– Ein kvar aktivitet knytt til ekstremsport har ei viss fare. Også i vårt område. Det er alltid ei underliggande bekymring, seier Sven Flo som er ordførar i Stryn.
Loen Skylift i Stryn opna i mai, og gondolbana tek folk til toppen av fjellet Hoven på kort tid. Sidan då seier Flo at det har blitt meir luftsportsaktivitet frå fjellet. Dermed aukar uroa for at det kan skje ulukker.
Onsdag skjedde det to alvorlege basehoppulukker i Aurland. Ein mann frå USA mista livet i Gudvangen, og ein annan ligg framleis alvorleg skadd på Haukeland sjukehus etter eitt fall i Flåm. Ordførar i Aurland, Noralv Distad har lenge ønskt seg eit forbod mot basehopp i kommunen.
Følger med på aktiviteten
Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier dei allereie har vore i kontakt med dei som driv Loen Skylift, for å forsøke og kartlegge kven som eigentleg kjem til Hoven for å hoppe.
Han seier det alltid er ei viss bekymring for at det kan skje ulukker også i Stryn. Ifølgje Flo har det førebels vore profesjonelle basehopparar som har hoppa under kontrollerte forhold frå fjellet.
– Førebels har vi ikkje sett at det er ei så stor utfordring her, at vi vil stå i front for eit forbod, seier Flo.
Men han vil ikkje bruke lang tid før han legg inn restriksjonar for luftsportsaktiviteten i kommunen om det blir ei problemstilling.
– Det er ei reell problemstilling at vi kan få hopparar her som er uerfarne eller ikkje greier å tolke fjellet, formasjonane eller vinden, seier han.