Hopp til innhold

Her oppretta kommunen eige akutteam – det blei livsviktig då Bård fekk hjarteproblem

BJERKREIM (NRK): Mange distriktskommunar ligg langt frå næraste sjukehus. I Bjerkreim ville dei ha betre tryggleik for innbyggjarane. No er deira helsepersonell først på staden i 80 prosent av tilfella.

Bård Gravdal, med to av borna. På garden på Hegelstad.

FEKK HJELP PÅ TI MINUTT: Då pacemakeren til Bård Gravdal (52) slutta å fungere, var hjelpa heldigvis berre få minutt unna. Han seier akutteamet fekk han til å kjenne seg trygg. Her er han saman med dottera Pearl Iren Gravdal og sonen Arn Gravdal.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Eg har eit hjarte som bankar litt i hytt og vêr, fortel Bård Gravdal.

Han er familiefar til fem, og bur på den vesle staden Hegelstad i Bjerkreim i Rogaland.

52-åringen treng ein pacemaker for å halde hjartet i gang. Men ein dag for tre år sidan slutta apparatet å fungere.

Då var det livsviktig at hjelpa kom så fort som råd.

Akuttbilen rykka ut frå sjukeheimen sju kilometer lenger ned i dalen, og var på plass innan ti minutt.

– Dei visste kva dei heldt på med, det var heilt tydeleg. Då føler du deg jo trygg, seier Gravdal.

Tilsette ve Bjerkreim omsorgssenter klare til å rykke ut.

NESTEN EIN AMBULANSE: Akutteamet i Bjerkreim er med på omfattande øvingar saman med naudetatane. I tillegg er bilen utstyrt med topp moderne utstyr til akutte situasjonar.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Ikkje eit sekund å miste

I Bjerkreim har sjukeheimen nemleg eit unikt tilbod – akutteamet. Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i kommunen er kursa til å rykke ut til ulykkesstader, der kvart minutt kan utgjere forskjellen mellom liv og død.

– Det er spennande, litt skummelt, men me er jo godt førebudd. Som regel er me alltid to, sånn at me kan laga ein plan – sjølv om me ikkje alltid kan vite kva me kjem til, seier sjukepleiar Anne Friestad.

Ordninga deira er så å seie unik i Noreg, men mange kommunar finn liknande kreative løysingar når ambulansen er langt vekke.

– Røyrvik er den mest kjente, som har ein kombinasjon av brannmannskap og sjukepleiar som rykker ut, seier Kurt Rønning i Fagforbundet.

Då akutteamet blei starta i 2014, visste ikkje helsepersonellet kva dei gjekk til.

– Me hadde ein forventning om at det skulle vere eldre, stort sett, men det viser seg at me har ein gjennomsnittsalder på rett under 50 år, fortel sjukepleiar Friestad.

Uniformert med sjukepleieruniform, akutt-jakke og ein sekk med førstehjelpsutstyr rykker akutteamet ut på oppdrag.

KLAR FOR OPPDRAG: Innføringa av akutteamet har ifølgje både administrasjonen og dei tilsette vore eit friskt pust i arbeidet, og gitt ein spanande kvardag. Det er frivillig for både sjukepleiarane og helsefagarbeidarane å vere med, då må dei ta eit 100-timars kurs som sluttar med både praktisk og teoretisk eksamen.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

100 timars kurs med eksamen, og øvingar i samarbeid med naudetatane i fylket har gjort at sjukepleiarane kan takle så å seie alle situasjonar.

– Det er alle typar av sjukdommar, eller skader og ulykker, seier Friestad.

Akutteamet erstattar ikkje ambulansen, men utfører fyrstehjelp, fører journal og tek vare på pasientar fram til ambulansen er på staden.

NRK fortalde nyleg om sjukeheimstilsette frå seks kommunar i Vesterålen som får kurs i akutthjelp.

Det var same utfordring i Bjerkreim som i Vesterålen, at fleire eldre trengde meir akutt hjelp. Kompetansen frå slike kurs i akutthjelp var med på å skape idéen om akutteamet.

Tala snakkar for seg sjølve

Dei tilsette ved Bjerkreim omsorgssenter forstod at innføringa av samhandlingsreforma kom til å få konsekvensar i distrikta. Pasientar byrja å bli skrivne ut av sjukehuset tidlegare, og behovet for at hjelpa kom så kjapt som mogleg auka.

Dette ville dei gjere noko med.

– Det var stadig fleire akutte tilfelle, og pasientane som kom frå sjukehuset hadde ofte meir komplekse problemstillingar, fortel Øyvor Sønstabø.

Øyvor Sønstabø, kommunalsjef for levekår i Bjerkreim kommune.

SOV DÅRLEG I STARTEN: Øyvor Sønstabø fortel at ho sleit litt med å sove dei fyrste nettene etter ordninga var starta, fordi det ikkje var gjort før. – Men me såg at me måtte gjere noko, slår ho fast.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Ho er kommunalsjef for levekår, og tok saman med sjukepleiarane og helsefagarbeidarane ved sjukeheimen initiativ til ordninga.

Over 300 oppdrag seinare snakkar resultata for seg sjølve. Dei er først på staden over åtte av ti gongar, og har blitt ein tydeleg ressurs for akuttberedskapen i området.

– Eg vil jo tru at andre kommunar òg kunne hatt nytte av dette, sånn som geografien i Noreg er, seier Sønstabø.