Hopp til innhold

Pengane renn inn i hotelldrifta. No bygger dei ut

Hotel Alexandra i Loen bygger ut for 75 millionar kroner for å få drifta til å flyte enno betre.

Hotel Alexandra utvidar

UNDER BAKKEN: Utvidinga skal i hovudsak gje rom for tenester kundane ikkje ser, seier administrerande direktør Rikard Grov.

Foto: Rikard Grov / NRK

– Dette er den desidert største bygningsmessige satsinga på hotellet nokon gong, seier administrerande direktør ved Hotel Alexandra, Rikard Grov.

Hotellet er i ferd med å bygge ut eit multibygg i bakkant som skal blir 2100 kvadratmeter. I fjor hadde hotellet eit resultat før skatt på vel 7,4 millionar kroner. Det er betring frå 2014 då resultatet før skatt var på vel 5,4 millionar kroner.

– Ei naudsynt utbygging

– Tilbygget har vi planlagt over lengre tid. Det skal vere eit fundament for framtida. Vi er glade for at det endeleg blir bygt. Vi kunne ikkje ha utvikla oss vidare utan bygget.

Utbygget vender seg i større grad enn tidlegare mot naturen og har utsikt mot nybygget på Hoven og Skåla.

"Bygg Nord" har utvidinga blitt døypt. Med den får dei flytta ein del sentrale funksjonar ut av det eksisterande bygget, som teknikk, fryseri, vaskeri og nye varemottak.

– Alt dette er ting kundane ikkje ser, men som vi er avhengige av for at drifta skal flyte problemfritt.

Ikkje lønsam utviding

Dermed blir det frigitt areal i det eksisterande hotellet som vil bli brukt til ein ny hovudrestaurant og utviding av møtedelen av hotellet. Likevel reknar ikkje direktøren med at investeringa vil auke omsetnaden ved hotellet.

– Viss du ser på denne investeringa heilt isolert vil den ikkje vere noko bedriftsøkonomisk god investering. Men det er ei god investering med tanke på at hotellet blir litt betre.

I dag har Alexandra 170 tilsette. Draumen til direktøren er at hotellet skal halde fram å vekse, også etter utvidinga.

– Vi har draumar og tankar om å fortsette å vekse. Så når vi opnar dette bygget neste år, vil vi nok drøyme vidare for å sjå korleis vi kan utvikle oss vidare.