Hopp til innhold

No blir det gondolbane og restaurant på Hoven

Det blir gondolbane til fjellet Hoven i Loen, og restaurant på toppen. Det er klart etter at dei siste formelle hindringane no er rydda av vegen.

Gondolbane til Hoven i Loen.
Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor

– Vi sette i gang med førebuingane med ein gong vi fekk konsesjon, og det er ikkje lenge før vi er i gang med dei første støypingane seier ein nøgd Alexandra-direktør, Richard Grov.

Hotelldirektøren er ein av initiativtakarane til dei luftige planane i Loen. For få dagar sidan gav Jernbanetilsynet grønt lys til gondolbanen, og dermed kunne også Fylkesmannen gi konsesjon til prosjektet.

Opning i 2017

Hotelldirektør ved Alexandra

HAR FÅTT GRØNT LYS: Richard Grov er direktør for Hotel Alexandra i Loen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Når vi no har fått konsesjon betyr det at vi kan halde framdriftsplanen vår, der målet er drift frå mai 2017, seier Grov.

Prosjektert er kostnadsrekna til vel 207 millionar kroner. Det omfattar både bygging av restauranten på toppen av fjellet Hoven, og gondolbanen opp. Etter planen skal gondolbanen stå klar til bruk i desember 2016/ januar 2017.

Created by InfoDispatcher

– Det betyr at då har vi trygg transport opp på Hoven vinteren 2017 når vi skal gjere dei siste byggearbeida på restaurantbygget og innreiinga av det, og samstundes får dei som skal drifte bana viktig erfaring, seier Grov.

Viktig for reiselivet

– Det er eit veldig spesielt prosjekt der du kan gå frå fjord til ein fjelltopp på 1010 meter. Dette finst det ikkje makan til i vår verdsdel.

Og at det er langt mellom tilsvarande prosjekt her i landet vitnar telefonen han fekk frå Jernbanetilsynet om.

– Dei sa då at det var 52 år sidan sist dei hadde ein tilsvarande søknad på bordet.

– Kva trur du dette kan få å seie for reiselivet?

– Dette er ei prosjekt som vil betyr mykje, ikkje berre for Stryn men for reiselivet i heile fylket. Vår ambisjon har heile tida vore å skape eit fyrtårnprosjekt innan reiselivet, som og blir lagt merke til internasjonalt, og det trur eg vi skal få til, seier Grov.