Hopp til innhold

– Vanskeleg å henta ned sauene før den planlagde datoen

Naddvik beitelag gir lite støtte til Fylkesmannen sitt forslag om å henta sauene tidlegare ned frå beite, for å unngå at endå fleire sauer blir teken av jerv. No er nær 70 sauer drepne av rovdyret mellom Årdal og Lærdal.

Sau drepne av jerv

TO AV 70: To av sauene som er drepne av jerv i fjella mellom Årdal og Lærdal.

Foto: Naddvik beitelag

Nær 70 sauer og lam er til no drepne av jerv i området mellom Lærdal og Årdal. Dei store tapstala gjer at Fylkesmannen no utvidar skadefellingsløyvet på jerv, fram til 9. september.

– Flytt det fram det ei veke eller to

Men dersom det ikkje er nok, ber seniorrådgjevar i Miljøavdelinga til Fylkesmannen, Hermund Mjelstad, bøndene vurdera å henta sauene ned frå beite tidlegare enn planlagd.

– Det kan godt vera eit tiltak som kan vera fornuftig om dei har moglegheit til det. Det avheng både om dei har mat til sauene, om dei har folk til å henta dei ned. Så om dei har moglegheit til å flytte sankinga fram ei veke eller to, så trur eg det hadde vore lurt, seier Mjelstad.

Men Ole Bjarne Hovland, leiar i Naddvik beitelag, seier det er lite truleg dei endar opp med den løysinga.

– Nyttar ikkje

Ole Bjarne Hovland

FRUSTRERT: Ole Bjarne Hovland, leiar i Naddvik beitelag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er sjølvsagt noko me må vurdera når situasjonen er blitt slik den er blitt, men me held fram med jakt inntil vidare.

Snart byrjar også villreinjakta, og då får alle jegerane i området lov å bruka det skadefellingsløyvet på jerv.

– Det nyttar ikkje å ta ned sauene tidlegare, det har me ikkje kapasitet til, seier Hovland.

Dei har sett seg ut å henta dei 800–900 dyra rundt 7. september.

Jerv
Foto: Kjartan Trana

– Å ta dei ned tidlegare er krevjande, både å få mannskap, mat til sauene og andre ting. Det er ingen enkel situasjon for oss, men det er klart me må vurdera det framover.

Grunnane til at det ikkje er enkelt er fleire. Hovland har sjølv nettopp slått alle markene sine, og skal ha gjødsel på fredag.

– Nede i dei trange dalane har me dessutan 200 mål med beitemark. Det kan du ikkje fore 800-900 sauer på i lang tid. Me hadde ikkje hatt sauer utan beitemarkene på fjellet, seier han.

– Sitjande att som Svarteper

Hovland seier dei er i ein svært frustrerande situasjon.

– Me er saueholdarar og tenkjer på sauene våre.

– Me føler me blir sitjande som svarteper, og at ingen tek ansvar for den situasjonen me har kome i. Me føler oss åleine og pressa. Det som skjer no pressar næringa og pressar oss til å gi oss. Det er trist, for områda er veldig gode beiteområde for sau, seier Hovland.