Normal

Slik skal dei få dei grønaste kunstgrasbanene i landet

Med midlar frå Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane skal alle kunstgrasbanene i Sogn og Fjordane få installert filter som hindrar at mikroplast hamnar i avløpssystemet.

Gummigranulat-filter, kunstgrasbaner

STOLT: Trond Teigene (adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Svein Olav Myklebust (dagleg leiar i fotballkretsen), Frank Tore Tveit (fylkeskommunen) og Tore Dvergsdal (regionbanksjef i Sparebanken Vest) viser stolt fram dei nye filtera som skal installerast på alle kunstgrasbaner i Sogn og Fjordane.

Foto: Inger Marie Lien / Sparebanken Sogn og Fjordane

– Vi er veldig fornøgde med å kunne rulle ut dette prosjektet. Vi har jobba systematisk med å få nøyaktige tal på klubbar, eigarforhold og tal kummar, og er det einaste fylket som har laga oss så god oversikt på behovet for granulatfilter, seier Frank Tore Tveit, konsulent i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Årleg hamnar over 1500 tonn med mikroplast frå kunstgrasbaner ut i naturen frå dei om lag 2000 kunstgrasbanene i landet. Det er berre bilkøyring som produserer meir mikroplast enn kunstgrasbaner.

Installerer filter

Tidlegare i år vedtok Stortinget at alle kunstgrasbaner i landet skal ha utstyr for å samla opp gummigranulat innan 1. januar 2019.

Slikt utstyr er til dømes filter som vert sett i avløpa rundt bana for å hindra at gummikulene hamnar ned i avløpssystemet. Liknande filter er også tatt i bruk av enkelte klubbar i Telemark.

– I samband med vinteropne banar og snøbrøyting forsvinn det store mengder granulat ut av anlegga dersom ein ikkje har innarbeidd gode rutinar for snødeponering og tilbakeføring av granulat til kunstgrasbana når snøen smeltar. Der ein vel å ikkje brøyte, og der det er ein snøfattig vinter, er det langt mindre mengder granulat som forsvinn, seier Svein Olav Myklebust som er dagleg leiar i fotballkretsen i Sogn og Fjordane.

gummigranulat levermyr

PROBLEM: Slik såg det ut på Levermyr stadion i Grimstad i vinter. Gummikuler som følgde med snøen under brøyting enda rett opp i avløpet då snøen smelta. Eit problem som har gått igjen over heile landet.

Foto: Asbjørn Odd Berge

Spleiselag

Av dei om lag 2000 kunstgrasbanene som er i Noreg ligg rundt 50 av dei i Sogn og Fjordane.

– Vi har tidlegare investert mykje i kunstgrasbaner i fylket, som også har fått kritikk på grunn av mikroplasten. Då er det ekstra gledeleg å endeleg kunne fortelje at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har blitt med i dette samarbeidet, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Også Sparebanken Vest er med på finansieringa av avløypsfilter.

I fjor vart landets første kunstgrasbane utan gummikuler og sand opna i Trøndelag.

Vegopning på Bergum i Førde kommune