Hopp til innhold

Ekstremt mange kastar seg utfor det 1011 meter høge fjellplatået

LOEN (NRK): For halvanna månad sidan opna ei av verdas brattaste gondolbane i Loen. Ein slik attraksjon gir nye moglegheiter for ekstremsportutøvarane.

Basehopping i Loen

KASTAR SEG UTFOR: Gondolbana i Loen tek deg rett opp til tusen meter over havet, men ekstremsportutøvarane har sin eigen måte å kome ned på.

Basehopparen Jarle Molvær synast Hoven er ein fin plass å trene. Med rundt 1000 besøkande kvar dag har basehopparane godt med publikum.

Loen

TO AV DEI SOM HOPPAR: Kristoffer Østen og Jarle Molvær.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Du får bygga opp sjølvtilliten og kome i gang i byrjinga av sesongen, seier Molvær.

Med to ulykker i Aurland har diskusjonen om å forby basehopping blussa opp. Ein som ønsker eit forbod er ordførar Noralv Distad i Aurland. Justisdepartementet ønsker derimot ikkje å forby sporten.

– Hoven er eit trygt og fint hopp. Det er ikkje her ein vert mest nervøs. Litt risiko er alltid involvert, som med det meste andre ein gjer i livet, seier basehoppar Kristoffer Østen.

Basehopp i Loen

KASTAR SEG UTFOR: Basehopparane Kristoffer Østen og Jarle Molvær i fritt svev over Loen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Har kome brått på

Den store interessa blant ekstremsportutøvarane har kome brått på. Etter opninga av gondolbana til Hoven i Loen har talet på basehopparar auka kraftig.

Arne Reme

ER IKKJE BEKYMRA: Arne Reme, driftansvarleg for Loen skylift.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Arne Reme i Loen Skylift er ikkje uroa over at så mange vil kaste seg utfor kanten av det 1011 meter høge fjellplatået.

– Vi har løpande diskusjon i forhold til sikkerheit, seier Reme.

Det er også snakk om å lage retningslinje for hoppinga. Men i mellomtida ventar basehopparane til gondolen er heilt oppe eller nede før dei slenger seg utfor.

Basehopp i Loen

BASEHOPP I LOEN: Jarle Molvær og Kristoffer Østen gjer seg klare til å hoppe.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Ein attraksjon i attraksjonen

Ordføraren i Stryn, Sven Flo, seier at han er positiv til at basehopparar nyttar seg av tilbodet som Loen skylift gjev.

Sven Flo

POSITIV TIL BASEHOPPARANE: Sven Flo, ordførar i Stryn.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dei har blitt ein attraksjon og folk tykkjer det er spektakulært å sjå på når dei hoppar, seier han.

Ordføraren seier at det er viktig at dei som hoppar der er profesjonelle og har god kontroll. Han trur ikkje på eit forbod.

– Vi ønskjer ikkje ei feil utvikling her. Om det skulle bli nødvendig vil vi jobbe saman med basehopparane og Loen skylift for å sjå kva tiltak som kan gjerast, seier han.