Hopp til innhold

Ni kommunar med intensjonsavtale om storkommune

Ni kommunar har skrive intensjonsavtale om å slå seg saman til den nye storkommunen Firda, med Førde som hovudsete.

Førde rådhus

SENTRUM: Førde rådhus blir ifølgje intensjonsavtalen hovudsete viss ni kommunar finn saman i ein ny storkommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mathias Råheim

RASKE STEG: Allereie 22. juni inviterer Mathias Råheim formannskapa i dei ni kommunane til felles møte. I slutten av juni skal kommune- og bystyra seie sitt.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det vart klart då Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS), HAFS-kommunane (minus Solund) og Gloppen fredag hadde møte.

Men i kulissane blir det jobba med ei rekkje andre alternativ.

Tre alternativ for Førde-storkommune

– Eg vil ikkje sjå bort frå noko. Når vi snakkar om ni kommunar, så er det for å bli eit stort kraft- og vekstsenter mellom Ålesund og Bergen. Då innser vel alle at skal vi bli det, så må alle ni kommunane vere med. Særleg må Flora vere med i tillegg til Gloppen, seier SiS-leiar og Gaular-ordførar Mathias Råheim (H).

Rådhuset i Florø

FLORA: Rådhuset i Florø vil truleg ha sentrale oppgåver i ein ny storkommune, dersom Flora går i kompaniskap med Førde. Aller helst vil mange i byen lage sin eigen storkommune langs kysten.

Foto: Ottar Starheim
Heradshuset på Sandane

GLOPPEN: Heradshuset på Sandane. Skal glopparane sjå mot Førde eller tenke i retning over Nordfjord mot Eid?

Foto: ottar Starheim / NRK
Askvoll rådhus

ASKVOLL: Rådhuset ved ferjekaia blir i dag leia av Høgre-ordførar Frida Melvær. Skal kommunen bli ein del av ein stor kystkommune, sjå innover mot Førde eller halde seg til HAFS med Fjaler & co.?

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Fjalerhuset - kommunehus i Dale

FJALER: Ordførar Arve Helle og kommuneleiinga har i dag tilhald i Fjalerhuset i Dale sentrum. I framtida kan ordføraren sitje i Førde.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Jølster kommunehus

JØLSTER: Kommunehuset på Skei blir i dag styrt av Sp-ordførar Oddmund Klakegg. I 2003 sa Jølster, Gaular og Naustdal nei til ekteskap med Førde, men no kan tida sjå ut til å vere moden.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Hyllestad kommunehus

HYLLESTAD: Kommunehuset i Hyllestad med Lihesten i bakkant. Ordførar Jan Olav Gjerde (Ap) har fleire alternativ på blokka. Storkommune med Førde, ein Sognekommune med Høyanger og Balestrand, kystkommune med Flora eller HAFS.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Kommunehuset i Gaular

GAULAR: Kommunehuset på Sande. Ordførarar Mathias Råheim (H) og gaulværingane blir etter alle solemerke sambuarar med Førde i ein storkommune, uansett storleik.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Naustdal kommunehus

NAUSTDAL: Naustedølene sa i 2003 nei til storkommune saman med Førde, Jølster og Gaular. No kan dei bli ein av ni i ein ny storkommune.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Regjeringa vil ha færre og større kommunar. Over heile landet flørtar og drøftar gode og mindre gode naboar framtidige samanslåingar. Tidsfristane er korte. Alt i juni skal kommunestyra i dei ni kommunane rundt Førde ta stilling til kva alternativ dei ønskjer å gå vidare med. Så langt seier ein takk til alt.

– Vi har ein storkoalisjon med Gloppen, SiS-kommunane og HAFS. Totalt ni kommunar. Det er vi samde om. Så har vi to mindre alternativ. Eit med SiS-kommunane og eit med kommunane i Indre Sunnfjord. Vi har gått for alle tre avtalane, forklarer Råheim.

Samde om namn

Sjølv om mykje framleis er i det blå, er ordførarar og rådmenn samde om éin ting:

– Namnet var det ingen diskusjon om. Det er Firda for dei ni kommunane, og Sunnfjord for dei to mindre alternativa.

Mykje av uvissa vidare knyter seg til om kor vidt Flora og Gloppen vil vere med vidare. Gloppen er også i samtaler med naboar i Nordfjord. Skal dei vende seg i retning Førde, vil dei i alle fall sikre seg hovudsete for landbruksadministrasjonen.

Gav Flora lovnader

I kystbyen Florø er det ein utbreidd skepsis mot å sjå innover i landet. Her ivrar mange for ein stor kystkommune frå Sognefjorden i sør til Stadlandet i nord. Før fredagens møte gjorde utsendingane frå Flora det klart at skal Førde bli hovudsete, må også Florø få sentrale oppgåver i ein ny storkommune.

Det fekk dei også gjennomslag for, seier Råheim.

– Vi har gjort ein del endringar på dei ulike oppgåvene som skal vere i Førde og Florø, og også i dei andre kommunane. Vi skal forsterke dei kommunesentera vi har med servicetorg og nødvendige funksjonar. Florø har også fått med at dei skal vere med på ei deling av framtidige kommunale og statlege arbeidsplassar med Førde, opplyser SiS-leiaren.

Nøgd Flora-ordførar

– Eg opplever at det er stor forståing blant dei andre kommunane at dei må vise ein klar vilje til at Florø er viktig for ein slik storkommune. Vi må få vilkår som vi kan leve med om vi skal få støtte for ein storkommune i bystyret i juni, seier Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen.

– Viss ordførar og rådmann blir sitjande i Førde, kva type funksjonar ser du føre deg kan hamne i Florø?

Bengt Solheim-Olsen

SKAL HA NOKO ATT: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) er klar på at viktige oppgåver må fordelast mellom Førde og Florø, dersom Flora skal bli ein del av ein felles storkommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er for tidleg å seie konkret, men det er ein masse oppgåver som skal løysast. I alle fall viss kommunen skal omfatte 50.000 innbyggjarar. Det går an å tenke seg mange nye oppgåver. Det ein har sagt, er at all ny vekst skal fordelast jamt mellom Florø og Førde, og at viktige oppgåver skal leggast dit. Detaljane må vi komme tilbake til.

Solheim-Olsen strekar under at Flora også held fram å greie ut ein eventuell kystkommune, parallelt med prosessen i Førde.