– Folk bør halde seg i ro

Den kraftige stormen som herjar i Sør-Noreg i kveld får konsekvensar. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane oppmodar folk om å halde seg heime.

SJÅ UVÊRET HER: Sjå videoen av uvêret ulike stader på Vestlandet.

Fleire stader merkar ein no godt til det venta uvêret. På Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er det hektisk, seier vaktleiar Nina Andal.

– Folk bør halde seg i ro på grunn av vinden, og tre som har blåst over og ligg dels ut i vegane, seier Andal.

Tidlegare i kveld blei det meldt at ein person er skadd etter at eit tre trefte ein bil i Fjaler i Sogn og Fjordane. Personen blei sendt til sjukehus, skadeomfanget er ukjent.

I Askvoll kommune er no dei kring 3000 innbyggjarane isolert av fleire ras. Kommunen har sett kriseberedskap etter rasa som stenger fylkesveg 609. Fleire bilar er stengt inne mellom rasa. Politiet melder at ingen personar er tatt, men at det no er starta evakuering. Helse Førde har sett inn ein ekstra ambulanse i Askvoll, og kommunen har styrka legevakta.

  • Klokka 11.45 torsdag føremiddag opna fylkesveg 609 mellom Askvoll og Dale, og Askvoll var med det ikkje lengre isolert.

Tak blåste av einebustad

Også i Hordaland har uvêret fått store følgjer. På Askøy i Hordaland har eit tak blåst av ein einebustad, og inn i eit anna hus. Det skal vere store skadar, melder politiet rundt kl. 21. Ein person har fått skadar i ei hand, politi og brannvesen er på staden. På Voss har fleire stålplater blåst av taket på eit hus. Brannvesenet er på staden og sperrar av, melder Vest politidistrikt.

På Follesvegen på Askøy har det gått eit kring 15 meter langt jordras bak ein einebustad, og eit hus er evakert. Per no skal det ikkje vere fare for nye ras.

Kring 15.000 personar BKK-kundar var utan straum, opplyser selskapet på eigne nettsider.

Full storm

Vakthavande meteorolog Haldis Berge melde kl. 22.30 at det blåser full storm på kysten av Hordaland og Sogn og Fjordane.

– På Kråkenes viser siste observasjon sterk storm. Vinden er i svært nær det sterkaste. Vinden kan nok bli litt sterkare rundt Stad dei neste to timane. Om fire-fem timar er nok det meste over, seier ho.

– Det har ikkje roa seg heilt i Hordaland. I Rogaland er observasjonane byrja å gå ned og det har byrja å roe seg. Om to-tre timar roar det seg i Hordaland, så tre til fem timar før byrjar å roe seg i Sogn og Fjordane. Då er det sørlegaste delen det roar seg først, seier Berge.

KRAFTIG VIND: Videoen syner situasjonen på Straume på Sotra no i kveld.

Sotrabrua delvis stengt

Vel kl. 20 melde politiet at Sotrabrua på riksveg 555 i Hordaland er stengt grunna sterk vind. Rundt kl. 20.30 er brua berre delvis stengt etter nye vindmålingar, og politiet har igjen starta kontroll av køyretøy som skal over.

På Osøyro blei eit vindauge på restauranten Peppes Pizza dytta inn av vind og vatn. Ingen blei skadde i hendinga, opplyser Vest politidistrikt.

Vind og vatn dytta møblar inn vindauget på Peppes Pizza på Osøyro.

DYTTA INN VINDAUGE: Vind og vatn dytta møblar inn vindauget på Peppes Pizza på Osøyro.

Skalka lukene

På Vestkapp har dagleg leiar Kristina Myrseth i Storm på Stad skalka lukene i restauranten før uvêret set inn i kveld. Bygget der måtte totalrenoverast etter å ha blitt øydelagt av uvêret Dagmar i 2011. I sommar opna dei dørene att.

Vestkapp

SKALKA LUKENE: På restauranten på Vestkapp har dei skalka lukene før uvêret set inn.

Foto: Kristina Myrseth

– Då vi såg det var meldt orkan i kasta, bestemte vi oss for å skalke lukene og ikkje vere i fjellet i morgon, seier Myrseth.

Vindauga er no beskytta med plater for å vere med på den sikre sida. Elles skal bygget tole mykje, seier ho.

Måtte snu

Tidlegare i dag måtte seglskuta «Statsraad Lehmkuhl» med 162 personar om bord måtte snu på veg til Shetland. 138 av dei elevar frå Nordfjord folkehøgskule. Det er første gong folkehøgskulen har måtte avlyse ein av sine årlege turar.

Statsraad Lehmkuhl i Gloppefjorden

MÅTTE SNU: Statsraad Lehmkuhl var tysdag føremiddag på veg mot Shetland og skulle etter planen har kome fram i dag tidleg. Men grunna vêret valde dei å snu i går kveld.

Foto: Nordfjord folkehøgskule

– Vi var på veg til Shetland, men vi bestemte oss for å snu i går kveld for å rekka tilbake før vinden vart for sterk, seier Marcus Seidl som er kaptein om bord.

Frå i kveld av er det meldt om kraftig vind langs store delar av norskekysten. Stad i Sogn og Fjordane kan vindkasta opp mot 35 meter i sekundet som svarar til 126 kilometer i timen.

Laster Twitter-innhold

Laster Twitter-innhold

Stengde bruer og innstilte fly

Vegtrafikksentralen melder at både Måløybrua i Vågsøy og Rugsundbrua i Bremanger i Sogn og Fjordane har vore stengt allereie i ettermiddag. Årsaka er at begge vert stengt automatisk når det er kraftig vind og at bruene kan bli stengt igjen på kort varsel.

Laster Twitter-innhold

Den kraftigaste vinden er meldt frå klokka 18.00 i kveld og utover natta. Men allereie tidleg onsdag ettermiddag måtte Widerøe innstille fleire avgangar og nokre har blitt omdirigert. Blant anna vert fly som skulle ha landa på flyplassen på Sandane sendt vidare til Sogndal.

– Vi veit at vêret kan få følger for fleire av flyavgangane våre utover ettermiddagen og kvelden. Alle passasjerar har fått tilbod om å booke om flyturen sin, om dei ønsker det, seier Catharina Solli som er informasjonssjef i Widerøe.

Politiet åtvarar

Onsdag ettermiddag har politiet også gått ut med åtvaring om at den første skikkelege hauststormen no er på veg.

– Folk må sikre lause gjenstandar og sjå til stillas, er oppmodinga frå Vest politidistrikt.

Rugsundbrua stengd på grunn av storm

STENGT: Rugsundbrua i Bremanger vert stengt av og på grunna kraftige vindkast. Det same gjeldt Måløybrua i Vågsøy. Begge bruene har automatisk stenging ved kraftige vindkast.

Foto: NRK-tipsar
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold