Hopp til innhold

Slike innbrot har aldri vore på norsk jord før

Saka mot dei tre rumenarane sikta for å ha manipulert minibanken i Stryn er utsett. Årsak; politiet meiner dei har ytterlegare tre minibankar på samvitet.

Black Box-angrep

NYTT: «Black box»-angrep mot norske minibankar er heilt nytt, men det er likevel ikkje grunn til å frykte noko bølgje av det. – At «første puljen» blir stogga og fengsla vil leggje ein dempar på lysta hos fleire til å prøve seg, og reduserer dermed risikoen for ei bølgje, seier Roar Kvassheim, leiar i vinningsgruppa i Oslo.

Foto: Politiet

Mennene i 20- og 30-åra vart denne veka varetektsfengsla i ytterlegare fire veker, på grunn av ytterlegare etterforsking.

Dei tre er no sikta for innbrot og forsøk på innbrot på minibank i Stryn , på Skei, i Ski og i Porsgrunn. Kripos er også kopla inn i etterforskingsarbeidet.

På veg ut av landet

Mennene var på veg ut av landet då dei vart pågripne i Lom 23. februar. Dagen etter skulle dei etter planen levere tilbake bilen dei leigde i Oslo 14. februar.

I følgje ein kjennelse frå Fjordane tingrett køyrde mennene i denne perioden 4.400 kilometer. Etter det NRK kjenner til meiner politiet at mennene lukkast med manipuleringa i to minibankar og fått ut nær 15.000 kroner.

Under pågripinga fann politiet både verktøy, ein kvit sprayboks og arbeidshanskar. Ein laptop avslørte at mennene hadde søkt på internett etter «minibank i Norge».

Første gang i Norge

Roar Kvassheim

KJENNER TIL: – Vi kjenner til metoden frå kontinentet, men har aldri sett det i Norge før, seier Roar Kvassheim om minibankinnbrota i Jølster, i Stryn, Ski og Porsgrunn.

Foto: Petter Sommer / NRK

Grunna kursing i politiet har det ikkje lukkast NRK å få kommentarar frå etterforskarane ved Stryn lensmannskontor eller politiadvokaten hos Vest politidistrikt. Kripos ynskjer ikkje å kommentere saka, då den er under etterforsking.

Metoden er kalla «Black box»-angrep. Tjuvane borar eit hol i minibanken og overstyrer programvara med ein mobiltelefon eller datamaskin slik at minibanken «spyr» ut pengar.

– Det er utbreitt på kontinentet, så vi har kjent til det. Men det er første gang vi ser det i Norge, seier Roar Kvassheim, leiar i vinningsgruppa i Oslo.

– Dei treng arbeidsro til å bore og det avgjer vel kva minibankar dei slår til mot?

– Det er naturleg at dei går på minibankar som står i område der det er mindre sjansar for å bli oppdaga.

Trur ikkje på bølgje

Politiet i Vest politidistrikt meiner innbrota ber preg av å vere organisert, men Kvassheim trur ikkje det er noko stor grunn til å frykte ei bølgje med liknande innbrot.

Mellom anna på grunn av den raske oppklaringa.

– Vi må nok vere budd på at det kan skje igjen, men pågripinga var veldig viktig. Vi ser i mange samanhengar at dei sender ut fortroppar som prøver ut, og når dei blir tekne og fengsla så sender det klare signal til andre som går med same tankar, seier Kvassheim.

– Er det meir som tilseier at vi ikkje treng frykte noko bølgje?

– Det er ei totalvurdering, og vi har ikkje konkrete opplysningar no om at det er fleire som vil prøve seg. Saman med samarbeidspartnarar i Europol og andre samarbeidsnettverk, jobbar vi kontinuerleg med å vere oppdaterte på trusselbiletet.