Hopp til innhold

Folket seier ja til samanslåing, men ordførarane er skeptiske

Eit fleirtal av folk i fylket ønskjer kommunesamanslåing. Ei meiningsmåling gjort for NRK syner at 54 prosent er positive til at kommunen deira skal bli slått saman med andre.

Mathias Råheim

SKEPTISK HØGREMANN: Ordføraren i Gaular meiner kommunereforma går for fort. – Det er som å bli sogen inn i ei maskin der det ikkje er nokon veg ut att, seier Mathias Råheim.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På vegner av NRK Sogn og Fjordane har Norstat spurt 500 personar i fylket om dei er positive eller negative til at sin kommune kan bli slått saman med andre. 34 prosent er negative. 54 prosent er positive. 60 prosent av menn ønskjer samanslåing, 27 prosent er mot. Blant kvinner er 47 prosent for, medan 41 er mot.

– Dette er jo kjekke tal å studere på, seier ordførar Mathias Råheim som er ordførar i Gaular kommune når han får sjå undersøkinga.

Les også: Krev reformpause for kommunane

Folk NRK møter på butikken på Sande i Gaular er positive til ei samanslåing. Fleire meiner ein mindre administrasjon kan vere fornuftig fordi kommunane er for små. Dersom det blir eit ja til samanslåing, kan kommunen med sine 3000 innbyggjarar blir ein del av stor-Førde.

Skeptiske ordførarar

For om lag 10 år sidan var det folkerøysting om kommunesamanslåing i Sunnfjord. Folket var mot. Ordføraren i Gaular var for. No verkar det som om begge er i ferd med å ombestemme seg.

– Eg var jo veldig for då, men eg er blitt meir negativ, eller eg ser større problem enn vi gjorde då. For vi må få fram fordelinga av dei ulike arbeidsoppgåvene. Vi må jo få att noko med dette og det både eg og andre fryktar er at mykje blir sentralisert.

Oddmund Klakegg

SMÅKOMMUNAR LEVERER: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, meiner små kommunar er eit gode.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Les også: Kritiske til samanslåing utan rollefordeling: – Gje oss oppgåvene før vi må teikne kartet

På andre sida av storebror-naboen Førde, finn vi Jølster og Senterparti-ordførar Oddmund Klakegg. Han held gjerne fram som eigen kommune.

– Det store kommunebarometeret syner at dei små kommunane faktisk leverer betre tenester enn dei store kommunane. Og dei leverer der folk bur. Så eg trur det er ein rikdom som Norge burde ta seg råd til, å ha små gode kommunar som kan levere tenester rundt i distrikta og alle bygdelag i Norge.

Meiner reforma tvingar fram samanslåingar

I undersøkinga seier skeptikarane at dei fryktar større avstand mellom folk og folkevalde, og at kommuneidentiteten skal bli svekka. Blant dei positive er betre kommuneøkonomi eit kronargument.

Les også: Vil ikkje slå saman kommunar

Ordførar Klakegg meiner økonomi blir brukt som brekkstong.
– Det blir signalisert at små-kommunetilskotet skal bli kutta i 2017, og at andre rammetilskot blir kutta seinare. Så difor er ikkje dette ei reform som spør folk om dei vil bli samanslått, ja eller nei. Men det er ei reform som tvingar kommunane viss dei ikkje vil.

Difor er både han og kollega Råheim i Gaular med på løpet vidare. Sjølv sistnemnde synest det går vel fort.

– Heseblesande tempo. Tempoet er at ein blir sogen inn i ei maskin og det er ikkje nokon veg ut att.