Hopp til innhold

Seier nei til storkommune

Jacob Nødseth er tindrande klar på at Flora ikkje må gå saman med Førde og sju andre kommunar i ein ny storkommune i Sunnfjord.

Jacob Nødseth

Førde vil få alle fordelane medan Florø vil tape på å gå inn i ein storkommune, meiner Jacob Nødseth, ordførarkandidat for Samlingslista i Flora.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tidlegare så omstridde Høgre-politikaren er tilbake i det politiske landskapet som ordførarkandidat for Samlingslista i Flora. Ein stor kommunereform er på gang, og eit av forslaga er å slå saman Gloppen, Jølster, Førde, Gaular, Naustdal, Flora, Fjaler, Askvoll og Hyllestad og til ein storkommune.

Ingen skal klare å narre meg til å tru at ein ordførar i ein storkommune sitjande i Førde vil prioritere Florø.

Jacob Nødseth

Planen er at leggje kommunesenteret og dei viktigaste etatane til Førde. Nødseth har ingen sans for planane.

– Problemet med fylket vårt er at ein ikkje har satsa på kysten og eg fryktar at kyst-røysta vil drukne i den nye storkommunen som no blir skissert. Dette vil bli ein for geografisk stor kommune der for lite samlar og for mykje splittar, seier Nødseth.

Kritisk

– Kvifor vil kyst-røysta drukne?

– Førde vil bli tyngdepunktet i den nye storkommunen, og med kommune rundt Førde vil dette styrkje dei kreftene som allereie dreg mot Førde. Dette trass i at det er kysten ein må satse på for å få fart på Sogn og Fjordane, seier Nødseth.

– Men signala frå Førde er at Florø kan få enkelte funksjonar og framtidige offentlege arbeidsplassar. Trur du ikkje på dette?

– Nei, eg trur ikkje på det. Når vi kjem til saker der det vil vere ein tydeleg forskjell på Florø og Førde sine interesser, skal ingen klare å narre meg til å tru at ein ordførar i ein storkommune sitjande i Førde vil prioritere Florø, seier han.

Vil ha kystkommune

– Ferske rapportar viser at ein vil spare store summar gjennom effektivisering og ein vil bli meir slagkraftig med Førde og Flora i same kommune. Likevel er du så kritisk?

– Eg er oppteken av eit tett samarbeid mellom Florø og Førde, men eg ser ikkje at ei kommunesamanslåing er vegen til lykke og glede. Det mest fornuftige vil vere at Førde og Florø blir tyngdepunktet i kvar sin større kommune. Då vil ein samarbeide når det er naturleg og stå fram med ulike røyster når det er naturleg, seier han.

Nødseth ser for seg at Flora, Bremanger og Vågsøy går saman i ein kystkommune. Usemje om legevaktsamarbeid og diverse vegprosjekt er kampar Nødseth fryktar Florø vil tape dersom kommunen går inn i ein storkommune i Sunnfjord.