Hopp til innhold

27 personar arrestert over heile Europa etter minibankinnbrot

Då politiet etterforska innbrotsforsøket i minibankane i Stryn og på Skei kom det fram at same metode er nytta i seks andre europeiske land.

Minibankinnbrot

METODE: Slik såg minibanken på Skei ut etter innbrotsforsøket i februar.

Foto: POLITIET

– Undervegs i etterforskinga fann vi ut at det vart brukt ein spesiell framgangsmåte, og då vi hadde kontakt med Kripos kom det fram at same metode var brukt i fleire andre land i Europa, seier politiadvokat Inger Beth Fosse.

23. februar vart det oppdaga at nokon hadde prøvd å tappe minibanken i Stryn for pengar og få dagar etterpå vart det same oppdaga ved minibanken på Skei i Jølster kommune. I tillegg har det blitt gjort innbrotsforsøk i tre bankar på Austlandet.

I Norge er tre rumenarar sikta for grovt skadeverk, innbrot i datasystem og forsøk på tjuveri. Dei vart denne veka varetektsfengsla i nye åtte veker. I seks andre europeiske land sitt 24 andre arrestert for dei same lovbrota.

Overstyrte datasystem

Framgangsmåten dei har brukt vert kalla «Black Box Attacks» av Europol og vert gjort på følgjande måte.

  • Det vert bora hol i minibanken for å få tilgang til datasystemet og programvara i minibanken.
  • Der koplar tjuvane seg på med ei ekstern tilkopling som dei nyttar til å overstyra banken.
  • Ved hjelp av dette dataprogrammet legg dei inn ordre om at minibanken skal gje ut alle pengane som er der.
politiadvokat Inger Beth Fosse

POLITIADVOKAT: Inger Beth Fosse.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi vart invitert av Kripos til Haag i Nederland der vi låg fram funna frå vår etterforsking for Europol. Der møtte vi representantar frå andre europeiske landa som har hatt liknande tilfelle og det viste seg at akkurat same metode vart brukt der, seier Fosse.

Etterforskinga av dei fem manipuleringsforsøka av minibankar i Norge har blitt leia frå Stryn. Politiet mistenker at det kan vera snakk om ein større organisert gjeng som har operert over heile Europa, men har ikkje fått dette stadfesta.

– I to av manipuleringsforsøka har dei fått med seg pengar. Mellom 10 til 15.000 kroner, medan dei tre andre forsøka har vore mislukka, seier Fosse.

Dei andre landa der personar har blitt arrestert er Tsjekkia (3), Estland (4), Frankrike (11), Nederland (2), Romania (2), Spania (2) og Norge (3).

Europol har det siste året fått inn rapportar om svindel frå ti land og ei auke på nær 300 prosent. I 2016 vart over tre milliardar kroner vekke som følgje av minibanksvindel.

Forsøkte å robbe minibank

STRYN: Det var etter innbrotet i minibanken i Stryn politiet fekk arrestert fire personar mistenkt for forsøk på minibankmanipulasjon. Ein av dei fire vart kort tid etter sjekka ut av saka.

Foto: Roger Vik

Kreative politifolk

Politiet kom på sporet av dei tre rumenarane etter tipset om innbrot i minibanken i Stryn.

– Vi fekk tips om innbrotet mitt på natta og det er ikkje mange bilar ute på natta i vårt distrikt, seier Fosse.

Då kontakta operasjonssentralen i Florø brøytemannskapa på Strynefjellet. Dei hadde sett to bilar som passerte i tida etter innbrotet.

– Då tok vi kontakt med politiet i Lom og Skjåk. Dei stoppa dei to bilane og fire personar vart arrestert, seier Fosse.

Den eine av dei fire vart fort sjekka ut av saka, medan dei tre siste framleis sitt varetektsfengsla.