Abernezer Adhenome
Foto: Oddmund Haugen

– Eg tør ikkje tenke på korleis det skal gå med han

SOGNDAL (NRK): Norskfødde Abenezer (4) har alvorleg autisme. Likevel risikerer han å bli sendt ut av landet.

– Sjå på meg, Abenezer. Sjå på meg. Prøv å sjå på hit.

Mette Næss Olesen står på kne framfor Abenezer Adhenome i eitt av leikeromma i Kyrkjebakken barnehage i Sogndal. I snart fem minuttar har ho forsøkt å få augekontakt med den vesle guten, utan hell. Abenezer har store vanskar med det meste andre barn greier utan problem.

Han har ingen språk, og er fullstendig avhengig av å ha folk rundt seg. I barnehagen er det pedagog Olesen som har fulltidsansvar for den autistiske fireåringen.

– Eg tør ikkje tenke på korleis det skal gå med han dersom han blir sendt ut. Han er heilt avhengig av oppfølging. Her har han det bra. Og når barn har det bra, lærer dei betre.

Abenezer kunne fått opphald på humanitært grunnlag, i dette tilfellet fordi han har ein sjukdom. Men saman med resten av familien sin, har han fått endeleg avslag på asylsøknaden. Den norske legeforeningen meiner det skuldast ein svikt i systemet. Dei meiner fleire barn som kunne fått opphald på grunn av sjukdom, blir sendt ut av landet fordi UDI sine reglar om opphald på bakgrunn av sjukdom, ikkje er tilpassa barn.

– Reglane må bli endra

Ketil Motzfeldt Klem i Den norske legeforening meiner det må bli laga reglar som omfattar psykiske lidingar som er vanleg hos barn.

– Eg er kritisk til at reglane berre omfattar vaksendiagnosar. Dei inneheld ingenting om barnesjukdomar, seier Ketil Motzfeldt Klem i Den norske legeforening.

I reglane går det fram at barn sitt beste skal ivaretakast, og sjølv om Abenezer hadde hatt ein av sjukdomane som blir omtala i regelverket, kan det likevel vere omsyn som gjer at han hadde fått avslag på sin søknad om opphald.

Klem meiner likevel at reglane må bli endra.

– Det er grunn til å tru at det barn som kunne fått opphald, blir sendt ut fordi regelverket ikkje omfattar barnesjukdomar. Det er alvorleg. Dette er barn som treng oppfølging i Norge.

Abenezer, Amebachew og Lominat

OPPFØLGING: Snart fire år gamle Abenezer er fødd og oppvaksen i Sogndal der han bur saman med mor og far sin. Etter at familien fekk endeleg avslag på asylsøknaden sin er foreldra uroa for sonen si framtid.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kan hamne på gata

Saman med foreldra, bur Abenezer ei leilegheit knytt til asylmottaket i Sogndal. Kor lenge dei blir buande, veit dei ikkje.

– Visst ikkje alvorleg autisme er ein god nok grunn til å få opphald, skjønar eg ikkje kva som er det. Dette er diskriminering av barn, og må vere brot på menneskerettane, hevdar psykologen.

Psykologspesialist, Pål Iversen

Foreldra hevdar nemleg at dei kjem frå Eritrea, men dei har ikkje identitetspapir og har fått endeleg avslag på søknad om opphald i Norge. Sjølv om Abenezer er fødd og oppvaksen i Sogndal, har heller ikkje han fått opphald.

Det er førebels ikkje fatta eit utvisingsvedtak, og familien lever uvissa om framtida. Ein fortvila situasjon, seier far til guten, Amebachew Geburu Adhenome.

– Her i Norge får Abenezer den hjelpa han treng. Her vil han kanskje greie å få eit godt liv. Dersom han blir sendt til Afrika kjem han til å måtte tigge for pengar.

Meiner barn blir diskriminert

Det er eitt år sidan psykologspesialist Pål Iversen diagnostiserte Abenezer med autisme.

– Han er eit klassisk døme på alvorleg autisme. Det er nesten ikkje mogeleg for ein så ung gut å få ei meir alvorleg diagnose enn denne. Det er ei katastrofe for hans framtidige utvikling om han ikkje får bli i Norge.

Også Iversen er kritisk til myndigheitene sine reglar.

– Viss ikkje alvorleg autisme er ein god nok grunn til å få opphald, skjønar eg ikkje kva som er det. Dette er diskriminering av barn, hevdar psykologen.

Avviser kritikken

Statssekretær Fabian Stang (H) er derimot ikkje samd i at regelverket ikkje omhandlar barn. Han meiner det blir teke omsyn til barna sitt beste i asylsaker.

Fabian Stang i Frognerparken etter å ha blitt utnevnt til statssekretær for Sylvi Listhaug.

UEINIG: Statssekretær Fabian Stang (H) meiner det blir teke omsyn til barn sitt beste i asylsaker. – Det er ein eigen heimel for at omsynet til barn på generelt grunnlag skal leggjast vekt på.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Dette er ei av dei mange vanskelege sakene som UDI handsamar. Eg opplever at det blir gjort veldig samvitsfullt. Der barn er involvert, skal også barnet sitt beste leggast vekt på. Han ønskjer ikkje å kommentere Abenezer si sak, men snakkar på generelt grunnlag.

– Kvifor er det ikkje eit skilje i regelverket mellom barn og vaksne?

– Det er ein eigen heimel for at omsynet til barn på generelt grunnlag skal leggjast vekt på.

– Legeforeningen meiner at barn blir sendt ut av landet fordi regelverket er for vagt, kva tenkjer du om det?

– Nei, det er altså slik at i desse sakene skal omsynet til barnet leggjast vekt på i totalvurderinga.

– Ikkje alvorleg nok

Leiar Jorunn Midthun i Utlendingsnemnda (UNE) meiner på si side at barneautisme ikkje er alvorleg nok til å få opphaldsløyve. Sjølv om UNE følgjer myndigheitene sine reglar, hevdar Midthun at sjukdom ikkje er ein god nok grunn i seg sjølv til å få opphaldsløyve.

– UNE sin praksis er at helsemessige forhold ikkje gir grunnlag for opphald. Vi har stor forståing for Abenezer og familien sin vanskelege situasjon. Men regelverket er strengt, og barneautisme er ikkje ein diagnose som er alvorleg nok til å få opphaldsløyve.

Abenzer

- EI KATASTROFE: Psykologspesialist Pål Iversen meiner det vil vere ei katastrofe for Abenezer si framtidige utvikling om han ikkje får bli i Norge.

Foto: Bård Siem / NRK

Midthun vedgår at UNE ikkje sit på spesialkunnskap om autisme, men seier UNE har høve til å hente dette inn. Det blei ikkje gjort i Abenezer sitt tilfelle.

Gjer framsteg

I Kyrkjebakken barnehage har det vore små, men viktige framsteg for den vesle guten det siste året.

– Før fekk greidde vi ikkje å oppnå kontakt med han, men no kan vi tulle og tøyse. No greier han å stå i ro medan eg kler på han, før var han febrilsk. Det er godt å sjå at det går framover, seier Olesen.

Ho er usikker på om han nokon gong kan greie seg på eigahand, men ho meiner alt håp er ute dersom han ikkje får bli i Norge.

– Eg blir rett og slett dårleg av tanken på kva som skjer med han visst han ikkje får bli her.