Hopp til innhold

Fryktar store ringverknader i Florø

Dersom Statoil gjer alvor av planane om omorganisering ved oljebasen i Florø vil det råke ei rekkje bedrifter utanfor sjølve basemiljøet.

FJORD BASE - FLORØ

URO: Dersom Statoil flyttar frå Florø vil det få store ringverknader for ei rekkje underleverandørar.

Foto: Photographer HARALD M. VALDERHAU / Harald M. Valderhaug

Vaskerikonsernet Nortekstil forsynet mellom anna Snorre, Visund og Gullfaks med både senge- og arbeidstøy.

Konsernsjef Leif Gunnar Belsvik seier Statoil er den viktigaste einskildkunden selskapet har i Florø. Skulle driftsforsyninga av oljefelta vest av Florø bli flytta vekk frå kystbyen, kan det fort bety tap av arbeidsplassar, fortel han.

– Verksemda vår er bygd opp rundt mellom anna offshoreverksemd, og Statoil sine aktivitet er betydeleg.

– Rekna i arbeidsplassar så snakkar vi vel fort om ein rundt 15 arbeidsplassar, seier Belsvik.

Kan miste 250 arbeidsplassar

Nortekstil si avdeling i Florø er berre ei av verksemdene som er avhengige av at Statoil driv forsyningane til Snorre, Visund og Gullfaks frå Kystbyen.

Slik det er i dag forsyner Statoil oljeplattformer i Nordsjøen frå tre basar, Ågotnes, Mongstad og Florø. Dei tre basane har overlappande geografi- og funksjonsansvar, slik at båtar frå dei tre hamnene seglar til dei same plattformene.

No vurderer Statoil å forsyne alle plattformene frå Mongstad. For oljebasen i Florø sin del kan det bety at halvparten av dei 500 arbeidsplassane som finst vil forsvinne.

Direktør ved Saga Fjordbase, Agnar Strømsnes, legg ikkje skjul på at dette kan bli dramatisk. Likevel vil han ikkje ta sorgene på forskot.

– Vi skal ikkje gå i skyttargrava. Vi skal jobbe saman med Statoil for å kunne finne løysingar, sa Strømsnes til Firdaposten.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Statoil vurderer å legge om aktiviteten på Vestlandet. Det kan bety endringar både på Ågotnes, Mongstad og i Florø. Der er folk redde for at 200 arbeidsplasser kan forsvinne.

SJÅ TV-SAKA: Mange er skeptiske til at Statoil vil flytte driftsforsyninga si vekk frå kystbyen.

– Viktig del av verksemda

Erik Holmelin har laga ein rapport om framtida for oljeverksemda i fylket. Han seier forsyninga av Snorre er særleg viktig fordi feltet kjem til å produsere olje i mange år.

– Det er ein langsiktig verksemd, Snorre kjem til å vare i 20–30 år til, så dette er ei verdifull verksemd for basen i Florø, seier Holmelin og understrekar samtidig.

– Det er ikkje heile verksemda, ikkje meir enn ein tredjedel, men det er ein viktig del.

– Ikkje noko katastrofe

Likevel trur han oljeindustrien vil halde fram med å vekse i fylket, sjølv om Statoil skulle bestemme seg for å flytte forsyningsaktiviteten sin vekk frå Florø.

– Dette er ikkje noko katastrofe for basen i Florø. Men det er heilt klart eit viktig bein for dei, og mange underleverandørar er avhengige av at Statoil er der, seier Holmelin.

Vil ta saka til departementet

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) er blant dei som er uroa, og fryktar dette kan bli eit hardt slag for oljenæringa i Sogn og Fjordane.

– Det er heilt uakseptabelt om dette skjer, og vi vil gjere det vi kan for å stogge prosessen, sa ho til NRK.no i går.

Sp-politikaren seier ho vil ta saka opp med Olje- og energidepartementet og er klar på at ho ikkje vil fire på krava i denne saka.

– Statoil kan ikkje bryte konsesjonsvilkåra sine, og vi må passe på at dei følgjer krava. Det er blant anna sagt konkret for Gjøa-feltet kor dei skal hente tenestene på land, og der har basen i Florø ei sentral rolle. Vi må sjå til at vårt fylke får dei ringverknadene vi skal ha, sa Følling til NRK.no torsdag.

– Kva kan vi tilby Statoil?

Leif Gunnar Belsvik meiner næringslivet må leite etter moglegheiter så lenge Statoil ikkje har bestemt seg.

– Eg tenkjer at næringslivet i Sogn og Fjordane bør sjå motsett på situasjon. Er ikkje dette eit høve til å tenkje motsett, kva kan vi tilby Statoil no, seier han til NRK.no.