Hopp til innhold

Olaug Nilssen engasjerer seg for Abenezer

Den autistiske guten Abenezer får ikkje opphald i Norge. No engasjerer forfattar Olaug Nilssen seg i saka hans. Ho har sjølv fått stor merksemd for boka si om sin autistiske son.

Ambachew Adhanom og Olaug Nilssen

TREFTE FAR TIL ABENEZER: Her er Olaug Nilssen saman med far til Abenezer.

Foto: Vibeke Johnsen

– Autistiske born er avhengige av gode rutinar, og av å forstå omgjevnadane rundt dei. Då er det brutalt å skulle flytte på Abenezer, seier forfattaren.

Abenezer (5) er fødd i Norge. Foreldra kjem frå Eritrea, men har ikkje identifikasjonspapir i det heile, difor har dei fått avslag på søknaden sin om å få asyl her i landet.

Det er endå ikkje fatta eit endeleg utvisingsvedtak, men familien lever i uvisse.

Olaug Nilssen frå Førde vann Brageprisen for si bok «Tung tids tale», som handlar om den autistiske sonen hennar og livet etter at han vart fødd. No har ho engasjert seg i saka til fem år gamle Abenezer, som bur i Sogndal.

– Konsekvensen av å bli flytta på kan vere sjølvskading og forverring av autistiske symptom. Det at Abenezer har det så godt som han har det no, tenkjer eg må vere eit ekstremt viktig argument for at han skal få bli i Sogndal, seier Nilssen.

Abenezer

FAR OG SON: Her er Abenezer med far sin, Amebachew Geburu Adhenome.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Ikkje alvorleg nok til å få opphaldsløyve

Leiar Jorunn Midthun i Utlendingsnemnda (UNE) meiner på si side at barneautisme ikkje er alvorleg nok til å få opphaldsløyve. Sjølv om UNE følgjer myndigheitene sine reglar, hevdar Midthun at sjukdom ikkje er ein god nok grunn i seg sjølv til å få opphaldsløyve

– UNE sin praksis er at helsemessige forhold ikkje gir grunnlag for opphald. Vi har stor forståing for Abenezer og familien sin vanskelege situasjon. Men regelverket er strengt, og barneautisme er ikkje ein diagnose som er alvorleg nok til å få opphaldsløyve.

Det var først i eit innlegg på Facebook at Olaug Nilssen tok opp saka. Ho har også treft faren til femåringen i Sogndal.

Jorunn Midthun

IKKJE NOK TIL Å FÅ OPPHALDSLØYVE: Jorunn Midthun i UNE seier at autisme i utgangspunktet ikkje er nok til å få opphaldsløyve.

Foto: Kristine Masdal Aadne / NRK

«Det gjer inntrykk å møte ein far til eit barn med autisme som står på nippet til å miste hjelpeapparatet sitt i Sogndal kommune. La Abenezer og familien bli! Er det noko som er opphald på humanitært grunnlag, så er det vel dette.», skriv ho på Facebook-profilen hennar.

Korleis trur du at du hadde reagert dersom du hadde vore i same situasjon som foreldra til Abenezer?

– Eg får åndenød av å tenkje på det. Det er så viktig å ha eit apparat med riktig fagkompetanse, det hadde vore eit stort slag å miste det, seier Nilssen.