Hopp til innhold

Vil ikkje forhaste seg saman med andre kommunar

Ingen av kommunane i Sogn og Fjordane vil gjere endeleg vedtak om kommunesamanslåing i år. – Det er ei veldig viktig sak, og vi skal bruke den tida vi treng, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård (Sp) i Hornindal.

Senterpartiordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård.

VIL VENTE: Hornindal vurderer alternativ over fylkesgrensa, i tillegg til at dei ser sørover, når dei vurderar eiga framtid som kommune. – Vi jobbar med fleire alternativ, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård (Sp).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Regjeringa har lagt opp til to ulike løp når dei har bede kommunane i landet om å slå seg saman.

Men her i fylket er det ingenting som tyder på at nokon av kommunane legg opp til eit hurtigløp for å bli del i ein storkommune frå 1. januar 2018.

– Både vi i Venstre, og andre parti, vil gå for alternativ 2, som vil seie frå 2020, seier Idar Nygård (V) i kommunestyret i Hornindal.

Iveren har roa seg i Stryn

I nabokommunen Stryn var ordførar Sven Flo (H) svært ivrig etter å slå seg saman med Hornindal. Då var han ein av få ordførarar i fylket som ville gi gass mot rask samanslåing.

Sven Flo

IVRIG: Ordførar Sven Flo (H) i Stryn var i haust ivrig etter å slå seg saman med Hornindal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg ser føre meg, for å vere seriøs, at Stryn og Hornindal kan vere ein mogleg kommunesamanslåing som kan skje rimeleg raskt, sa han. No har iveren roa seg.

– Vi skal ha god forankring, og det ligg heller ikkje spenstige insitament til å vere først ute. Så vi også ser det som føremålstenleg å bruke den tida vi treng, seier Flo i dag.

Vil ikkje låse seg

I Hornindal vil ordførar Anne-Britt Øen Nygård (Sp) ha ei folkeavrøysting før kommunestyret gjer vedtak.

Ho vil ikkje låse seg til at det blir kommunesamanslåing med Stryn, sjølv om naboen i aust er høgaktuell.

– Signala politisk er at Stryn er ein veldig aktuell kommune å slå seg saman med. Men vi jobbar også med fleire alternativ, seier ho.