Hopp til innhold

Det einaste klimafaget i landet kan forsvinne

SANDANE (NRK): Firda vidaregåande skule er einaste i landet som tilbyr klima og miljø som eige fag. No håpar dei på at prøveprosjektet skal bli eit permanent tilbod.

4. klassingar frå Norstranda skule

ENGASKJERT: Barna frå Norstranda skule var engasjerte då elevar frå Firda viste dei sandkassa si

Foto: Ingvild Eide / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Å, nei! Der går kraftverket! ropar elevane.

4.-klassingane frå Nordstranda skule er på besøk på Firda vidaregåande. Her skal barna få lære om konsekvensane om kva klimaendringane kan få.

Denne dagen får dei ta del i ei sandkasse, som skal førestille ein landsby med ei elv som renn gjennom. Her får barneskuleelvane i oppgåve å plassere ut hus, butikk og sjukehus i landsbyen. Så byrjar elva å vekse.

4. klassingane ved sandkassa

MORO LÆRING: elevane var engasjerte når dei fekk prøve seg i sandkassa

Foto: Ingvild Eide / NRK

Unikt fagtilbod

Elevane på Firda Videregåande tek valfaget klima og miljøfag. Klima- og miljøfag er eit nytt programfag til programområdet språk, samfunn og økonomi på studiespesialiserande utdanningsprogram. No arbeider dei med ein klimakonferanse dei skal ha seinare i haust, med fokus på formidling.

Faget er eit prøveprosjekt, som no er inne i sitt tredje år. Til våren skal det evaluerast av Høgskulen på Vestlandet. Denne evalueringa vert lagt til søknaden, som så går til Utdanningsdirektoratet.

Lærar Hans Græsli fortel at det er eit populært fag. Dette semesteret har dei måtte gått opp til to klassar. Når faget no skal opp til evaluering, står det i fare for å forsvinne. Læraren sjølv seier framtida er uviss.

– Me håpar jo at me kan tilby Klima- og miljøfag her på skulen framover også. Eg trur det er eit veldig aktuelt fag, og det er mange elevar som gir uttrykk for at dei likar det og tykkjer det er interessant, fortel han.

Lærar Hans Græsli

SANDKASSA: lærer Hans Græsli viser fram sandkassa

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Varmare, villare og våtare klima

4. klassingane får ein smakebit på den store klimakonferansen klima- og miljøfagselevane skal arrangere seinere i haust. Bodskapet er dei tre V-ane: varmare, villare og våtare..

– Meininga med opplegget er å opplyse barna og vise kva dei kan gjera, forklarar Ida Marie Drageset (18), elev på valfaget.

Ida Marie Dragset og Oline Leirgulen viser fram sandkassa

SPENNANDE: Ida Marie Dragset og Oline Leirgulen synes det er spennande å ta klima og miljøfaget

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Ho tykkjer det er fint å kunne undervise litt sjølv.

– Eg synest det er kjekt med litt variasjon. Vanlegvis sit me jo og høyrer på læraren, så at me får vera litt praktiske og utfordre oss med å presentere for ungar – det er veldig kult, fortel ho.

Spesiell sandkasse

Sandkassa på Firda vidergåande

ELVA FLØYMER OVER: her ser ein husa som har blitt teken av elva

Foto: Ingvild Eide / NRK

I undervisningsopplegget med 4.-klassingane har den spesielle sandkassa ei avgjerande rolle, for å illustrere og involvere elevane. Det var Græsli og kollega Eirik Tengesdal som kom på idéen.

– Me har begge studert geografi, og på studiet såg me på sånne typar basseng eller sandkassar, forklarar han.

I fjor ville dei setje ideen ut i live, og då Dronninga hadde meld sin ankomst til Firda vidaregåande såg dei sitt snitt til å gjennomføre det.

– Så då vart det fart i sakene! Me fekk spons av Brødrene Aa som også laga kassa. Så alt er heilt lokalprodusert, fortel han vidare.