Hopp til innhold

Trassa kulda for å vise støtte til Abenezer

Med minusgrader vil det nok vere lite freistande å tilbringe natta under open himmel. Men i Sogndal er det fleire som har gjort det denne helga.

Vibeke Johnsen og Unn Elin Lohne

NATTEVAKE: Vibeke Johnsen og Unn Elin Lohne stod på vakt frå kl. 4 til 6 natt til søndag.

Foto: Privat

Alt for å vise solidaritet med autistiske Abenezer som skal flyttast frå Sogndal når asylmottaket snart blir lagt ned.

Vibeke Johnsen er SV-politikar og med i støttegruppa rundt Abenezer og familien hans.

– Det er ein fin symbolikk. Vi heldt lys og varme i bålet og vil bruke eit døger på å vise solidaritet.

Sjølv har ho vaka ved bålpanna frå kl. 4:00 til 6:00 natt til søndag.

– Det var fem minusgrader. Det gjekk greitt, men det blei litt kaldt siste halvtimen, fortel ho.

Må flytte frå Sogndal

Støttemarkering for Abenezer

FÅR STØTTE: Abenezer framfor banneret som seier at han må få bli i Sogndal.

Foto: Vibeke Johnsen

Støttemarkeringa under parolen «Abenezer høyrer heime i Sogndal» starta laurdag kl. 16, og ho skal vare i eit døger.

Men dette vil dei ha merksemd rundt fem år gamle Abenezer som er fødd i Norge. Men foreldra som kjem frå Eritrea, har ikkje identifikasjonspapir og difor har dei fått avslag på søknaden sin om å få asyl her i landet.

Saka om den fem år gamle guten har vakt sterke kjensler i Sogndal. Spesielt etter at det i januar blei kjent at asylmottaket, der Abenezer bur saman med foreldre og to søsken, skal leggast ned. Alle bebuarane har fått beskjed om at dei må flytte frå kommunen.

Vibeke Johnsen og andre støttespelarar meiner at guten må få bli i Sogndal.

– Vi tykkjer det er urimeleg at han ikkje får opphald på humanitært grunnlag. Vi ønskjer at Abenezer skal få vere i eit miljø der han er kjent. Ei lita jente spurde: Vi har jo plass i Sogndal, kvifor må dei reise?

Også Bjarte Vatlestad har vore med på vaka. Han kjenner godt til familien og er ein av støttespelarane.

– Vi har ungar i same barnehage. Eg er også vernepleiar og difor kva ressursar som trengst for å gi autistiske born eit så verdfullt liv som mogleg.

– Men vil ei slik markering som dette hjelpe?

– Det veit eg ikkje, men vi får skapt meir merksemd rundt saka i alle fall.

Håper på mykje merksemd

Vibeke Johnsen fortel at har mange kome for å snakke med dei som stått på vakt.

– Då vi starta laurdag ettermiddag, var det mykje folk her. Mellom anna Abenezer og familien hans som hadde med seg vener og kjente.

Natta har vore rolegare, men fram til tretida kom folk bort fordi dei var nysgjerrige på kva som skjedde.

– Det var ikkje lagt opp til nokon massemønstring, men eit døger for å vise solidaritet. Vi er veldig nøgde med vaka så langt, og no håper vi mange kjem når vi skal avslutte.

Støttemarkering for Abenezer

SOLIDARITET: Målet er ikkje ein demonstrasjon med mykje folk, men at to-tre personar vakar ved bålpanna i eit døgn i solidaritet med Abenezer, fortel dei som står bak markeringa.

Foto: Mari Husabø