Hopp til innhold
Black Box-angrep
Foto: Politiet

Black boxing-rettssaka

Oppsummert

Måndag starta rettssaka mot tre rumenarar som er tiltalte for å manipulere minibankar på Aust– og Vestlandet. Banden fekk minibankar til å «spy ut» pengar.

  • Dømde til fengsel for innbrot

    Dei tre rumenske mennene som var tiltalt for innbrot i minibankar fem stader i Norge, er alle dømde til over to år i fengsel. Vi kjem attende med meir om dommen.

  • Krev over to år i fengsel for alle

    Aktor Inger Beth Fosse legg ned påstand om over to års fengsel for alle dei tre rumenarane. Ho vil at hovudmannen skal sitje to år og seks månader i fengsel, den andre to år og fire månader og den siste to år og to månader i fengsel. I tillegg legg ho ned påstand om erstatning på om lag 350.000 kroner og inndraging av ein del gjenstandar. Ho vil at rumenarane også skal dekkje sine eigen sakskostnader. Dei tiltalte har vore i varetekt sidan dei vart arresterte i februar i fjor, etter at dei hadde brote seg inn i fleire norske minibankar. Tida i varetekt skal trekkjast frå fengselsstraffa dei til slutt blir idømt.

    .

  • Meiner det er straffeskjerpande

    – Dei angrip minibankar, noko som folk flest stoler på skal fungere. Dermed er slike angrep eit samfunnsproblem, noko som er straffeskjerpande, hevdar aktor Inger Beth Fosse. Ho meiner det framstår som organisert kriminalitet, noko som også er straffeskjerpande. Aktor viser vidare til at dei tre rumenarane ikkje har fått ut meir enn om lag 15.000 kroner på minibank-innbrota i Norge, men at potensialet er veldig stort. I eit likande angrep på ein minibank i Nederland, fekk forbrytarar ut nær ein million kroner.

  • Meiner dei ikkje tør å prate

    Analysar av databeslag viser tydeleg at det er oppretta kontakt med fjerdemann. Chatte-loggar viser også at det er koplingar mellom dei tre tiltalte og heilt liknande innbrot i minibankar i fleire andre europeiske land, hevdar aktor. – Dei tør ikkje forklare seg om andre personar som er involverte i nettverket, seier aktor.

  • Sikker på at fire deltok

    Det kan provast at ein ukjend fjerdemann var med på innbrota i fem norske minibankar i februar i fjor, seier aktor Inger Beth Fosse. Politiet sin gjennomgang av elektroniske spor viser at ein fjerde person deltok, hevdar ho.