NRK Meny
Normal

Har funne 77 sauekadaver så langt - jerven sine herjingar held fram

Førebels er det funne 77 sauekadaver i fjellområdet mellom Årdal og Lærdal. Og endå er det fleire veker att av beitesesongen.

Sau drepne av jerv

ØYDELAGDE: I fjellområdet mellom Årdal og Lærdal er det til no funne 77 kadaver. 60 av dei kan ein med sikkerheit seie er drepne av jerv.

Foto: Naddvik beitelag

– Vi har registrert 77 kadaver til no. På 60 av dei har vi god dokumentasjon på at det er jerv som er skadejeger, seier rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.

Naddvik beitelag, som har sauene sine i fjella mellom Årdal og Lærdal, har vorte hardt råka av rovdyret. Og det ser ikkje ut til å gje seg.

– Når det gjeld dei andre 17 kadavera har vi rimeleg grunn til å tru at det er jerv som har vore til stades, seier Golf.

Berre skinn og bein att

Men desse kadavera er så stygt medfarne at det ikkje er råd å sjå tydelege spor.

– Dei er så oppetne av både fuglar og andre åtseldyr, slik at det berre er skinn og bein att. Men det er i same område som jerven har operert, så det er god grunn til å tru at det er jerv som står bak desse også, seier Golf.

Trass i høge tapstal er det ikkje nødvendigvis meir enn éin jerv som er på ferde.

– Men det veit vi ikkje. Det kan vi eventuelt finne ut til vinteren når vi kan spore og finne ekskrement. Det kan godt hende at det berre er éin jerv som har gjort dette, men vi kan heller ikkje sjå bort frå at det er fleire, seier Golf.

Dei første funna av daude sauer og lam vart funne i området første veka i juli. Sidan har talet på jervedrepne sauer auka jamt og trutt.

– Ein har funne nye kadaver éin gong i veka, og kanskje hyppigare enn det også innimellom, seier Golf.

Har drepe gjennom heile sommaren

Normalt sett pleier jerven å starte å samle seg opp mat når nettene blir litt lengre og kaldare.

– Det er stort sett då han startar med å hamstre mat til vinteren. Men denne jerven her har drive på heilt sidan beiteslepp, og har drepe sau i heile sommar, seier Golf.

Han understrekar at dette ikkje er heilt uvanleg, men vanleg er det ikkje.

Rein Arne Golf

UVANLEG: Rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, fortel at det normalt sett er på denne tida at jerven startar med å hamstre mat. Men jerven mellom Årdal og Lærdal har hamstra i heile sommar.

Foto: Arve Uglum / NRK

– For fem-ti år tilbake hadde vi store jerveskadar i Lærdal og Årdal og også mot Aurland, seier Golf.

Han er spent på kor stort sauetapet til slutt vert, når ein får gjort opp status.

– Men det er uansett stor grunn til å tru at tapa er langt større enn dei funna som er gjort, seier Golf.

Han vil likevel ikkje karakterisere dette som eit versting-år.

– Det har ikkje eg oversikt over, men vi har hatt store tap også tidlegare. Men kanskje ikkje så konsentrert som i år, seier Golf.

Reinjegrar har fellingsløyve

Fylkesmannen utvida perioden for skadefellingsløyve på jerv i Lærdal og Årdal til 9. september, det vil seie fram til den ordinære lisensjakta startar. Bakgrunnen for utvidinga er framleis tap av sau i beiteområdet og vidare potensial for større tap.

Reinsdyrjakta tok til 20. september, og i samband med det er det opna for at dei villreinjegerane som ønskjer det kan felle jerv på skadefellingsløyvet.

Men Golf peikar på at det er enklare sagt enn gjort.

– Jerven er eit lite dyr, og han er nattaktiv. Han er vanskeleg å oppdage i terrenget. Å komme inn på han slik at ein kan avlive han på ein human måte, er krevjande, seier Golf.

Trur ikkje jegrane skremmer jerven frå å drepe

Men han peikar på at jakta fører til at det er fleire folk i fjellet, og det kan tvinge jerven til å jakte også når det er lysare ute.

– Det er ei moglegheit for at han då også er aktiv på dagtid, og at han slik kan gå på nokre jegerar, seier Golf.

Han påpeikar at jerven slett ikkje pleier å late seg skremme frå område fordi det er mykje folk der, så det er difor ingen grunn til å tru at reinsdyrjakta fører til at jerven tek mindre sau.

– Nei, det tvilar eg på. Vi opplever at jerven kan drepe sau ganske så nær der folk oppheld seg i fjellet, så det trur eg ikkje, seier Golf.

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med bønder i Naddvik beitelag i ettermiddag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser