Hopp til innhold

Misser posten og er redd naudetatane ikkje finn fram

MYRMEL I SUNNFJORD (NRK): Dei siste åra har stadig fleire fått ei ordentleg vegadresse. Likevel manglar det nesten 100.000 adresser rundt om kring i landet.

Ove Myrmel står ved busskuret på Myrmel.

MANGLAR ENNO: Ove Myrmel er leiar i Nasdalen grendalag, og er ein av dei som enno manglar ei skikkeleg vegadresse. Her står han framfor busskuret på Myrmel, som er det næraste han kjem ei adresse i dag.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Me har opplevd at posten ikkje har kome fram. Me mistenker også at post kan ha forsvunne, utan at me nokon gong har fått vita om han, seier Ove Myrmel, leiar i Nasdalen grendalag.

Til dømes fann ikkje eit brev frå Statens vegvesen vegen dei 17 kilometrane sørover frå Førde til Myrmel nyleg. Det måtte hentast på trafikkstasjonen.

– I tidlegare tider kom postboda fram både til fots og til hest. At me no oftare og oftare opplever problem, er eit tilbakesteg, seier Myrmel.

– Det har så vidt eg veit ikkje vore problem med at politi eller ambulanse ikkje har funne fram. Men det er ikkje noko ein skal venta på at hender. Det skal ein førebyggja at ikkje skjer, seier Myrmel.

Ove Myrmel peiker på husveggen sin.

NUMMER: – Det er ikkje så viktig kva nummeret på huset vert, så lenge ein finn ei løysing slik at det moderne samfunn finn fram, seier Ove Myrmel.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Halve bygda har fått

Delar av innbyggjarane i grenda har fått nye vegadresser, men det gjeld ikkje dei som har direkte tilkome frå E39. Dei bur berre på ei såkalla matrikkeladresse, som er bygd opp av eit gards- og bruksnummer, og eventuelle feste- og undernummer.

Problemet for innbyggjarane på Myrmel er at europavegen ikkje har fått eit vanleg gatenamn.

Sjølv om kartverkssjefen meldte at alle i Noreg landet skulle få adresser innan 2015 og det står i matrikkelforskrifta at alle skal ha adresser, har det altså ikkje gått i orden.

Er nøgd med kommunane

Fylkeskartsjef i Vestland, Anne Lien, er klar på kvifor det er viktig med ei skikkeleg vegadresse.

– Tidlegare skjedde alt lokalt. Posten blei sortert på det lokale postkontoret og ambulansesjåføren jobba i sitt lokalsamfunn. Alle visste kvar alle budde. No er alt mykje meir sentralisert, og ein er nøydd til å ha ei eintydig vegadresse for at desse tenestene skal nå fram i tide, seier ho.

Anne Lien, fylkeskartsjef Vestland

KREVJANDE: – Mange har meiningar, blant anna om namna til vegar. Adressesaker er ikkje nødvendigvis enkle, kjappe saker som kommunane berre kan køyra gjennom, seier fylkeskartsjef i Vestland, Anne Lien.

Foto: PRIVAT

– I ein travel kvardag skjønnar me at det ikkje er lett å prioritera adresseringsprosjekta blant andre oppgåver. Me er veldig nøgde med den innsatsen kommunane har gjort, seier Lien.

Mellom anna skryt Lien av Fjaler kommune. I 2013 var kommunen heilt utan vegadresser, medan dei no har ei dekning på 98 %.

– Me har erfart at det gjerne må ein ressursperson i kommunen til for å få prioritert eit adresseprosjekt. Om ein også vel gatenamn det ikkje blir så mykje diskusjon rundt, er det mogeleg å få på plass adresser så raskt som dei har klart i Fjaler, seier fylkeskartsjefen.

Vegadresser i Noreg pr. 13.01.2020

Fylke

Adresser totalt

Vegadresser

%

Matrikkeladresser

%

Agder

175 172

170 241

97.19%

4 931

2.81%

Innlandet

290 586

286 214

98.5%

4 372

1.50%

Møre og Romsdal

134 895

125 908

93.34%

8 987

6.66%

Nordland

150 522

137 276

91.2%

13 246

8.80%

Oslo

101 716

101 520

99.81%

196

0.19%

Rogaland

197 252

191 720

97.2%

5 532

2.8%

Troms og Finnmark

142 239

128 403

90.27%

13 836

9.73%

Trøndelag

238 866

224 339

93.92%

14 527

6.08%

Vestfold og Telemark

223 803

219 760

97.19%

4 043

1.81%

Vestland

289 494

276 240

95.42%

13 254

4.58%

Viken

536 566

520 795

97.06%

15 771

2.94%

Heile landet

2 481 897

2 383 701

96.02%

98 696

3.98%

Ekspander/minimer faktaboks

Stoppa opp grunna samanslåing

– I fjor hadde Gaular kommune eit forslag til namn på E39 mellom Førde og Vadheim, men det var sett på vent til kommunesamanslåinga var gjennomført, slik at ein berre trong å gjennomføra ein prosess i ein kommune, seier oppmålingsingeniør i Sunnfjord kommune, Knut Ove Indrebø.

Odd Harry Strømsli og Knut Ove Indrebø på kontoret.

Oppmålingsingeniør Knut Ove Indrebø (t.v.) og Odd Harry Strømsli er blant dei i som har ansvar for å få på plass dei siste 1 531 adressene i Sunnfjord kommune.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Kommunen jobbar for augneblinken med adressering.

– Det er to lange trasear i kommunen som ikkje har fått vegadresser, nemleg fv. 13 mot Sogndal kommune og E39 mot Høyanger kommune, seier Indrebø.

– Elles er det oppretta saker på dei andre vegane i kommunen som ikkje har vegnamn.