Hopp til innhold

Fire menn berga frå brennande lasteskip

Ingen av dei fire som vart fanga om bord på det brennande lasteskipet «Heiko» utanfor Askvoll i natt er alvorleg skadde. Redningsaksjonen var svært krevjande. Båten som havarerte ligg framleis i sjøen.

BÅTBRANN: Fraktebåten «Heiko»med fire personar byrja å brenne etter at den grunnstøytte ved Flatøy utanfor Askvoll. Foto: Steinar Bauge.

  • Sjå Redningsselskapet sin video nederst i saka.

I eit vêr som Hovudredningssentralen skildrar som eit «helvete» blei fire menn berga i natt. Midt i haustormen på Vestlandet mista skipet motorkrafta, dreiv mot land og tok fyr.

Helikopter blei sendt frå redningsbasen i Florø og skip som låg i området kom til havaristen. Eit av skipa er supplyskipet «Havila Subsea».

– Ein får medisinsk tilsyn på «Havila Subsea», tre andre blir sendt med helikopter til Florø, opplyser Ola Vaage ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.

Båtbrann utanfor Askvoll, Sogn og Fjordane

FULL FYR: Båten stod i full fyr då Redningsselskapet kom fram.

Foto: Redningsselskapet

Frå stoveglaset sitt følgde Ketil Dalsøren, som bur like ved, med på redningsaksjonen.

– Det er vanskeleg å setje ord på det vi såg. Det var mange båtar, helikopter og flammar i lang tid, men no ser det ut til å ha avteke, seier han.

Ved Hovudredningssentralen på Sola rosar Vaage redningsarbeidet.

– Det var ein veldig krevjande redningsaksjon som var utruleg vanskeleg, men den var eit skuleeksempel på kva ein får til når ein står saman, seier Vaage.

Utbrent båt utanfor Askvoll etter båtbrann under stormen, 19.09.18

UTBRENT: «Heiko» ligg torsdag morgon i fjæresteinane utanfor Askvoll.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ved 01.50-tida natt til torsdag stod skipet framleis i brann og Kystverket tok over ansvaret for berginga av vraket. Brannen vart sløkka av seg sjølv.

– Vêret var eit helvete der ute, seier Vaage.

Torsdag morgon ligg båten i utbrent i fjæresteinane utanfor Askvoll medan ein slepebåt passar på at den ikkje skal drive av garde.

Slik såg båten ut då Redningsselskapet kom fram. Foto: Redningsselskapet

Båt i brann i Askvoll

REDNINGSAKSJON: Kartet frå Marine Traffic syner at fleire andre skip no ligg ved Havaristen og deltek i berginga.

Foto: MARIN TRAFFIC / SKJERMDUMP