Når breane smeltar er det eit tydeleg teikn på at det er endringar i klimaet. Forskarane seier dei aldri hadde trudd det skulle smelte så mykje is dei siste ti åra.
Men, når det nyleg vart funnen ein over 3600 år gamal pilspiss i kanten på isen i Jotunheimen, har fleire kommentert om klima på NRK Innlandet sin Facebook-post.
Der skriv ein person:
Pil-funnet blir vridd over i skepsis til at klimaendringane kan vere menneskeskapte.
Dermed er det fint å få svar frå brearkeologane i Innlandet fylkeskommune, Espen Finstad, og han med det passande namnet, Lars Pilø.
Først til to grunnar til korleis gjenstandar kan ha hamna i isen.
Jakt og farting
Den eine grunnen til at gjenstandar har hamna i isen er at folk har drive med reinsdyrjakt på sjølve isen.
Dette fordi reinsdyra går oppå is og snø for å komme vekk frå reinbremsen, som ikkje flyr over is og snø.
– Også har ein mista ting under jakta, seier Pilø.
I tillegg har menneske brukt isen som ein slags motorveg i høgfjellet, fordi det er lettare å gå på snøen enn i ura, fortel brearkeologen.
Vegane har til dømes gått frå gardane og opp til setra, eller frå til Nord-Gudbrandsdalen og over til Vestlandet.
Og isen er det i dag funne over 4000 gjenstandar frå meir enn 66 funnstader.
I Facebook-kommentarfeltet spør ein person:
– Isen har variert i storleik bakover i tid, seier Pilø.
Isen varierer i storleik, men
Pilø seier at det ikkje er slik at isen gradvis har blitt større og større. Til dømes, for 8000 år sidan var det ikkje is, fortel han. Etter dette byrja isen å gradvis å kome tilbake, og den har variert i storleik over tid, seier Pilø.
Isen var veldig stor under den lille istid frå 1450 til 1750, og etter det har den gravis byrja å smelte, seier Pilø, men:
– Særleg dei siste to tiåra har isen smelta enormt i det norske høgfjell, seier Pilø.
Brearkeolog Lars Pilø i Innlandet fylkeskommune seier at det at isen kjem og går, og at dette talar imot «klimapropagandaen», er noko han har høyrt før.
Foto: PrivatHan seier argumentet om at isen endrar seg viser at det ikkje er menneskeskapte klimaendringar, manglar logikk. At det blir litt som å seie at menneske ikkje kan starte skogbrannar, fordi skogbrannar eksisterte før menneske oppstod.
– At isen endrar seg naturleg betyr ikkje at menneske ikkje kan påverke, sånn som me gjer no, gjennom utslepp av klimagassar. At det er naturlege klimaendringar utelukkar ikkje at også menneske kan påverke klimaet, seier Pilø.
Men, kvifor har gjenstandane ofte hamna på bakken ved isen?
Blei skylt vekk
Pilø forklarer at det ofte blir gjort funn på små isbrear som ikkje bevegar seg. Desse er veldig utsette for å reagere både på klima og vær.
Brearkeolog Pilø og kollegaen hans Espen Finstad forklarer: Dersom ein til dømes har drive reinjakt, og pila har forsvunne ned i snøen, så ville den sannsynlegvis smelte ut ganske fort igjen.
Smeltevatn ville så bli transportert nedover isen, slik at dette til slutt hamna på bakken framføre isen.
Deretter kan isen ha kome over gjenstandane.
– Ein miks av ting, både frå jernalder og steinalder ligg gjerne framføre isen, seier Finstad.
Klassikar-argument
Finstad seier all vitskap viser at det er menneskeskapte klimaendringar og at det blir varmare. Sjølv ser han og kollegaene til dømes at det er eldre og eldre is som smeltar.
Brearkeolog Espen Finstad i Innlandet fylkeskommune seier at klimaskeptikarar tyr til billige argument. Finstad fortel kva han ser, og fortel fakta.
Foto: Julian Post-Melbye, kulturhistorisk museum i Oslo– Klimaforskarar seier at 90 prosent av all is på fastlands-Noreg vil forsvinne i løpet av dette hundreåret, seier Finstad.
Brearkeologame er vane med reaksjonar, slike som den frå han som skriv at for 3–4000 år sidan, «Da kunne man vel ikke skylde på en overbeskattet privatbil.» Ein klassikar, ifølge Pilø.
– Viss folk trur at det er mogleg å motbevise vitskapen bak global oppvarming som bygger på eit vell av uavhengige kjelder, ved hjelp av nokre arkeologiske funn frå Jotunheimen, så har ein ikkje sett seg særleg inn i verken klimavitskap eller kva klimahistorie er, seier Pilø.
Og han får støtte frå kollega Espen Finstad.
– Då har ein nok ikkje sett seg inn i kva dette dreiar seg om, seier Finstad.