Hopp til innhold

Politiet: – Minibankangrepa var fjernstyrte

Rumenarane bora hol og kopla datamaskina til minibanken. Så tok ein fjerde person i Spania over jobben med å tappe minibanken for pengar.

Overvakingsbilete av sikta i Porsgrunn.

TURNERTE: I løpet av vel ei veke fekk mennene med seg kring 15.000 kroner frå minibankar i Norge. Mennene har erkjent å ha slått til mot minibankar i Jølster, Stryn, Ski, Porsgrunn og Fredrikstad.

Foto: Politiet

Mennene avviser at dei kom til Norge for å tømme minibankar. Dei avviser å vere del av eit kriminelt nettverk.

Minibank i Stryn

BORA HOL: Slik såg minibanken i Stryn ut etter innbrota. Hola rumenarane bora er godt synlege ved sidan av skjermen og tastaturet.

Foto: Politiet

Politiet meiner derimot at dei tre rumenarane stod for den fysiske jobben, medan ein person i utlandet fjernstyrte manipuleringa av minibankane.

– Denne personen gjorde den tekniske biten på data for å manipulere minibanken til å spytte ut pengar, seier politibetjent Sindre Breda.

Hjelp frå Spania?

Onsdag forklara politibetjenten og kollega Eirik Krossen seg for Sogn og Fjordane tingrett. Tre tiltalte menn har erkjent å ha manipulert minibankar i Norge.

Alle vart pågripne etter eit såkalla «black boxing»-angrep mot minibanken i Stryn i fjor.

I etterforskingsarbeidet fatta politiet mistanke til ei IP-adresse, som peika mot ei datamaskin og ein fjerdemann i utlandet.

Tek ut pengar frå minibank i Ski

KOPLA TIL: Politiet meiner mennene kopla ei datamaskin til minibanken, som her i Ski, og lét ein fjerdeperson i utlandet stå for sjølve manipuleringa.

Foto: Politiet

IP-adresse er ein unik identifikator, eller adresse, som blir gjeven ei eining i eit TCP/IP-basert datanettverk.

– IP-adressa kunne knytast til Spania, men innan dataverda finnast det mange måtar å få det til å stå fram som om ein sit i eit anna land enn ein gjer, seier Breda.

Irland og Frankrike

Forsvararane ynskjer ikkje å kommentere opplysningane politiet kom med i forklaringa si.

Rumenarane spraya kameraet ved minibanken i Stryn.

SPRAYA: I eit forsøk på å bli avsløra, spraya rumenarane kameraet ved minibanken i Stryn.

Foto: Politiet

Politiet fortalde at mennene også er mistenkte for å stå bak fleire minibank-innbrot i Frankrike i desember 2016. Dei er også i tett dialog om innbrot i Irland berre ein månad før mennene vart pågripne i Norge.

Mennene har erkjent å ha vore saman i Irland før dei kom til Norge.

I retten presenterte politiet ein chattelogg frå ein av dei beslaglagde mobiltelefonane. Politiet meiner loggen knyter mennene til «black boxing» i fleire land.

– Vi henta informasjon frå Nederland, Sverige, Slovenia, Kroatia, Frankrike og Irland om datoar dei har hatt black box-innbrot. Dei passar med chatteloggane, seier Krossen.

Kan komme krav

Krossen seier at norsk politi har levert noko av etterforskingsmaterialet til politi i aktuelle land. Irland og Nederland har bede om å få utlevert saksdokument.

– Det kan også vere mogleg at andre land vil gjere det same, seier Krossen.

– Vil det komme krav om utlevering når mennene er ferdige å sone her i Norge?

– Enkelte land har sagt at dei ynskjer det.

Betre enn å rane kvinner

Mennene har forklara at dei var tomme for pengar og ikkje såg anna moglegheit enn å slå til mot minibankane.

– Vi trengde pengane til mellom anna å reparere bilen. Det er betre å tappe pengar frå ein minibank enn å rane kvinner på gata, sa den eine tiltalte tysdag.

– Politiet meiner det er organisert på ein litt anna måte enn det som har kome fram til no, svarar Krossen.