Hopp til innhold

Her har jerven forsynt seg – 19 sauekadaver funne berre siste veka

19 sauekadaver er funne i fjellområdet mellom Årdal og Lærdal den siste veka. Mykje tyder på at det er jerv som har herja.

Sau drepne av jerv

DREPNE: Bileta syner to av sauene jerven har drepe i Sogn den siste tida.

Foto: Naddvik beitelag

– Vi har fått innrapportert snaue 20 kadaver til no. Dei fleste av dei vi har sett på og fått inn bilete av tyder på at det er jerv som har vore på ferde, seier rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf.

Funna er gjort i Årdal kommune i fjellområda mellom Årdal og Lærdal, rundt Blåsaren og Storvatnet.

Teke i same tidsrom

Rein Arne Golf

VANSKELEG Å FINNE: Rovviltansvarleg Rein-Arne Golf trur det vil vere vanskeleg å finne jerven no.

Foto: Arve Uglum / NRK

For ei veke sidan vart det i same område funne seks sauekadaver med tydlege spor etter jerv. No er det funne ytterlegare 13, men det er uvisst om desse er teke på same tid.

– Det er grunn til å tru at det er same jerven som også har teke desse, men det kan sjå ut som at det er nokre dagar mellom dei, så jerven kan ha vore her i fleire dagar, seier Golf.

Folk som har vore i området, både dei med skadefellingsløyve og dei som har hatt ekstra tilsyn med sauene sine, er dei som har rapportert inn funna av kadavera.

To jerv på ekstraordinært uttak er teke ut til no i år, i tillegg er ein jerv registrert som trafikkdrepen.

Kan vere fleire jerv

– No vert dei nye funna registrert og innrapportert i rovbasen, og så er det opptil skadefellingslaget korleis dei vil prioritere sitt arbeid framover i forhold til å få felt jerven, seier Golf.

Han trur likevel det kan bli vanskeleg finne syndaren.

– Det er veldig vanskeleg. Jerven opererer veldig mykje om natta, og det er eit lite dyr som er vanskeleg å sjå i terrenget. Det skal ein god porsjon flaks til om ein skal klare å finne den.

– Kan det ha vore fleire jervar på ferde?

– Ja, det kan vi ikkje sjå bort frå. Det er heilt umogleg for oss å seie noko om, seier Golf.

(Artikkelen held fram under kartet)

Blåsarbåten

Fryktar endå større tap

Etter å ha gått i området og talt lamma fryktar leiar i Naddevik Beitelag, Ole Bjarne Hovland, det verste – at det vil bli funne endå fleire døde dyr.

– Det er det all grunn til å tru, seier Hovland.

Han fortel at siste funn vart gjort i går, og at lammet truleg hadde lege der i tre dagar. Alle saueeigarane har søkt ganske vidt i området der kadavera har blitt funne, i tillegg til eit stykke utanfor området.

Ole Bjarne Hovland

OPPGITT: Ole Bjarne Hovland fortel om ein fortvilande situasjon for bøndene.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har grunn til å tru at jerven er i dette området. Sjansen er likevel veldig liten for at vi skal klare å ta han, men i den situasjonen som vi er i no, så vil vi prøve alt vi kan for å prøve å fjerne den. Men det er eit lite dyr i eit stort område, så det blir i grunn som ei nål i ein høystakk, seier Hovland.

– Ei veldig vanskeleg tid

Han har så langt vore heldig, og er ikkje blant dei som har hatt tap. Det går rundt 300 til 400 sauer i dette området, fordelt på tre sauebønder.

– Det er veldig vanskeleg å finne roa no. Det vert skytteltrafikk opp og ned frå fjellet for å registrere sauer og sjekke at lamma stemmer med det talet søyene skal ha med seg. Det er det jobben har gått mykje i no. Ein skulle jo også vore ute om natta med rifle, men det har eg ikkje fått tid til endå. Det er ei veldig vanskeleg tid for oss no.