Hopp til innhold

Frustrerte bønder i Sogn jaktar på jerven kvar natt

Kvar natt sidan 10. juli har to-tre jegerar vore ute i terrenget i Naddvik mellom Årdal og Lærdal for å jakte på jerv. Nær 50 sauekadaver er så langt funne, og frustrasjonen hjå bøndene er stor.

Jerv

SKY: Jerven er sky, og vanskeleg å jakte på. Det har jaktlaget i Naddvik i Sogn fått erfare, etter å ha vore ute på jakt etter den kvar dag i snart ein månad.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Vi var veldig nær ved å få tatt jerven kring den 17.–18. juli, då var den rett ved ein jeger, men etter det har det ikkje vore noko nærkontakt, seier Ole Bjarne Hovland, som er leiar i Naddvik beitelag i Sogn.

Sjølv om jakta ikkje har ført fram, finst det mange synlege prov på at rovdyret herjar i området. Til no har sauebøndene i området funne mellom 40-50 sauekadaver.

– Det er veldig vanskeleg å få tatt jerven, den er liten og fjellet er stort. I tillegg har den veldig god luktesans, så den går ikkje akkurat opp i jegerane vil eg tru. Men, det er ikkje mykje anna vi i næringa kan gjere på denne tida, seier sauebonden oppgitt.

Ole Bjarne Hovland i Naddvik beitelag.

FRUSTRERT: Ole Bjarne Hovland er ein av fleire sauebønder i området mellom Årdal og Lærdal som er uroa over jerven sine herjingar.

Foto: Oddleif Løset

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn stadfestar overfor NRK at dei stadig får nye meldingar om funn av kadaver i fjellområdet mellom Lærdal og Årdal.

- Til no er det truleg funne nærare 50 kadaver i omrdået, seier Golf.

– Kan ikkje hente dyra heim allereie no

I området som går frå Filefjell og ut mot Naddvik, på grensa mellom Årdal og Lærdal, er det totalt kring 2000 sauer. I området der det har vore mest tap til no, går det kring 400 dyr på beite.

– Å ta ned igjen sauen no byr på store problem. Det krev mykje ekstraarbeid og for sauen er det for varmt å vere nede i bygda no. Dei vil truleg trekke opp mot fjellet igjen, så å hente den heim ser vi for oss blir veldig vanskeleg.

– Nokon sit att med svarteper kvart år

Jerven trekk over store avstandar, men har ikkje vore innom dette området sidan 2006.

– Den har jo vore andre stader, Fjærland i fjor og Leikanger. Det er ein eller anna som sit med svarteper i vår region kvar sommar. Det trass i at vi i grunn ikkje skal ha slike problem her, seier Hovland.

Rovdyrforvaltinga har ikkje sett eit tal for kor mange dyr som kan vere i eitt område, men sett eit tak på i kva grad dei ulike dyra kan formeire seg i kvart område.

I rovdyrregion 1, det vil seie Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder, er det bestemt at det ikkje skal vere ynglande rovdyr av noko slag. Samstundes er grensa for rovdyrregion 3, Oppland, flytta opp på Sognefjellet. Det uroar bonden.

– Situasjonen blir ikkje betre, og eg er veldig betenkt på kva som kjem til å skje framover. Sesongen no ser dårleg ut. Jerven plar først starte sankinga si når det blir kaldare om nettene, så korleis det blir framover er eg uroa over.

Sau drepne av jerv

40 KADAVER: Til no er det funne kring 40 sauekadaver etter sauen sine herjingar i Sogn i sommar. Jerven grev ofte ned byttet for så å hente det igjen seinare.

Foto: Naddvik beitelag