Utbyggar kallar argumenta mot vindkraft for «fake news»

HØYANGER (NRK): Han reiser landet rundt for å frelse motstandarar av vindkraft, men kallar mange av argumenta dei kjem med for «fake news».

Trym Andreas Christensen og demonstrantar i Høyanger.

UTFORDRAR: Trym Andreas Christensen (innfelt) møtte sterk motstand då han onsdag kveld kom til Høyanger i Sogn.

Foto: Janne Kristin Bøyum / Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Onsdag kveld kom Trym Andreas Christensen frå vindkraftutbyggaren Zephyr til Høyanger. Der blei han møtt av barn og vaksne med gule vestar og eit tydeleg nei til vindkraft. Det opplever han stadig oftare.

– Då eg starta med dette for eitt år sidan, så tenkte eg at eg skal jobbe med noko som alle er veldig for og alle er veldig positive til. Det blei jo ikkje heilt slik. Eg trur mykje av det ligg ein del «fake news» der ute, seier Christensen til NRK.

Han slår også fast at ein del av kritikken som går på naturmangfald og friluftsliv er rett, men at den er prega av mytar han ikkje kan stå inne for.

– Nokon kan seie at eit vindkraftverk aldri kan tene inn att kostnaden med å produsere komponenta. Det er feil. Eg har høyrt at det drep ei ørn i minuttet, det er også feil, seier Christensen.

Vil ikkje ha vindkraft

Men i industristaden Høyanger prella argumenta hans av motstandarane som vatn på gåsa. Blant dei kritiske er den unge Ap-politikaren Bettina Varden.

Bettina Varden i Høyanger

MOTSTANDAR: Bettina Varden er på vallista til Høyanger Arbeidarparti og motstandar av vindkraft.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Eg synest ikkje noko om det. Vi har eit yrande fiske- og dyreliv akkurat der dei har tenkt å plassere vindmøller i Høyangerfjella. Eg er eg heilt imot dette, seier Varden.

NVE har peika ut 15 område i Noreg som er meir aktuelle enn andre for store vindkraftområde. Norskeigde Zephyr er ein av dei store aktørane når det kjem til utbygging av desse vindområda. Trass kritikk, synest Trym Andreas Christensen at det er viktig å møte folk der dei er. I Høyanger var samfunnshuset fullsett onsdag kveld.

– Vi meiner det er kritisk viktig å snakke med folk. Vi i Zephyr vil vere så opne som mogleg i prosessen frå dag ein. Det er viktig å vere tidleg ute i kontakt med grunneigarane og kommunen, men også med lokalsamfunnet, slår Christensen fast.

Vil ta debatten

Vindkraft har blitt ein viktig debatt i valkampen, og lokalt i vindfylket Sogn og Fjordane er det delte meiningar om dei ulike prosjekta. Tore Storehaug sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget for KrF og kjem frå ein av kommunane der utbygginga kan bli omfattande.

På eit valmøte nyleg sa han tydeleg at han ikkje er imot vindkraft på land, i intervju med NRK modererer han seg litt.

– Eg trur det er viktig at vi tar debatten om kvar vindmøllene høyrer heime, og vi er som sagt ingen prinsipielle motstandarar mot det. Noreg er eit land med store fornybare ressursar og vi må tore å ta ein diskusjon om korleis me skal utnytte dei på ein god måte, seier Storehaug.

Vil utvikle vasskrafta

Rundt Høyanger er nær alle fossar og vassdrag bygd ut for å sikre kraft til aluminiumsindustrien. Ap-ungdom Bettina Varden meiner det ikkje er naudsynt med vindkraft i tillegg til dette i fjellområda mellom Sogn og Sunnfjord.

– Høyanger kommune har vasskraft som kan utnyttast mykje meir enn det blir gjort per i dag. Det er absolutt noko ein må sjå på før ein tar stilling til om ein skal ha vindkraft i Høyanger kommune, seier ho.