Hopp til innhold

Internasjonal interesse for politietterforsking

FØRDE (NRK): Irland og Nederland har fatta interesse for etterforskinga av dei tre rumenarane tiltala for manipulering av minibankar i Norge.

Overvakningsbilete i Stryn

SLO TIL: Berre timar etter at dette overvakingsbiletet vart teke i Stryn, vart dei tre rumenarane pågripne av politiet i Gudbrandsdalen.

Foto: Politiet

– Vi har funne spor som kan knyte dei til liknande «black box»-angrep i andre land, seier aktor politiadvokat Inger Beth Fosse.

Også i utlandet

Black box-angrep på minibank i Ski

SKI: Rumenarane fekk med seg kring 15.000 kroner frå innbrot i minibankar i Ski, Porsgrunn og Stryn. På Skei og i Fredrikstad fekk dei derimot ikkje ut pengar.

Foto: Politiet

Dei tre rumenarane vart pågripne i Gudbrandsdalen etter at dei bora hol i minibanken i Stryn og ved hjelp av ei datamaskin fekk minibanken til å «spy ut» pengar. I løpet av vel ei veke fekk tjuvane ut kring 15.000 kroner frå tre minibankar.

Politiet meiner å knyte mennene til tilsvarande angrep også i utlandet.

– Nederland ynskjer å avhøyre dei tiltalte i vår sak. Vi kan ikkje sjå vekk ifrå at dei kan bli kravd utlevert til Nederland, seier Beth Fosse.

Aukande problem i Europa

Denne type angrep er i kraftig vekst i Europa og auka, ifølgje den europeiske foreininga for trygge transaksjonar (EAST), med over 300 prosent frå første halvdel av 2016 til same periode i fjor (ekstern lenkje).

I alt forsvann over 1,5 millionar euro frå minibankar i 11 land. Over ein million dollar vart «spydd ut» då USA opplevde sine første angrep i januar i år (ekstern lenkje).

Minibanken i Stryn

BORA HOL: Slik såg minibanken i Stryn ut etter innbrota. Hola rumenarane bora er godt synlege ved sidan av skjermen og tastaturet.

Foto: Politiet

Dei tre rumenarane er sikta for i det som er det første «Black box»-angrepet i Norge. Roar Kvassheim, leiar i vinningsgruppa i Oslo, har tidlegare sagt til NRK at det var viktig med ei tidleg pågriping i saka.

– I mange samanhengar ser vi at det blir sendt ut fortroppar som prøver ut. Når dei blir tekne, så sender det klare signal til andre med same tankar, sa han.

Irland vil sjå dokument

Irland er eitt av landa som siste åra har blitt råka. Under første dag av rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett vart i dag klart at dei tre rumenarane var her før dei kom til Norge. No har irane bede om å få sjå dokumentasjonen frå etterforskingsarbeidet.

Rettssak

FORSVARAR: Ole-Petter Grythe Hoff (t.v.), her saman med forsvarar Ivar Blikra, representerer den eldste av dei tiltalte i saka.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Dei tre er også blant 27 arresterte i Tsjekkia, Estland, Frankrike, Nederland, Romania, Spania og Norge for slike innbrot.

– Min klient ynskjer ikkje å svare på spørsmål om ting som ikkje er del av tiltaleavgjerda, seier forsvarar Ole-Petter Grythe Hoff.

Lang chattelogg

Politiadvokat Fosse meiner ein chattelogg på fleire tusen sider blir viktig som bevis som kan knyte rumenarane til internasjonal kriminalitet.

– Med den chatteloggen kan vi tidfeste kva tid ein av våre menn chattar med andre. Det kan tidfestast til angrep i Norge og andre land, seier ho.

Alle dei tre erkjende straffskuld for innbrot i minibankane då saka starta i dag. Rettssaka er venta å vare ut veka.