Hopp til innhold

Privatmerkte stiar skaper bråk i fjellet

Sjølv om intensjonane er gode, bør du tenke deg godt om før du merker eigne stiar i fjellet.

Den Norske Turistforening (DNT) sin røde T i fjellet.

T FOR TRYGT: Den Norske Turistforening merkar sine stiar med raude T-ar. Dei seier det er viktig at det ikkje oppstår forvirring om kva stiar som er DNT-attesterte og ikkje.

Foto: Eivind Haugstad Kleiven

Ein dag i førre veke blei det oppdaga raud spray langs austegga av det ikoniske fjellet Storehesten i Bygstad i Sunnfjord kommune.

Utan at det var klarert hadde nokon tatt på seg å merke den alternative ruta til toppen.

Ei rute som Den Norske Turistforening (DNT) omtalar som «ikkje å anbefale utan at ein er godt kjend, eller har med seg nokon som kjenner stien frå før».

Privatmerking av tursti

IKKJE LOV: Det er fleire problematiske sider ved å merke eigen sti i fjellet, men først og fremst er det ikkje lov. Ved Storehesten i Bygstad har nokon merka fleire steinar med raud spray.

Foto: Helge Kårstad

Turen langs austegga er nemleg krevjande, med bratte parti og stor fallhøge.

Eg ville ikkje tatt med folk opp der utan tau, seier Kjell Arne Hjellbrekke.

Han er leiar for sti- og merkenemnda i Indre Sunnfjord turlag, eit lokallag under DNT. Han har sjølv gått den nemnde ruta.

– Det er sva og det er glatt når det er vått. Spesielt utpå hausten er det også is, seier han.

Kjell Arne Hjellbrekke

Kjell Arne Hjellbrekke i Indre Sunnfjord turlag fryktar at raud merking for tett opp mot DNT sine eigne merkingar skapar forvirring.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Fryktar merkinga kan forvirre

Facebook har grunneigar Helge Kårstad karakterisert den eigen-initierte merkinga som «ikkje greitt».

Han trur ein fjellvant lokalperson tok på seg å merke vegen for at turen langs austegga skulle bli mindre krevjande.

Men at det som sikkert var ein velmeint idé «ikkje var særleg gjennomtenkt» all den tid det finst eit tryggare og «sertifisert» trasé-alternativ.

Turistforeininga sine stiar er merkt med den attkjennande T-en.

Helge Kårstad

Det var tysdag 1. august Helge Kårstad lufta frustrasjonen sin på Facebook: – Det er sikkert gjort i god meining.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Hjellbrekke i Indre Sunnfjord turlag forklarar at det er viktig at det ikkje oppstår forvirring om kva stiar som er DNT-attesterte og ikkje.

Om DNT hadde merkt austegga av Storehesten, ville løypa fått svart gradering og det ville vore tiltak med sikring av vaier.

– Viss nokon skal merke med raude prikkar, må den starte godt unna våre ruter slik at det ikkje oppstår forvirring, seier Hjellbrekke.

Sørøya tursti

Nestleiar for Landsråd Røde Kors Hjelpekorps, Kenneth Gulbrandsøy, forklarar at det er fleire farar ved privatmerking.

Foto: Andrè Bendixen / NRK

– Nokre problematiske sider

Merete Løvoll Rønneberg har skrive fleire turbøker i serien Opptur.

Ho seier det er «kjekt med lokale initiativ», men peikar på fleire årsaker til at privatmerking av turiststiar er problematisk.

For det første er det ikkje lov å merke eigne stiar utan avtale med grunneigar.

– Du tar deg jo ikkje til rette på annan mann sin grunn utan å ha ein avtale om det. Og så bør du jo ha tenkt igjennom kven som skal ha ansvaret for denne stien. Ein ting er jo å merke det opp i første omgang, men dette skal jo haldast ved like, forklarar ho.

Vidare peiker ho på dei nasjonale standardane for merking, og at det er klare forventingar til ein tursti frå DNT.

– Viss eg går ein T-merkt sti, så opplever eg at turistforeininga er opptekne av sikkerheit. Og at ein del vanskelege parti gjerne er sikra med kjetting eller stigar.

Storehesten

Det er fleire vegar til toppen av idylliske Storehesten. Men alle er ikkje like trygge.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kan vere utrygt

Nestleiar for Landsråd Røde Kors Hjelpekorps, Kenneth Gulbrandsøy, forklarar at det er fleire farar ved privatmerking, og at all merking bør skje innanfor rammene av regelverket.

Han peiker på at eit problem er folk som bygger eigne vardar. Dette kan føre folk vekk frå den originale stien.

– Det skjer jo kvart år at folk går seg skårfast. Det er ikkje uvanleg, forklarar han.

Merete Løvoll Rønneberg

Merete Løvoll Rønneberg syns det i utgangspunktet er kjekt at lokalkjende tar ansvar. Men ho peiker på at det også er problematisk.

Foto: Privat