig fleire unge engasjerer seg i kampen for klimaet. Det viste ikkje minst klimastreiken som tidlegare i år samla over 40.000 barn og unge over heile landet.

Ved Firda vidaregåande meiner elevane at klima- og miljøfag bør vere meir enn valfag.

– Vi treng kunnskapen om vi skal verte klimamedvitne, og vi treng vi treng ei framtid med klimamedvitne politikarar, bedriftseigarar og ikkje minst einskildpersonar. Då treng vi faget på skulen, seier Rakel Oikonomakis Bergset.

Ser haldningsendringar

19-åringen får støtte frå lærar Hans Græsli. Skulen håpar å få vidareført klima- og miljøfaget, som tek føre seg korleis natur og samfunn påverkar kvarandre, som prøveprosjekt.

Hans Græsli

LÆRAR: Hans Græsli meiner han ser haldningsendring hos elevane som tek klima- og miljøfaget.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi diskuterer korleis samfunnet kan og bør reagere, og kva staten, verksemder og einskildpersonar kan gjere. Slike fag finst ikkje i skulen i dag, seier Græsli.

Læraren håpar klima- og miljø blir godkjent som fag i løpet av neste år. For han meiner å sjå haldningsendring hos elevane sine.

– Når vi har vitja eit minihus, og sett korleis folk kan bu på svært små flater og ha det fint, så gjer det noko med elevane. Dei tenkjer på kva dei sjølve gjer, seier han.