Jerven har truleg drepe over 50 sauer i år

Politikarane på tvers av fylkesgrensene kranglar om grenser og ynglesoner for jerv. Jerven kjenner ikkje grenser, og går i mellomtida akkurat der han vil.

Jerv

VANDRAR: Jerven vandrar, men kjenner ikkje grenser. Det gjer politikarane, som kranglar om kvar ynglesona for jerv skal vere: I Oppland skal jerven yngle, men kor nære grensa til Sogn og Fjordane?

Foto: Kjartan Trana

Sogn og Fjordane og fylka nedover Vestlandet til Vest-Agder er region 1. Her er det vedteke at det ikkje skal vera ynlgande jerv, eller andre dyr som kan ta beitedyra ved beitestart.

Men region 3, som er Oppland fylke, har ei ynglesone for jerv som strekk seg heilt til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. I teorien kan det vera eit jervehi ein meter inn på opplandssida av grensa.

– Den ynglesona som region 3 har lagt opp til fylkesgrensa står i direkte motstrid til at vår region skal vere fri for rovdyr, seier Noralv Distad, leiar i rovviltnemnda region 1.

– Flytt ynglesona!

Sau drepen av jerv i Luster

DREPEN: Denne sauen er teken av jerv. Til no i år er 50 sau truleg drepne av jerv. Til trass for fellingsløyve er det svært vanskeleg å finne og skyte jerven.

Foto: Statens Naturoppsyn
Noralv Distad

FLYTT: Noralv Distad oppmodar Oppland på det sterkaste om å flytte ynglesona for jerv lenger aust, vekk frå grensa til Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Ivar Odnes

FORSTÅR: Ivar Odnes i Oppland forstår frustrasjonen på andre sida av fylkesgrensa, men har mange rovdyr å hanskast med sjølv.

Foto: Silje Josten Lien / NRK

Til no i år er det funne over 50 sau som truleg er blitt drepne av jerv, og det er dokumentert at 8 jerv har hatt tilhald i Sogn og Fjordane gjennom vinteren.

– Her er det mykje beitedyr. Då ser vi skader som i Fjærland i fjor og Årdal og Lærdal i år, seier Distad.

Jerven bryr seg som kjend ikkje om fylkesgrenser i sine vandringar. Men det gjer leiarane i rovviltnemndene.

– Dette skulle vore flytta heilt til Ottadalføret, slik at du hadde fått ei naturleg grense, seier Distad.

Forstår frustrasjonen, men har sine eigen problem

Ivar Odnes er leiar i rovviltnemnda i Oppland. Der har dei både jerv ,ulv, bjørn og gaupe å stri med, og yngleområdet for jerv vart utvida til der det er i dag for tre år sidan for å avlasta beiteområde i fylket.

– Eg forstår frustrasjonen i beiteområde på andre sida av fylkesgrensa. Men slik situasjonen er no har vi for store tap til jerv i region 3, seier Fodnes.

– Vi har nok ikkje vore gode nok til å diskutere samhandling i forvaltninga i grenseområdet. Der trur eg vi kan verte flinkare.

Og den moglegheita kjem til hausten. Då har Klima- og miljødepartementet kalla inn til eit møte der dei skal diskutera jervebestanden i Sør-Norge. Der er både Distad og Fodnes invitert.

– Der er det vesentleg at vi også diskuterer situasjonen over grensene, seier Fodnes.