Hopp til innhold

Trur olje- og gassnæringa vil vekse i fylket, trass Statoil sine varsla kutt

Med Statoil sine nedbyggingsplanar av baseaktiviteten langs kysten og utsett avgjerd om planane om gruvedrift i Engebøfjellet, har året bydd på store kampar for næringslivet i fylket. Likevel ser dei lyst på framtida.

Jan Atle Stang og Åshild Kjelsnes

OPTIMISTAR: Både Jan Atle Stang og Åshild Kjelsnes er optimistar på vegner av næringslivet i Sogn og Fjordane.

Foto: arkiv / NRK

Regiondirektør i NHO, Jan Atle Stang, meiner det er heilt feil at oljenæringa vil gå tapt i løpet av dei næraste tiåra, og har derimot tru på at petroleumsnæringa vil vekse – også i Sogn og Fjordane.

– Det må eg ha tru på. Og dersom ein satsar på rett måte og ikkje lagar dette til eit politisk slagsmål, så trur eg vi vil få ein vekst framover, seier Stang, som no meiner fylket må jobbe aktivt for å gi Statoil tilbod som gjer at dei kan sjå annleis på satsinga si.

Meiner kjemping har ført fram

Det siste året har det vore mykje fokus på Statoil sine nedbyggingsplanar av baseaktiviteten langs kysten og i Florø. Oljeselskapet ønskjer å legge ned mykje av forsyningsaktiviteten frå oljebasen i Florø frå sommaren 2015. Likevel er Stang optimist.

– Eg trur kanskje vi kan klare å få Statoil med på nokre rundar. No ser eg at det er ein del utskifting av leiinga på det nivået i Statoil som kan gi moglegheiter.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes oppfatta også varslinga frå Statoil som eit slag i trynet, men ho meiner likevel dialogen har vore ryddig og god. Fylkesordføraren trur også at utan kampviljen hennar og i fylket elles, kunne situasjonen ha vore ein heilt annan.

– Eg trur at hadde ikkje eg vore såpass steil som eg har vore, hadde heile seglingsmønsteret vorte endra. No sit vi igjen med Snorre og Visund. Eg meiner det ikkje er godt nok, men slik er no stoda. Eg har også bede om nye møte over nyttår for å få vite meir konkret kva Statoil vil gjere for å kompensere dette, seier Kjelsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Visund-plattformen

VISUND: Saman med Snorre er Visund (biletet) dei einaste plattformene igjen som er tilknytt oljebasen i Florø. Det er for lite, meiner fylkesordførar Åshild Kjelsnes, men ho trur det kunne vore langt verre.

Foto: Statoil

Trur på vekst i oljenæringa

Når det gjeld akkurat denne saka, meiner Stang det er vanskeleg å skulde på nokon i fylket for planane til Statoil, og at det i utgangspunktet er ei Statoil-avgjerd i samband med omstruktureringar som skjer i heile landet.

– Det eg synest er synd i denne saka er at det er blitt ein partipolitisk krangel ut av det. Det er nokre som prøvar å dra partipolitiske gevinstar ut av det. Det synest eg er negativt, og det vitnar igjen om at vi ikkje er i stand til å dra i same enden av tauet her i fylket for å få ei optimal løysing, seier NHO-direktøren.

Det har altså vore tøffe tider for petroleumsnæringa i fylket, men både Stang og Kjelsnes er positive og både trur og håpar at vi skal kunne få oppleve ein vekst i næringa.

– Eg meiner vi har gode moglegheiter til det. Ikkje minst fordi at det er så mange selskap som har lisensar og leiteaktivitet som går føre seg rett utanfor kysten av fylket vårt. Alt vil ikkje slå inn, men noko vil gjere det, og då er det viktig at vi er der for dei og det er ein del av den jobben eg driv med å besøke ulike firma og fortelje om kva vi kan tilby.

– Ein høyrer stadig vekk at om tjue-tretti år er dette slutt. Det er heilt feil. Ein har eit førtiårsperspektiv på Snorre til dømes. Og kva andre næringar er det som kan sjå tjue-tretti år fram i tid? I tillegg er det ein heil haug med leiteområde uti her som endå ikkje er oppdaga, så vi har eit enormt potensial og vi skal få meir ut av det, seier Stang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

USEMJE: Saka om fjorddeponi i Førdefjorden har skapt stor usemje. Til neste år skal saka opp på ny, og den nye regjeringa ser positivt på planane.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

– Ser lyst ut for dei fleste næringar

Også innanfor andre næringar har 2013 bydd på kampar. Dåverande miljøvernminister, Bård Vegar Solhjell (SV) utsette i mars avgjerda om utsleppsløyve, i samband med gruvedrift i Engebøfjellet, i eitt år, medan ein ventar på nye utgreiingar. Om det blir noko av gruvedrifta meiner Stang det vil få store ringverknader. I tillegg meiner han sjømatnæringa har stort potensial dersom dei får utnytta områda sine.

– Det er ein viss optimisme framover. Næringslivet har sjølv sagt at dei har god tru på ei utvikling innanfor dei fleste næringar i fylke. Men det har veldig mykje med korleis vi styrer vårt bu og kva rammevilkår vi får, seier han.

Eit regjeringsskifte vil også kunne påverke framtida til næringslivet i fylket, meiner Stang. Høgre og Framstegspartiet har i planprogramma sine lagt fram ei positiv haldning til fjorddeponi.

– NHO har fått gjennomslag for veldig mange av dei krava vi stilte til denne regjeringa her. Så står det att det å sjå om ein innfrir, for det kostar pengar og det er ganske mykje pengar som skal brukast. Men vi har eit håp om at dette her skal føre til vekst og utvikling også i Sogn og Fjordane.