Hopp til innhold

– Som å køyre gjennom eit katastrofeområde

FØRDE (NRK): I timevis køyrde dei i eit «katastrofeområde» for å kome seg heim til Askvoll. Etter to stengde vegar måtte dei returnere til Førde.

Måtte snu tilbake til Førde etter vegstenging til Askvoll

FRUKOST: Det vart hotellfrukost på dei tre veninnene som ikkje kom seg heim til Askvoll. Etter timevis med køyring i rasområde måtte dei søke tilflukt i Førde. F.v. Veronika Heggøy Rydningen, Olaug Søreide og Torill Olset.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Når du får tenkt gjennom kva du eigentleg har vore med på, blir du ganske skremd.

Det seier Veronika Heggøy Rydningen medan ho nippar til kaffien i frukostsalen på Sunnfjord hotell i Førde.

Her var ho på kurs i går saman med dei to andre kollegaene ved legekontoret i Askvoll.

Heimturen skulle bli svært så dramatisk, etter uvêret som herja Vestlandet onsdag kveld og natt til torsdag. 3000 innbyggjarar i Askvoll er isolerte etter at fleire ras sperrar begge vegane inn til bygda.

Ras stengde vegen

Dei køyrde via Dale og Dalsfjordbrua. Der støtte dei på kveldens første ras. Dei vurderte å gå forbi raset, for å kunne bli henta på den andre sida. Men då ville dei måtte gå utanfor støypekanten med ei bratt skråning.

– De vurderte seriøst å gå gjennom raset?

– Ja, ja, ja. Når du er oppe i situasjonen tenkjer du at det går fint, berre du klatrar over det treet, seier Torill Olset.

– Nei, du tenkte det. Det gjorde ikkje vi andre, korrigerer Olaug Søreide.

– Ja, det kan hende, svarar Olset.

– Eg tenkte at vi måtte kome oss inn i bilen, og kome oss derifrå, seier Veronika Heggøy Rydningen.

Dei snudde bilen og ville prøve å køyre om Heilevang, for der var det framleis ope. Det einaste andre bilvegen inn til Askvoll.

– Eg var mest skjelven. Eg gav gass for å kome oss derifrå. Då vart det blåst masse greiner og tre i vegen, fortel Søreide.

– Du følte verkeleg at du køyrde gjennom eit katastrofeområde. Det var omtrent som ein film. Du følte du var i ein snøstorm, berre med lauv og greiner, utdjupar Olset.

Måtte snu

Då dei kom til Solheimsdalen låg det eit tre i vegen, som dei måtte løfte vekk for å kome seg forbi. Men ei vindkule slengde dei i bakken. Så fekk dei hjelp av ein mann som kom forbi slik at dei fekk fjerna treet.

Veronika Heggøy Rydningen, isolert frå Askvoll grunna ras

SKREMD: Veronika Heggøy Rydningen vedgår at det er skummelt å tenkje tilbake på kva ho opplevde i går.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På veg til Heilevang møtte dei ein bil som fekk åtvara dei om at det var gått ras der også. Då snudde dei og køyrde tilbake til Førde.

Kvelden enda på Sunnfjord hotell, som dei hadde forlate fleire timar tidlegare.

– Vi sat oss ned og tok eit glas vin og pusta ut, humrar dei tre.

Torsdag føremiddag var begge vegane til Askvoll stengt, men like før klokka 12.00 opna vegen mellom Dale og Askvoll. Det er framleis stengt ved Hundsåna.

ras