Utskrivingsklare pasientar har kosta 1,5 milliardar på fem år

Talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar gjekk drastisk ned frå 2012, men no er tala på ny på veg opp.

Pasient

BETALING: For kvart døgn ein pasient blir liggande unødvendig på sjukehus, må norske kommunar ut med 4505 kroner. I 2016 betalte norske kommunar 370 millionar kroner til sjukehus på grunn av dette.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Vi har sett at kommunane har byrja å vurdere pasientane meir kritisk. Spesielt dei som er utskrivingsklare på fredagar. Då tenkjer kommunane som så; Det er dyrt for oss å ha dei heime i helga, kanskje må vi hente inn folk, då let vi dei ligge til måndag, seier professor i helseleiing og helseøkonomi, Terje P. Hagen.

Professor Terje P. Hagen

VARIASJON: – Særleg kommunar som har sjukehus har mange liggedøgn. Desse har hatt tradisjon for å bruke sjukehusa som spesialistsjukeheim, meiner professor Terje P. Hagen ved Universitetet i Oslo.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Han har sett nærare på konsekvensane av samhandlingsreforma som vart innført i 2012. Førebygging, tidlegare behandling og samhandling skulle gje betre folkehelse.

Store variasjonar mellom kommunar og helseføretak

Reforma ville også få ned talet på liggedøgn i sjukehus, og slo fast at kommunane måtte betale for kvart døgn ein pasient vart liggande etter at han eller ho var ferdig behandla. Frå 2011 til 2012 vart talet på liggedøgn meir enn halvert. Etter 2013 ser talet ut til å auke att.

– Det er vel som forventa, seier Hagen.

På dei fem åra som har gått har norske kommunar betalt kring 1,5 milliardar på grunn av dette. Ein av kommunane der pengane har hatt problem med å ta i mot pasientar er Gloppen i Nordfjord. Av dei 227 liggedøgna som var i Helse Førde i 2016 stod Gloppen for 108 av dei.

Anita Lothe

PENGAR: I løpet av dei fem åra har Gloppen kommune betalt nær 1,1 millionar kroner. – Pasientane i Gloppen har fått gode og fagleg forsvarlege tenester, men det er krevjande, seier helse- og omsorgssjef, Anita Lothe.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi manglar nok heildøgnsbemanna plassar. Og i periodar er det store svingingar. Ei veke kan det vere 0 pasientar som skal tilbake, medan andre veker kan det vere fem. Vi spekulerer ikkje på kva som er rimelegast, seier helse- og omsorgssjef i kommunen, Anita Lothe til Hagen sin påstand om at kommunane er blitt meir kyniske.

Laster innhold, vennligst vent..

– Har fungert

Mange frykta konsekvensen av reforma og betalingsplikta ville bli at pasientar vart for raskt skrivne ut ifrå sjukehus og sjukare pasientar ville hamne ute i kommunane.

– VI ser at vi har fleire dårlege pasientar og dei kjem tidlegare tilbake frå operasjon. Legane melder også at pasientane treng tettare oppfølging og i større grad enn før ikkje er ferdigbehandla, seier Lothe.

Hagen meiner det ikkje samsvarar med det store biletet.

– Ein var uroa for at talet på akutte reinnleggingar skulle auke, men det har vi studert inngåande og hovudkonklusjonen er at det ikkje er ein auke på dette. Men, det er ganske stor variasjon mellom helseføretak og mellom ulike pasientgrupper.

Også i Helse- og omsorgsdepartementet er ein nøgde med denne delen av reforma.

– Eg trur vi kan seie at dette har fungert ganske godt. Men, vi ser at det er for stor variasjon i kompetansen ute i kommunane, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann.