Hopp til innhold

Framtida til Abenezer i uvisse når mottaket blir lagt ned

Abenezer (5) har alvorleg autisme. No må han kanskje flytte frå behandlingstilbodet i Sogndal.

Abenezer

UVISS FRAMTID: Amebachew Geburu Adhenome fryktar for framtida til sonen Abenezer.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Må han flytte til ein stad som ikkje har same tilbod som i Sogndal, så er det katastrofalt for utviklinga hans, seier psykologspesialist Pål Iversen. Det var han som diagnostiserte femåringen med alvorleg autisme.

Abenezer er fødd og oppvaksen i Sogndal, men familien har aldri fått opphald. Fordi foreldra hans ikkje kan bevise at dei kjem frå Eritrea, slik dei seier at dei gjer, har dei fått endeleg avslag på søknaden sin.

Torsdag kom nyheita om at asylmottaket i Sogndal skal leggast ned. Alle bebuarane på mottaket har fått beskjed om at dei må flytte frå kommunen i løpet av dei neste månadane.

– Kva vil skje no? Det er smertefullt å ikkje vite, seier far til Abenezer, Amebachew Geburu Adhenome.

Skulle byrje på skulen

Abenezer har ikkje språk og treng hjelp til nesten alt. I barnehagen har han spesialpedagog og treng til ein kvar tid å vere under oppsyn.

– Vi treng hjelp med Abenezer. Skal vi flytte til ein annan stad så kjenner dei han ikkje. Her har han fått så god kontakt med lærarane og dei har allereie ein plan for han på skulen, seier Adhenome.

Pål Iversen

VIL UNNGÅ FLYTTING: Psykolog Pål Iversen har følgt opp Abenezer i fleire år.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Til hausten skulle Abenezer byrje på skulen i Sogndal. Sogndal kommune har allereie jobba i fire månader med tilrettelegging av skulegongen for femåringen.

Psykolog Pål Iversen seier at ei eventuell flytting av familien vil vere fagleg utilrådeleg

– Abenezer har kjempestore funksjonshemmingar og eit enormt behov for forsvarleg helsehjelp og opplæring. Det tek det lang tid å bygge opp, seier han.

Vil stille spørsmål til justisministeren

– Norge er forplikta av Barnekonvensjonen og det kan umogleg vere til barnet sitt beste å bli flytta slik som dette. Særleg når han har ein diagnose som både er alvorleg og så spesiell at det krevjast spesiell kompetanse for å handtere, seier Karin Andersen (SV).

Andersen er leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen. Ho vil stille spørsmål til justisministeren om det er mogleg å finne ei løysing slik at Abenezer og familien slepp å flytte frå Sogndal.

– Det burde vere rom for å la guten bli buande der han får god medisinsk oppfølging og at UDI kan betale for dette slik at dei slepp flytting med eit barn som er så sårbart.

Karin Andersen

STORTINGSREPRESENTANT: Karin Andersen meiner det burde opnast opp for at familien får bli i Sogndal sjølv om mottaket stengast.

Foto: NRK