Alexandra måtte ta milliontap på familieinvestering i høgfjellet

Hotellfamilien Grov i Loen måtte i fjor ta eit tap på 2,5 millionar kroner på investeringa i eit høgfjellshotell i Gudbrandsdalen. Marknaden for høgfjellshotella har vore svært vanskeleg.

Wadahl Høgfjellshotell

TOK TAP: Grov-familien eig i dag Wadahl Høgfjellshotell på Gålå gjennom to ulike selskap. I fjor tok dei eit tap på 2,5 millionar på eit lån Alexandra Hotel gav til hotellet.

Foto: visitnorway.com

Grov-familien er i hovudsak kjende for at dei eig Alexandra Hotel AS i Loen, med dei to hotella Alexandra og Loenfjord. På midten av 2000-talet gjekk familien inn på eigarsida i det kjende hotellet Wadhahl på Gålå i Gudbrandsdalen.

Men marknaden for høgfjellsturisme fall med eit brak, og no får dette millionkonsekvensar for rekneskapen til Alexdra Hotel AS.

– Vi gjekk inn for ein del år tilbake inn med eit ansvarleg lån i Wadahl Høgfjellshotell i Gudbrandsdalen. Vi såg den gongen ein moglegheit for å vere med på synergieffektar av at Alexandra hadde ein partner austafor. Dei vurderingane vi gjorde då slo ikkje til, seier Alexandra-direktør Richard Grov til NRK.

Avslutta samarbeidet

I følgje rekneskapen til Alexandra Hotel AS vart lånet til Wadahl på 2,5 millionar teke som tap i 2013. Det førte til at årsresultatet for hotellkonsernet i fjor vart eit overskot på 1,6 millionar, i staden for rundt fire millionar.

– Vi ønska i fjor å avslutte det samarbeidet på den økonomiske sida og ta ei avskriving, og ikkje ha nokon økonomiske bindingar mot Wadahl, seier Richard Grov til NRK.

Richard Grov

ALEXANDRA-SJEF: Richard Grov.

Foto: privat

På andre sida av fjellet er det bror hans, Trygve Grov, som no styrer Wadahl Høgfjellshotell. Dei har enno ikkje levert årsresultat for 2013, men i 2012 tapte hotellet over 15 millionar kroner på ein omsetnad på berre 17 millionar.

– Vore veldig tøft

Aksjekapitalen gjekk tapt for hotellet som er heileigd av to av selskapa i Grov-familien, Grov AS og Wadahl Utvikling AS.

– Det har vore veldig tøft dei siste åra, men alt tyder på at vi i år går i pluss. Vi har hatt ein bra vår, og ser ut til å få ein bra haust, seier Trygve Grov til NRK.

Særleg bortfallet av danske skituristar til Gålå-området vart ei hard nøtt å knekke for Wadahl, og ei rekkje andre høgfjellshotell i Sør-Norge.

– Det er mange arbeidstimar for å få dette til, men det er jo det som er kjekt med denne næringa. Ein må jobbe hardt, seier Grov.

Solid eigenkapital

I Loen sit storebror Richard på toppen i Alexandra Hotel AS, som i fjor hadde driftsinntekter på over 156 millionar før utgifter, og ein positiv eigenkapital på over 48 millionar kroner.

– Vi har dei siste åra hatt veldig jamne driftsresultat, og vi er veldig og stolte av resultatet vi trass alt klarte å oppnå i 2013. Vi trur at 2014 kjem til å bli kneppet betre enn i fjor. Vi ser at internasjonal turisme har ein auke, og vi ser at det er ein god etterspurnad etter dei produkta vi tilbyr, sler Richard Grov fast.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.