Hopp til innhold

Meiner behandlinga av Abenezer (5) er eit brot på grunnlova og barnekonvensjonen

Sivilombodsmannen stiller seg sterkt kritisk til at Utlendingsnemnda (UNE) vil sende autistiske Abenezer ut av landet, utan at helsetilbodet i returland er vurdert.

Abenezer

AUTIST: Fem år gamle Abenezer har alvorleg autisme og er avhengig av hjelp frå fagfolk. Likevel vil Utlendingsnemnda (UNE) sende han ut av landet. No får UNE skarp kritikk frå Sivilombodsmannen som ber UNE sjå på saka på nytt.

Foto: Bård Siem / NRK

– Foreldra fortel at dette er første gong på mange år at dei føler håp, seier psykolog Pål Iversen i Sogndal.

Han har hatt Abenezer til behandling i fire og eit halvt år og meiner det vil vere katastrofalt for femåringen si medisinske utvikling å bli send ut av landet.

Her kan du lese heile historia om fem år gamle Abenezer.

Barnets beste

Sivilombodsmannen kom med si vurdering av saka i førre veke.

– Kravet om at ein skal vurdere barnets beste er sentralt og det følgjer både av barnekonvensjonen og gronnlova. Det er viktig at dette kravet blir følgt og vi har difor bede UNE behandle saka på nytt, seier Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger.

– Men er dette eit brot på barnekonvensjonen og grunnlova?

– Ja, vi meiner barnekonvensjonens krav om at ein skal vurdere barnets beste ikkje er følgt i denne saka.

Autisme

Guten har ikkje språk og er avhengig av omfattande oppfølging.

– Dersom ikkje alvorleg autisme er ein god nok grunn til å få opphald, skjønar eg ikkje kva som er det, seier Iversen.

– UNE har ikkje teke omsyn til barnet sitt beste. Dei har rett og slett ikkje gjort jobben sin, noko vi har hevda heile tida, legg han til.

Abenzer

FORNØGDE: F.v. psykolog Pål Iversen, Abenezer og mora hans er veldig fornøgde med uttalen frå Sivilombodsmannen. Dersom ikkje alvorleg autisme er ein god nok grunn til å få opphald, skjønar eg ikkje kva som er det, seier Iversen

Foto: Bård Siem / NRK

Ny vurdering

UNE har heile tida meint at dei har behandla saka på ein forsvarleg måte og svarar slik på kritikken frå Sivilombodsmannen.

– Vi forheld oss til brevet fra ombodsmannen, og det skal vi svara på med frist 24. november, seier seksjonssjef Ellen Kveine Evensen i UNE.

– Sivilombodsmannen ber UNE handsame saka på nytt. Kjem de til å gjere det?

– Ja, det vil vi gjere.

Systemsvikt

Saman med foreldra, bur Abenezer i ei leilegheit knytt til asylmottaket i Sogndal. Kor lenge dei blir buande, veit dei ikkje. Foreldra hevdar dei kjem frå Eritrea, men dei har ikkje noko dokument som kan stadfeste dette. Abenezer kunne fått opphald på humanitært grunnlag, i dette tilfellet fordi han har ein sjukdom. Saman med familien sin, har han fått endeleg avslag på asylsøknaden.

Abenzer

Abenezer er autist og er heilt utan språk. Han får tett oppfølging frå psykolog og frå personell i barnehagen i Sogndal

Foto: Bård Siem / NRK

Den norske legeforeininga har heile tida meint at avslaget skuldast ein svikt i systemet. Dei meiner fleire barn som kunne fått opphald på grunn av sjukdom, blir sende ut av landet fordi UDI sine reglar om opphald på bakgrunn av sjukdom, ikkje er tilpassa barn.

Tilfreds

Abenezer sin forsvarar, Yngvil Semb Hartmann, er tilfreds med uttalen frå Sivilombodsmannen.

– Det er ikkje Abenezer sin feil at han er fødd med dette handikapet og det er ikkje hans feil at foreldra ikkje har greidd å dokumentere identiteten sin. Sjølvsagt må 5-åringen få varig opphald i Norge, seier ho.